Utløpt

Rektor Lye ungdomsskule

Arbeidsgiver
Time Kommune
Stillingstittel
Rektor Lye ungdomsskule
Frist
16.02.2020
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Time Kommune

Me søkjer ein rektor som er engasjert og har kompetanse om læring, samarbeid og utvikling. Du har analysekompetanse og strategiar for å kunne leie prosessar til det beste for elevane. Ditt fokus er på overordna nivå, og saman med assisterande rektor legg du til rette for prosessar og leiing av lærarane si læring og utvikling. Rektor er einingsleiar og har med det også personal og økonomiansvaret på skulen. 

Skulen ligg sentralt på Lye ca 6 kilometer frå Bryne. Det er ca 85 elevar frå 8.-10. klassetrinn med 16 tilsette. Landskapet i nærområdet innbyr til gode moglegheiter for læring og aktivitetar også i friluft. På Lye ungdomsskule er lokalmiljøet opptekne av skulen sin, engasjerer seg og deltek aktivt i samhandling med skulen. 
Skulane i Time er del av Jærskulen, eit interkommunalt samarbeid om skuleutvikling saman med Hå, Klepp og Gjesdal. Lye ungdomsskule er i leiarnettverk saman med Frøyland ungdomsskule, Vigrestad storskule og Varhaug ungdomsskule. Alle skulane utformar planar der dei set utviklingsmål ut frå analysar av læringsmiljøet og læringsresultat.

Lye ungdomsskule sitt utviklingsområde har tittelen Alle elevane ved Lye ungdomsskule har lærelyst . Målet er at elevane skal vera medverkande i vurdering av eige arbeid, dei skal oppleva ei undervisning som er praktisk og dei skal oppleva framgang i si læring.
Den digitale satsinga i Time kommune medfører at alle elevane på Lye ungdomsskule har kvar sitt læringsbrett (iPad). Det blir gitt kompetanseheving knytt til dette i kollegiet, og er del av fokus i vidare utviklingsarbeid.

Arbeidsoppgåver

Elevane sine læringsprosessar: Ansvar for elevane sine læringsresultat og læringsmiljø
Styring og administrasjon: Ansvar for at skulen sitt samfunnsoppdrag vert innfridd
Samarbeid og organisasjonsbygging: Ansvar for at skulen fungerer godt som organisasjon, og som del av overordna system
Utvikling og Endring: Ansvar for at det skjer utvikling og endring i takt med endringer internt og eksternt.
Leiarrollen: Har eit avklart forhold til eigen leiarrolle og leiarskap.

Kvalifikasjonar

Rektor skal vera ein fagperson med pedagogisk utdanning som har jobba mykje med og i skule. Me ser etter ein leiar med som er utviklingsorientert, har god relasjonskompetanse, gode samarbeidsevner og  som har innsikt og forståing for administrative oppgåver som mellom anna økonomi, personaloppfølging og lovverk. Du har mot til å meina og du kan leia eit motivert kollegium vidare. Det er ønskeleg med vidareutdanning i leiing, eller at du tek leiarutdanning innan to år dersom du ikkje har dette som del av utdanninga. 

Personlege eigenskapar

Evna å leia strategisk, leia utviklings- og endringsprosessar og leiing av kompetanseutvikling

Tilstrekkeleg god fagkompetanse og legitimitet

Evna å bygga eit profesjonsfelleskap, samarbeid og kultur. Vera inspirator og konfliktløysar

Evna å vera tydeleg, demokratisk og sjølvstendig, trygg og modig.

Evna å tilpassa eige leiarskap til eigen personlegdom, eigne forutsetningar og styrkar og svakheiter

Vi tilbyr

Ein utfordrande jobb med gode utviklingsmuligheiter i eit godt arbeidsmiljø. Du vil bli del av eit dyktig leiarkollegium i Time, og del av spanande leiarnettverk i Jærskulen. Det er tett kontakt med fagstab skule og nettverkssamarbeid som støtte og utvikling for deg som leiar. Det blir kravd politiattest for tilsetting i stillinga.

Om arbeidsgiveren



"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune.

Me bruker innovasjon for å utvikla og forbetra tenestene i lag med brukarane. Time kommune skal vera ein trygg og framtidsretta kommune for innbyggjarar, besøkjande og næringsliv. Time kommune har ca 18.500 innbyggjarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og haldeplass for Jærbanen.


 


Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar difor alle som er kvalifiserte til å søkja hos oss; uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet.


Me gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli untatt offentlegheit. Søkjar vil bli varsla før offentleggjering.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Kvartsvegen 5A, 4340 Bryne
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Ledelse,
Undervisning og pedagogikk,
Undervisning og pedagogikk / Rektor / Ass. Rektor

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Eskil Nygaard
Stillingstittel
Kommunalsjef
Telefon
90 58 34 84
Følg firma
605 følger dette firmaet

Kvartsvegen 5A, 4340 Bryne

Annonseinformasjon

FINN-kode 167210424
Sist endret 3. feb. 2020 15:08

Rapporter annonse