Utløpt

Gruppeleiarar for heimetenesta

Arbeidsgiver
Vaksdal kommune
Stillingstittel
Gruppeleiar
Frist
02.01.2020
Ansettelsesform
Fast

Helse og omsorg lyser etter 2 gruppeleiarar i heimebasert omsorg. Begge er 100% stillingar, der 60% er administrasjon og 40% er vakter i turnus i heimesjukepleien. Heimebasert omsorg er den største avdelinga i eininga vår, med fleire underavdelingar. Gruppeleiarane er plassert under avdelingsleiar Katrin på driftskartet og svarer direkte til henne. Stillingane erstattar koordinatorfunksjonen ein har hatt i dag, samt deler av stillinga til tidligare leiar for Helsehus.


Ansvarsområder:

Gruppeleiar A: hovudansvar heimesjukepleie

Gruppeleiar B: hovudansvar Omsorg pluss, praktisk bistand og dagsenter


Gruppeleiarane samarbeider tett med kvarandre og avdelingsleiar. Dei vil ha kvar sine hovudansvarsområde, med fokus på overlapp ved fråvær og ferie. Arbeidsoppgåver og fordelinga av desse kan endrast undervegs. Stillingane vil inngå i einingsleiar si driftsgruppe.


Arbeidsoppgåver for begge eller fordelt mellom gruppeleiarane er blant anna:

- Videreutvikling og forbetring av tenstene våre

- Implementere velferdsteknologi og nye programvarer i drifta

- Plassere oppdrag på arbeidslister, fordel arbeid til tilsette

- Oppfølging av pasientar og pårørande, delta på pasient- og pårørandemøter

- Organisere matombringing

- Vedlikehald av turnusar i dagleg drift

- Oppfølging av bilparken

- Bidra til å formidle vedtatte rammer, lovkrav og styringsdokument i arbeidsgruppa, i tett samarbeid med avdelingsleiar og einingsleiar.


Rolla er utfordrande og spanande.Du får mogleghet til å påverke tenestene til heimebunade i Vaksdal kommune, samt kombinere fag og leiing saman med ei dyktig og kompetent tilsettgruppe.

Personalansvar for tilsette i heimetenesta ligg til avdelingsleiar. Ved fråvær og i feriar vil gruppeleiarane ta over nokre av oppgåvene som ligg til henne. Det vil bli gitt naudsynt opplæring i program, styringdokument, arbeidsmetodar, leiaroppfølging med meir.



Arbeidstid:

- 60% administrasjon og 40% turnus.

- Arbeid kvar 3. helg


Stillinga krev stor grad av tilstadeværing i drifta, og det vert forventa at ein kan arbeide sine fulle 100%.


Krav til kompetanse

- 3. årig høgskuleutdanning

- Sertifikat klasse B


Me ser etter deg som:

- Er fleksiblel, løysningsorientert og kreativ

- Har evne til å tenkje heilheit, men også ha auge for detaljar

- Kan arbeide systematisk og ryddig i prosessar

- Er god på dialog og samhandling både internt og eksternt

- Har god skrifleg og muntleg framstillingsevne

- Taklar å stå i interessekonflikt og krevjande situasjonar


Personlege eigenskapar vert vektlagt.


Lønsvilkår

Etter gjeldande lov og avtaleverk.


Vaksdal kommune kan tilby

Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø. Gode pensjons- og forsikringsordningar.


Slik søkjer du

Klikk på "søk på stilling" og følg vidare instruksjonar.

For tilsette som søkjer på stilling, logg på med eige brukarnamn og passord.

Treng du hjelp, kan du venda deg til Innbyggjarservice tlf: 56 59 44 00, eller personalavdelinga tlf: 992 63 956/453 75 984

Om arbeidsgiveren

Vaksdal kommune har vel 4.100 innbyggjarar. Kommunen ligg sentralt til mellom Voss og Bergen. Bergensbanen og E16 går i tunnel gjennom store delar av kommunen. Reisetid med tog frå Bergen er omlag 45 minutt, frå Voss omlag 35 minutt. Sentral plassering gjer at ein kan nyta godt av både by- og bygdekultur. Kommunen har eit rikt organisasjonsliv med musikk, idrett og lagsliv.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Fagleder
Antall stillinger
2
Sted
Konsul Jebsensgate 16, 5722 Dalekvam
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell,
Sykepleier,
Sykepleier / Eldreomsorg

Nøkkelord

omsorg+, sykepleierstilling, hjemmesykepleie, eldreomsorg

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Sigrunn Stamnes Vik
Stillingstittel
Einingsleiar
Mobil
95 81 80 12
Følg firma
28 følger dette firmaet

Konsul Jebsensgate 16, 5722 Dalekvam

Annonseinformasjon

FINN-kode 164702189
Sist endret 14. jan. 2020 07:52

Rapporter annonse