Utløpt

Dagleg leiar

Arbeidsgiver
Vangen Elektriske AS
Stillingstittel
Dagleg leiar
Frist
31.12.2019
Ansettelsesform
Fast

Vangen Elektriske har hatt stabil vekst dei siste åra, og er i dag den største privateigde installatøren i Indre Hordaland. Med ei sterk lokal forankring er vi tilgjengelege og fleksible. Kombinert med god kapasitet og høg fagleg kompetanse, har Vangen Elektriske det som skal til for å møte ein stadig meir krevjande marknad.

Vi er no på jakt etter ein Dagleg leiar som skal ha det overordna ansvaret for selskapet. Den rette kandidaten har erfaring som leiar, og kompetanse innan økonomi, og/eller administrasjon. Du har kjennskap til tekniske fag så som elektro, bygg, anlegg, hvac eller liknande.

Du må ha fokus på marknadsmoglegheiter i regionen og evna å vidareutvikla desse. Dette gjer du mellom anna gjennom å skapa gode relasjonar til både tilsette, kundar, samarbeidspartnarar og leverandørar. Du skal bidra til eit godt samarbeid, og evna å dra nytte av synergiar i konsernet.

Vi ser etter ein motiverande leiar som skapar entusiasme og ivaretar det gode samhaldet vi har internt. Du må evna å tenkja strategisk og langsiktig, samtidig som du skal ha fokus på den operative drifta og vera jordnær. Du er god til å delegera og å kommunisera tydeleg og direkte.

Dette er ei unik moglegheit til å leia ei verksemd med solid, lokal forankring, og samstundes vera del av eit større konsern. Verksemda har eit godt fag- og arbeidsmiljø og eit godt omdøme.

Høyres dette ut som noko for deg?

Ta kontakt med ein av våre rekrutteringsrådgjevarar hjå Headvisor; Bjørn Horne, tlf. 911 61 390 eller Janne Siri Horne, tlf. 907 21 164. Henvendingar vert om ynskjeleg handsama fortruleg overfor oppdragsgjevar inntil anna er avtala.

Kortfatta søknad med CV sendes snarast og innan 31.12.2019.

Om arbeidsgiveren

Vangen Elektriske AS er totalentreprenør innan elektrofaget, og har over 40 års erfaring frå bransjen. Vi har kompetanse til å utføre alt frå installasjonar til prosjektering og installering av omfattande oppdrag. Hovudkontoret ligg på Voss, har ein omsetnad på ca. 80MNOK og har 55 tilsette.

Eigar av verksemda er konsernet Magnus M.Thunestvedt AS, som har 355 MNOK i omsetning og har 260 tilsette.

For meir informasjon sjå: www.vangen-elektriske.no.

Sektor
Privat
Lederkategori
Direktør
Sted
Brynaskogen 25, 5705 Voss
Bransje
Elektronikk
Stillingsfunksjon
Ledelse,
Økonomi og regnskap / Økonomistyring og budsjettering,
Salg

Nøkkelord

Elektroinstallatør, Økonomi, Administrasjon, Forretningsutvikling, Ledelse

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Janne Siri Horne
Stillingstittel
Rådgiver
Telefon
90 72 11 64
Kontaktperson
Bjørn Horne
Stillingstittel
Rådgiver
Telefon
91 16 13 90
Følg firma
2346 følger dette firmaet

Brynaskogen 25, 5705 Voss

Annonseinformasjon

FINN-kode 164656119
Sist endret 1. jan. 2020 00:07

Rapporter annonse