Utløpt

Sekretariat for ytringsfridomskommisjonen

Arbeidsgiver
Kulturdepartementet
Stillingstittel
Sekretariatsleiar
Frist
05.01.2020
Ansettelsesform
Engasjement
Bli kjent med Kultur- og likestillingsdepartementet
Om stillinga

Ytringsfridom er både ein individuell menneskerett og ein føresetnad for eit fungerande demokrati. Det er 20 år sidan den førre Ytringsfridomskommisjonen greia ut grunnlovsvernet av ytringsfridomen. I mellomtida har det skjedd store endringar som utfordrar ytringsfridomen. For å sjå nærare på dei sosiale, teknologiske, juridiske og økonomiske rammene og føresetnadane for ytringsfridom i vår tid, opprettar regjeringa ein ytringsfridomskommisjon. Arbeidet vil truleg vare i om lag to år.

Kommisjonen treng eit sekretariat. Sekretariatet vert formelt knytt til Kulturdepartementet, men skal rapportere direkte til leiaren for kommisjonen. Sekretariatet skal som eit utgangspunkt bestå av ein leiar og ein medarbeidar.

Mandat: Mandat Ytringsfridomskommisjonen

 


Arbeidsoppgåver
  • Utarbeide tekstutkast, skrive referat og rapportar for kommisjonen
  • Hjelpe leiaren for kommisjonen med å halde framdrift i arbeidet
  • Vere kontaktledd mellom sekretariatet og departementet

Kvalifikasjonar

Du må ha høgare utdanning på master-/hovudfagsnivå som er relevant for utvalsarbeidet, og minimum fem års røynsle som er direkte relevant for stillinga. Kjennskap til saksområdet er ein fordel.

Du må vere god til å uttrykke deg munnleg og skriftleg på norsk. Vi legg elles vekt på at du er analytisk og samfunnsorientert, fleksibel og initiativrik, har stor arbeidskapasitet, og at du har evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert.

Du må kommunisere og samarbeide godt.

Arbeidet krev stor grad av sjølvstende og evne til å sikre framdrift i arbeidsprosessar. Vi legg også vekt på evne til å tenke strategisk og til å koordinere større arbeid.


Stilling og lønn

Stillinga er plassert i stillingskode 1364 seniorrådgivar med brutto årsløn mellom kr 665 000,- og kr 780 000,-.

For spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vere aktuelt.


Inkluderande arbeidsliv og mangfald

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i samfunnet. Det er derfor eit personalpolitisk mål å få til ei balansert samansetjing av tilsette på tvers av alder og kjønn, og å rekruttere personar med innvandrarbakgrunn, nedsett funksjonsevne og personar som har stått utanfor arbeid og utdanning i ein lengre periode. Opplysningar om dette kan bli brukt til registerformål.


Offentleg søkarliste og kontakt

Opplysningar om søkaren kan offentleggjerast sjølv om søkaren har bedt om å ikkje bli ført opp på den offentlege søkarlista. Departementet vil svare på krav om unntak frå den offentlege søkarlista før vi offentleggjer lista.

Vil du vite meir om stillinga, kan du ta kontakt med fagdirektør Lars Brustad på mobil 932 98 447 eller ekspedisjonssjef Christine Hamnen på mobil 976 66 299.


Om arbeidsgiveren

Kulturdepartementet (KUD) har ansvar for den statlege politikken og forvaltninga på områda kultur, medium, idrett, frivillig verksemd, likestilling og diskriminering.

Departementet har om lag 160 tilsette, fordelte på fem avdelingar og ei kommunikasjonseining. Meir informasjon om departementet finn du på www.regjeringa.no.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Grubbegata 1, 0179 Oslo
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Ledelse
Følg firma
1387 følger dette firmaet

Grubbegata 1, 0179 Oslo

Annonseinformasjon

FINN-kode 164433536
Sist endret 16. des. 2019 12:24

Rapporter annonse