Utløpt

Avdelingsleiar for heimestenesta

Arbeidsgiver
Vaksdal kommune
Stillingstittel
Avdelingsleiar
Frist
02.01.2020
Ansettelsesform
Fast

Vaksdal kommune lyser etter 100 % avdelingsleiar for heimetenesta. Heimetenesta omfattar heimesjukepleie, praktisk bistand, dagsenter og bueining for omsorg pluss med fem plassar. Ein har også ansvar for BPA. Stillinga er 100 % administativ stilling utan helg og turnusarbeid. Avdelingsleiar har personalansvar, økonomi- og fagansvar og har 2 gruppeleiarar i delt administrasjon og turnus under seg. 


Det er ei spanande stilling med stort rom for personleg vekst og utvikling. Stillinga inngår i einigsleiar si leiargruppe og svarer direkte til henne. Som avdelingsleiar vil du påverke tenestene til heimebuande i dag og i framtida, både på kort og lang sikt. Tilsette i avdelinga har høg grad av kompetanse og erfaring innanfor sine fagområde.


Arbeidsstad

Dale


Arbeidsoppgåver vil blant anna vere:

- Drifte heimebasert omsorg fagleg forsvarleg ut frå lover og nasjonale føringar og i samsvar med gjeldande vedtak og planar

- Forvalte ressurssar i samsvar med planar og rammer

- Følgje opp budsjett, handlingsplanar m.m

- Oppfølging av personalet med fokus på meistringsorientert leiing

- Overordna ansvar for turnusane til avdelinga

- Disponere gruppeleiarfunksjonane på ein god og hensiktsmessig måte


Me ser etter deg som:

- Har treårig helsefagleg høgskule

- Er fleksiblel, løysningsorientert og kreativ

- Har evne til å tenkje heilheit, men også ha auge for detaljar

- Kan arbeide systematisk og ryddig i prosessar

- Er god på dialog og samhandling både internt og eksternt

- Har god skrifleg og muntleg framstillingsevne

- Taklar å stå i interessekonflikt og krevjande situasjonar



Personlege eigenskapar vert vektlagt.


Relevant leiarerfaring er ein fordel.


Lønsvilkår

Etter gjeldande lov og avtaleverk.


Vaksdal kommune kan tilby

Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø. Gode pensjons- og forsikringsordningar.


Slik søkjer du

Klikk på "søk på stilling" og følg vidare instruksjonar.

For tilsette som søkjer på stilling, logg på med eige brukarnamn og passord.

Treng du hjelp, kan du venda deg til Innbyggjarservice tlf: 56 59 44 00, eller personalavdelinga tlf: 992 63 956/453 75 984

Om arbeidsgiveren

Vaksdal kommune har vel 4.100 innbyggjarar. Kommunen ligg sentralt til mellom Voss og Bergen. Bergensbanen og E16 går i tunnel gjennom store delar av kommunen. Reisetid med tog frå Bergen er omlag 45 minutt, frå Voss omlag 35 minutt. Sentral plassering gjer at ein kan nyta godt av både by- og bygdekultur. Kommunen har eit rikt organisasjonsliv med musikk, idrett og lagsliv.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Konsul Jebsensgate 16, 5722 Dalekvam
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Ledelse,
Sykepleier

Nøkkelord

ledelse, personalansvar, sjukepleier

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Sigrunn Stamnes Vik
Stillingstittel
Einingsleiar
Mobil
95 81 80 12
Følg firma
28 følger dette firmaet

Konsul Jebsensgate 16, 5722 Dalekvam

Annonseinformasjon

FINN-kode 164205241
Sist endret 7. jan. 2020 15:52

Rapporter annonse