Utløpt

Avdelingsleiar for Avdeling psykisk helse og rus

Arbeidsgiver
Ål kommune
Stillingstittel
Avdelingsleiar
Frist
15.12.2019
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Ål Kommune

Beskrivelse avdeling

Ål kommune har ledig ei 100 % stilling som avdelingsleiar for Avdeling psykisk helse og rus, der 50 % er direkte brukerretta arbeid.

Avdelinga gir tenester til alle aldersgrupper og har mange tilbod tilpassa ulike brukargrupper. Vi har godt etablert samarbeid med skular og barnehagar og er ein del av skulehelsetilbodet saman med helsestasjonen. Vi vektlegg førebygging, involvering av foreldre og nettverk og rask respons på alle førespurnader. Tenester til vaksne er tilpassa den enkelte og brukargruppa er frå dei med alvorleg psykisk sjukdom til personar som søkjer hjelp og støtte til å handtere ulike livskriser.

Kommunal psykisk helsehjelp er ei lågterskelteneste, der brukar sjølv kan ta kontakt for hjelp og som sjølv definerer sine hjelpebehov. Viktige samarbeidspartar er fastlege, spesialisttenesta, heimetenestene, Nav, arbeidsplass og sjølvsagt pårørande.  Tenesteorganisering til barn og unge skal gjennomgåast og kan på sikt berøre innhaldet i stillinga.

Arbeidsoppgåver

Som avdelingsleiar vil du ha ansvar for leiing, økonomi- og ressursstyring, planlegging og utvikling av avdelinga. 

Leiaren skal sikre ei god tenesteyting for brukarane og sørgje for gode og trygge arbeidsplassar for dei tilsette. Det skal leggast til rette for støtte og utvikling av medarbeidarar både individuelt og i grupper. Du vil møte ei tverrfagleg gruppe med mange års erfaring, som er godt kvalifiserte og som er vane med å arbeide sjølvstendig. Avdelinga treng ein tydeleg og samlande leiar, som sørger for at dei tilsette har ein trygg og forutsigbar arbeidsplass.


Andre oppgåver for stillinga:

Avdelinga og faget sin kontaktperson i kommunalt utviklingsarbeid og interkommunale nettverk

Bindeledd mellom kommune og spesialistteneta

Pådrivar for plan og utvilkingsarbeid for psykisk helsearbeid på alle nivå

Avdelingsleiar inngår i leiargruppa til kommunalsjef for helse- og omsorgssektoren.

Kvalifikasjonar

Vi ynskjer søkarar med høgare utdanning innan helse- og/eller sosialfag.  Vidareutdanning/master innan psykisk helsearbeid og rus, samt leiarerfaring er en fordel, men ingen føresetnad. Du må like stor spennvidde i oppgåver, gjere raske omprioriteringar om akutte situasjonar krev det, vere fleksibel og finne raske og gode løysingar saman med medarbeiderane.

Me tilbyr

 - støtte og opplæring til alle leiarar

- godt arbeidsmiljø

- dyktige medarbeidarar med høg fagkompetanse og lang erfaring

- løn etter avtale

Politiattest

Stillinga krev politiattest nyare enn tre mnd.

Send søknad

Bruk elektronisk søknadsskjema som ligg på Visma Enterprise - ledige stillingar.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Torget 1, 3570 Ål
Bransje
Helse og omsorg,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Helsepersonell,
Ledelse

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Borghild Ulshagen
Stillingstittel
Kommunalsjef Helse- og omsorgssektoren
Mobil
99 28 78 98
Følg firma
38 følger dette firmaet

Torget 1, 3570 Ål

Annonseinformasjon

FINN-kode 164171921
Sist endret 7. jan. 2020 09:00

Rapporter annonse