Utløpt

Avdelingsleiar Kvam ungdomsskule

Arbeidsgiver
Kvam herad
Stillingstittel
Avdelingsleiar Kvam ungdomsskule
Frist
01.12.2019
Ansettelsesform
Fast

VIL DU VERA MED Å UTVIKLA KVAMMASKULEN?
Me søkjer etter avdelingsleiar til fast 100 % stilling, ledig frå snarast, seinast innan 01.08.2020.

Kvam Ungdomsskule har 263 flotte elevar i 8.-10. klasse. Skulen har eit aktivt og godt arbeidsmiljø, og satsar blant anna på vinterfest der alle 10.klassingane deltek med musikk- eller scenearbeid. Skulen har miljøarbeidar og er pro-aktive for å fremja trivsel og hindra skulefråvær. Dette skuleåret handlar utviklingsarbeidet vårt om Fagfornyinga/ LK20 og auka fagleg trivsel. Hos oss vil du møta fagleg inspirerande og utfordrande oppgåver i gode skulebygg med fint uteområde,  sentralt plassert i Øystese i Kvam.

Rektor og 3 avdelingsleiarar er leiarteamet ved skulen. Rektor har ansvar for den totale drifta pedagogisk, administrativt og økonomisk, medan avdelingsleiarane er fag- og personal-leiarar for kvar sine trinn, 60 % leiing/40 % undervisning. Målet er tydeleg pedagogisk leiing, å vera tett på i det pedagogiske og relasjonelle arbeidet, og utvikla skulen som lærande organisasjon gjennom teamarbeid. Leiing både på individnivå og systemnivå for å utvikla eit trygt og godt skulemiljø. Leiinga arbeider tett med skule-eigar og samarbeider med PPT, helsesøster, psykolog, barnevern, utekontakt og familiesenter.

Kvammaskulen skal vere ein god stad å læra og ein god stad å vera, og me har fokus på godt og trygt skulemiljø for alle.
*Barnehagar og skular deltek i felles utviklingsarbeid med fokus på læringsmiljø og pedagogisk analyse(LP), nyare skuleforsking og oppfylgjing av kartleggingsresultat
*Klasseleiing er felles fagleg satsing på alle skular
*Skulen har støttesystem som gjev rask hjelp til elevar når behov dukkar opp
*Vårt elevsyn er at ungdom gjer så godt dei kan, og me vil stimulera lærelyst

I Kvam herad nyttar me felles leiarverktøy:

*Leiarskap- og medarbeidarskapsplattform: mestringsorientert, innovatørar og effektjegar, lagspelar og profesjonelle
*10-faktorundersøking og meistringsorientert leiarskap
* Compilo doumentbibliotek og avvikssystem
* Lean-filosofi og metodikk, med verdi for brukar i sentrum 

Arbeidsoppgåver

  • personalansvar for tilsette på si avdeling
  • undervisning
  • fagleg ansvarleg for si avdeling
  • vikararbeid, skaffa vikarar og ha opplæring med vikarar
  • laga timeplanar og utarbeida rutinar/skjema/ system for skulen
  • førebu og leia teammøte
  • koordinera aktivitetar på trinnet 
  • delta i tverrfagleg samarbeid og vera rådgjevar for eiga avdeling
  • ansvar for elevane sitt psykososiale miljø
  • vera personalleiar som både støttar og utfordrar
  • delta i utvikling av kollektiv kapasitet ved Kvammaskulane
  • støtta rektor i å driva skulen i samsvar med politiske vedtak og rammer

Kvalifikasjonar

  • Godkjent pedagogisk kompetanse for undervisning på ungdomstrinn og nødvendige leiareigenskapar, jf Opplæringslova § 9-1.
  • Leiarutdanning, til dømes rektorutdanninga  og/eller erfaring frå leiing
  • Erfaring frå ungdomsskule er ei føremon 
  • Ved ny tilsetjing vert det stilt krav om politiattest, jfr. Opplæringslova § 10-9. Attesten skal ikkje vera eldre enn 3 månadar og skal ikkje leverast med søknaden.

Personlege eigenskapar

Me legg vekt på personlege eigenskapar som: 

  • ha stor arbeidskapasitet, godt humør og engasjement
  • gode kommunikasjonsevner; relasjonelt, skriftleg og munnleg
  • ha lyst til å vera i ei mellomleiar-rolle, og sjå at du kan gjera ein skilnad i ei slik stilling
  • evne til å inspirera, rettleia, tenkja nytt og jobba målretta med utfordringar
  • arbeida strukturert og systematisk
  • utvikla teamarbeid og skulen som lærande organisasjon
  • setja i verk og driva utviklingsprosessar på ein motiverande måte
  • evne til å sjå heilskapleg og arbeida systemretta
  • møta utfordringar med løysingsfokus  
  • eit positivt elevsyn: ungdom er ikkje vanskelege, dei kan ha det vanskeleg 

 Me tilbyr

  • godt arbeidsmiljø og teamkultur
  • systemretta utvikling av Kvammaskulen med vekt på kollektiv kapasitet
  • spennande, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
  • ein skule som er på god veg inn i implementering av fagfornyinga  
  • løn etter sentralt og lokalt lønnsystem
  • gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår

    Generell informasjon:

    Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad er ein inkluderande arbeidslivsbedrift (IA) og ønskjer å leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
    I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta.
    Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.

Om arbeidsgiveren

Kvam er inngangsporten frå Bergen for alle som ønskjer å oppleva Hardanger. Berre ein times køyring via Kvamskogen - eit område for aktiv fritid både sommar og vinter, ligg kommunen ved Hardangerfjorden. Me har eit variert næringsliv med jordbruk, industri og handel. Kopla med eit rikt kultur og organisasjonsliv gjev dette eit mangfaldig og levande samfunn for dei 8500 innbyggjarane våre. Me har eit godt utbygd skuletilbod med to vidaregåande skular. Norheimsund er regionsenteret i kommunen og vart i 2013 tildelt Statens pris for attraktiv stad . Her kan du oppleva bygda med bypuls , handlegate, strandveg og bystrand.  Les meir

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Fagleder
Sted
Holmatunvegen 12, 5610 Øystese
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Inspektør

Nøkkelord

Avdelingsleiar, -, ungdomsskule, -, leiarutdanning

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Inga Lill Jensen Tolo
Stillingstittel
Rektor Kvam ungdomsskule
Telefon
95 11 98 65
Kontaktperson
Beate Gauden
Stillingstittel
Leiar barnehage og skule
Telefon
90 59 11 82
Følg firma
50 følger dette firmaet

Holmatunvegen 12, 5610 Øystese

Annonseinformasjon

FINN-kode 163608463
Sist endret 19. nov. 2019 08:49

Rapporter annonse