Utløpt

Kommunikasjonssjef

Arbeidsgiver
Helse Fonna HF
Stillingstittel
Kommunikasjonssjef
Frist
01.12.2019
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Helse Fonna HF

Kommunikasjonssjefen er leiar for kommunikasjonseininga og har ansvar for dagleg drift og fagleg utvikling av eininga. Kommunikasjonssjefen har administrerandedirektør som sin næraste overordna og er ein del av toppleiargruppa i HelseFonna. Det er eit nært samarbeid med kommunikasjonseingane iHelse Vest RHF og i dei andre helseføretaka på Vestlandet. 

Kommunikasjonseininga er rådgivar for føretaket si leiing og dei ulike einingane i føretaket. Eininga har hovudansvar for føretaket sitt kommunikasjonsarbeid, som omfattar intern- og eksternkommunikasjon, mediekontakt og kommunikasjon i krise/beredskap. Eininga har tre årsverk. Eininga jobbar både strategisk, rådgjevande og utøvande. 

Vi søkjer ein fagleg sterk kommunikasjonssjef med solid erfaring frå kommunikasjonsarbeid. Kommunikasjonssjefenvil delta både strategisk, rådgivande og utøvande i Helse Fonna sittkommunikasjonsarbeid.  Kommunikasjonssjefen skal bidra til å utvikle detsamla kommunikasjonsarbeidet retta mot pasientar og pårørande, internt iverksemda og ut mot samfunnet. Helse Vest ligg langt framme nasjonalt bådeinnan utvikling av digital kommunikasjon, innloggingstenester og sjølvbeteningfor pasientar og innan implementering av nye IKT-løysingar for medarbeidarane.Vi ønskjer ein kommunikasjonssjef som er interessert i dette området og somevnar å bruke kommunikasjonsfaglege verktøy for å bidra til god implementeringi desse prosjekta.

Arbeidsoppgåver

  • Leie kommunikasjonseininga med drifts-, budsjett- og personalansvar
  • Ha det overordna ansvaret for føretaket sin intern- og eksternkommunikasjon, herunder mediekontakt 
  • Bidra i arbeidet med Helse Fonna sine overordna strategiar og handlingsplanar
  • Leie og utvikle føretaket sitt strategiske og operative kommunikasjonsarbeid
  • Gi kommunikasjonsfagleg rettleiing og bistand til leiarar og medarbeidarar i føretaket 
  • Vere ansvarleg redaktør for føretaket sitt intranett, nettstad og profilar i sosiale medier
  • Følgje opp den kommunikasjonsfaglege delen av nasjonale, regionale og lokale prosjekt i spesialisthelsetenesta
  • Delta i Helse Fonna si beredskapsleiing og ha ansvar for utvikling og gjennomføring av god krisekommunikasjon

Kvalifikasjonar

  • Relevant høgare utdanning, mastergradsnivå er ønskelig. Omfattande og relevant arbeidserfaring kan kompensere for manglande utdanning
  • Leiarerfaring frå kommunikasjonsarbeid i komplekse organisasjonar 
  • Brei erfaring, fagleg tyngde og tryggleik i kommunikasjonsfaget, også på strategisk nivå
  • Forståing for utviklinga av kommunikasjonskanaler og -plattformer og blikk for utviklinga i mediebildet
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne. Helse Fonna har nynorsk som målform
  • Erfaring frå mediekontakt og krisehandtering 
  • God organisasjons- og systemforståing 
  • Kunnskap om helsevesenet er ønskjeleg
  • God kjennskap til offentleg forvaltning
  • Erfaring med ulike typar publiseringsplattformar og evne til raskt å lære seg nye. Helse Fonna brukar i dag Sharepoint og HelseCim  

Personlege eigenskapar

  • Evne til å sikre godt samarbeid, bygge relasjonar og skape tillit både internt og eksternt
  • Er ein trygg, tydeleg og motiverande leiar
  • Evne til å praktisere openheit og samtidig ta vare på personvernet
  • Stor arbeidskapasitet og høg gjennomføringsevne 
  • Er strategisk og analytisk 
  • Interesse og lyst til å jobbe saman med høgt kompetente medarbeidarar og sterke fagmiljø
  • Har vilje til å ta ansvar for komplekse oppgåver og operative gjeremål 
  • Evne til å setje retning og omsette strategiar til handling

Vi tilbyr

  • Interessante og varierte arbeidsoppgåver med moglegheit for fagleg og personleg utvikling 
  • Samarbeid med løysingsorienterte medarbeidarar med høg fagleg kompetanse
  • Et godt arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kolleger 
  • Gode forsikringsordningar og ei av landets beste pensjonsordningar
  • Løn etter avtale 

Om arbeidsgiveren

I Helse Fonna er vi meir enn 4000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre. Helse Fonna dekker 19 kommunar med rundt 180 000 innbyggjarar. Vi har sjukehus i Odda, Stord, Haugesund og Valen, fire DPS og ti ambulansestasjonar. For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Direktør
Sted
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Kontor og administrasjon

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Olav G. Klausen
Stillingstittel
Administrerande direktør
Telefon
95 23 16 37
Følg firma
155 følger dette firmaet

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Annonseinformasjon

FINN-kode 162551308
Sist endret 20. nov. 2019 09:18

Rapporter annonse