Utløpt

Nynorsk pressekontor søkjer ansvarleg redaktør/dagleg leiar

Arbeidsgiver
Nynorsk pressekontor (NPK)
Stillingstittel
Ansvarleg redaktør/dagleg leiar
Frist
30.11.2019
Ansettelsesform
Fast

Sjefredaktøren vår gjennom ti år, Karoline Riise Kristiansen, blir språksjef i NRK. Vi søkjer derfor ny ansvarleg redaktør/dagleg leiar.

 

Ansvar og arbeidsoppgåver:

 

-       å leie det daglege redaksjonelle arbeidet i NPK, i nær kontakt med NTB-redaksjonen

-       utvikling av organisasjon og medarbeidarar, inkludert ordinært personalansvar for dei tilsette i NPK

-       kontakt med eksisterande og moglege kundar, i dette arbeidet må du rekne med ein del reising

-       styring av inntekter og kostnader i NPK-organisasjonen

-       utvikling av nye tilbod og forretningsområde i tråd med føremålet til stiftinga og i samarbeid med NTB. Eit prosjekt som for tida er under arbeid er eit digitalt verktøy for automatisk omsetjing frå bokmål til nynorsk basert på kunstig intelligens - nynorskroboten .

-       sekretærfunksjonen for styret i Stiftinga Nynorsk pressekontor. Det er stiftarorganisasjonane Noregs Mållag, Kringkastingsringen og Noregs Ungdomslag som peikar ut medlemmene i styret. I tillegg er dei tilsette representerte.

 

 

Kva slags redaktør vil vi ha?

 

Vi leitar etter ein person som

 

-       er stø i nynorsk og glad i å skrive språket

-       har solid erfaring i å gjere redaksjonelle val og vurderingar, og i etisk og kritisk tenking

-       er samfunnsengasjert, har teft for nyheiter og ekte interesse for alle delar av landet

-       liker å samarbeide med andre og oppnå resultat i lag

-       har spenstige idear og gjerne vil prøve ut nye ting, både redaksjonelt og kommersielt

-       har ei trygg hand om organisasjon og økonomi

-       følgjer medieutviklinga nøye, held seg oppdatert på ny teknologi og er ein pådrivar for å ta han i bruk der det er tenleg.

 



Om arbeidsgiveren

Nynorsk pressekontor (NPK) er ei sjølveigande stifting som har som si fremste oppgåve å produsere og distribuere stoff på nynorsk til norske medium. Mottoet vårt er Meir på nynorsk til fleire . Årleg sender vi ut om lag 20.000 artiklar til eit førtitals faste kundar i ulike delar av landet. NPK er finansiert dels av støtte frå Kulturdepartementet, dels av eigne kundeinntekter.

NPK samarbeider med Norsk Telegrambyrå (NTB) for å styrkje posisjonen sin som leverandør av nyheiter og redaksjonelle tenester. Medarbeidarane i NPK, for tida seks i talet, er formelt tilsette i NTB med dei rettar og plikter det fører med seg. NPK har felles lokale med NTB i Hamnelageret i Oslo. Samarbeidet mellom Stiftinga NPK og NTB er regulert i ein eigen samarbeidsavtale.

Sektor
Privat
Lederkategori
Leder
Sted
Langkaia 1, 0150 Oslo
Bransje
Medie- og innholdsproduksjon
Stillingsfunksjon
Journalist,
Ledelse

Nøkkelord

journalistikk, ledelse, redaktør, daglig leder, nynorsk

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Tom Hetland
Stillingstittel
Styreleiar i Stiftinga Nynorsk pressekontor
Mobil
91 18 74 78
Kontaktperson
Mads Yngve Storvik
Stillingstittel
Sjefredaktør og administrerande direktør i NTB
Mobil
90 04 50 79
Følg firma
131 følger dette firmaet

Langkaia 1, 0150 Oslo

Annonseinformasjon

FINN-kode 162501116
Sist endret 18. des. 2019 16:08

Rapporter annonse