Utløpt

Leiar bustad og kvarter

Arbeidsgiver
Forsvarsbygg
Stillingstittel
Leiar bustad og kvarter i region midt
Frist
19.11.2019
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Forsvarsbygg
Forsvarsbygg har ansvar for å ivareta oppgåver knytte til bygg- og eigendomsforvaltninga i Forsvarssektoren. Bustad og kvarter er eit svært viktig personalpolitisk verkemiddel for Forsvaret. Målet til Forsvarsbygg er å "Etablere og utvikle dagens bustad- og kvarterteneste og styrke servicen til leigetakarar og gjestar". Dette vil mellom anna seie å profesjonalisere og effektivisere bustad og kvartertenesta i samarbeid med andre avdelingar i Forsvarsbygg og Forsvaret. Arbeidet vårt skal føre til betre leigetakar- og gjesteopplevingar. Har du lyst å vere med på utviklinga av den nye tenesta, så søker Forsvarsbygg no etter leiar for eininga i region midt. Stillinga rapporterar til eigedomssjef region midt. Mogleg arbeidsstad vil vere Trondheim, Værnes eller Ørland.

Forsvarsbygg er underlagt vilkåra i Offentlighetsloven - jfr særleg Offentlighetslovens § 25.

Les meir om Forsvarsbygg på www.forsvarsbygg.no og på karrieresidene våre www.forsvarsbygg.no/jobb.

Arbeidsoppgåver

  • Leie og koordinere dagleg drift ved bustad- og kvartereininga
  • Personalansvar i eininga
  • Utforme og følge opp budsjett for eininga
  • Planlegge for å imøtekomme Forsvaret sine behov for bustad og kvarter
  • Ansvar for korttidsovernatting
  • Gi innspel til plan og vere med på oppfølging av vedlikehald / drift av bustad og kvarter, her under diverse rapportering
  • Kontaktperson mot Forsvaret
  • Etablere og utvikle ein vertskaps- og servicekultur i organisasjonen
  • Utføre saksbehandling ism utleige av bustader og kvarter, under dette husleigekontraktar og klagebehandling
  • Ta seg av og administrere inn- og utflyttingar
  • Ansvarleg for informasjon som gjeld bustader og kvarter

Kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning frå universitet eller høgskule
  • Relevant leiarerfaring
  • Det er ein fordel med erfaring frå hotell- og reiseliv
  • Relevant arbeidserfaring
  • Det er føresett tryggingsklarering for hemmeleg

Personlege eigenskapar

  • Gode leiareigenskaper
  • Initiativrik og ansvarleg
  • Mål- og resultatorientert
  • Påliteleg
  • Svært gode kommunikasjon- og samarbeidsseigenskaper

Vi tilbyr

  • Lønn som avdelingsleiar (kode 1407), ltr. 65- 78 (583.900-765.100) iht Statens lønnsregulativ
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Gunstige bustadlån i Statens Pensjonskasse
  • Bedriftshelseteneste
  • Gode velferdsordningar
  • Gode høve for personleg og fagleg utvikling

Om arbeidsgiveren




Forsvarsbygg er eit statleg forvaltingsorgan underlagt Forsvarsdepartementet. Vi utviklar, bygger, driftar og avhendar eigedom for forsvarssektoren. I tillegg tilbyr vi ekspertkompetanse til andre delar av offentleg sektor innanfor sikring av bygg, kulturminnevern og avhending. Eigedomsporteføljen vi forvaltar inneheld mange av dei mest særeigne og krevande bygga i landet: frå dei 15 festningane som er tilgjengelege for alle, til militærleirar, skyte- og øvingsfelt og flystasjonar for Forsvaret. Vi har hovudkontor i Oslo med lokasjonar over heile landet, mellom anna Hamar, Harstad, Bergen, Stavanger, Bardufoss og Trondheim.



Forsvarsbygg har som målsetting at arbeidsmiljøet vårt skal pregast av å vere tverrfagleg, mangfaldig og likestilt. Vi oppfordrar alle kvalifiserte til å søke uavhengig av alder, kjønn, religion, seksuell orientering, nedsatt funksjonsevne og etnisk bakgrunn. Vi ønsker å knytte oss til nye medarbeidarar som kan påvirke bedriftskulturen positivt gjennom den personlege og faglege kompetansen sin.


Det gjennomførast forsøk med anonyme søknadar i staten. Anonymiseringa av søknadar skal gjelde den første utsilingsfasen av aktuelle kandidatar som er aktuelle for intervju. Forsøket vert evaluert av Difi, som behandlar anonyme opplysningar om tilsettingsprosessen og det blir utarbeidd ein statistikk over resultatet av forsøket. Opplysningar om enkeltpersonar vil ikkje bli utlevert til andre i høve til forsøket og evalueringa, men reglane om innsyn i offentleg søkarliste og utvida søkarliste gjeld.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Utsiraveien 4, 7045 Trondheim
Flere arbeidssteder
  • 7130 Brekstad
  • 7500 Stjørdal
Bransje
Bygg og anlegg,
Eiendom
Stillingsfunksjon
Ledelse

Nøkkelord

leder, bolig, og, kvarter,, ledelse

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Siv Therese Underland
Stillingstittel
Regionsjef region midt
Telefon
93 44 15 07
Følg firma
3066 følger dette firmaet

Utsiraveien 4, 7045 Trondheim

Annonseinformasjon

FINN-kode 162418640
Sist endret 5. nov. 2019 16:14

Rapporter annonse