Utløpt

Administrerande direktør

Arbeidsgiver
Helse Vest RHF
Stillingstittel
Administrerande direktør
Frist
Snarest og senest 14. februar 2020
Ansettelsesform
Fast

Ein av dei mest spennande og utfordrande leiarjobbane på Vestlandet er ledig frå 2020!

Administrerande direktør i Helse Vest RHF har ansvaret for den daglege leiinga av det regionale helseføretaket og utøvinga av eigarskapet av helseføretaka  i regionen.

Vi søkjer ein tydeleg og samlande leiar med gode kommunikasjonsevner, stor arbeidskapasitet og særs god samfunnsforståing. Aktuelle kandidatar har solid leiarerfaring på strategisk nivå i store komplekse kompetanseverksemder og erfaring frå leiing på område som dekkjar fag, økonomi og politikk. Det er vidare ein fordel med erfaring frå offentleg sektor og kjennskap til helsesektoren.

For meir informasjon om stillinga kontakt vår rådgjevar i prosessen, Per Inge Hjertaker hos Headvisor, tlf. 91729682, eller styreleiar Einar Strømsvåg, tlf. 90079856. Send kortfatta søknad med CV snarast og seinast innan 14. februar 2020.

Fram til søknadsfristen går ut vil alle førespurnader handsamast konfidensielt, om ynskjeleg også overfor oppdragsgjevar. I medhald til offentlighetslova § 25, 2.ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om å ikkje verte oppført på søkjarlista. Du vert varsla dersom unnatak frå offentleggjering ikkje vert teke til følgje. 

Om arbeidsgiveren

Helse Vest RHF (regionalt helseføretak) har det overordna ansvaret for spesialisthelsetenesta i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane. Vi sørgjer for at kring 1,1 million innbyggjarar i regionen får dei spesialisthelsetenestene dei har krav på. Verksemda omfattar spesialiserte helsetenester innanfor fysisk helse, psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert rusbehandling. Våre hovudoppgåver er å sørgje for pasient-behandling, opplæring av pasientar og pårørande, utdanning av helsepersonell og forsking.
Meir om oss på www.helse-vest.no

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Direktør
Sted
NÅDLANDSKROKEN 11, 4034 Stavanger
Bransje
Helse og omsorg,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Ledelse,
Økonomi og regnskap / Økonomistyring og budsjettering,
Forretningsutvikling og strategi

Nøkkelord

Strategisk, Leder, Samfunnsforståelse, Helsesektoren

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Per Inge Hjertaker
Stillingstittel
Rådgiver
Telefon
91 72 96 82
Følg firma
2300 følger dette firmaet

NÅDLANDSKROKEN 11, 4034 Stavanger

Annonseinformasjon

FINN-kode 162403461
Sist endret 19. des. 2019 12:42

Rapporter annonse