Inaktiv

Driftsleiar

Arbeidsgiver
NGIR
Stillingstittel
Driftsleiar
Frist
20.11.2019
Ansettelsesform
Fast

NGIR har fokus på å ta vare på ressursane i avfallet, og har utvikla seg til å bli ei produksjonsverksemd med fokus på innsamling, mottak, sortering og omlasting av avfall til gjenvinning. Vi gir tenester til både hushaldningar og næringsliv.

Som driftsleiar vil du leie og koordinere NGIR sine tre driftsavdelingar. (gjenvinningsstasjonar/sorteringsanlegg, utedrift/deponi og transport). Du vil sikre kostnadseffektiv drift av høg kvalitet og vidareføre verksemda i tråd med utvikling og krav i samfunnet. Dette inkluderer ansvar for styring av prosessar i dagleg drift og produksjon, samt sjå til at arbeidet i vert utført på ein trygg og god måte, i samsvar med driftsløyve og andre krav frå styresmaktene. Driftsleiaren rapporterer til dagleg leiar og vil ha personalansvar for tre leiarar.

Vi ønskjer oss ein trygg og tydeleg leiar med praktisk forståing, forretningsteft og gode sosiale eigenskapar. Vidare ser vi etter ein trygg relasjonsbyggjar med gode samarbeidsevner som kan motivere og inspirere medarbeidarar med ulik utdannings- og erfaringsbakgrunn. Den nye driftsleiaren har høgare utdanning, gjerne med erfaring frå verksemder innan produksjon, bygg og anlegg, transport eller logistikk. Brei erfaring kan kompensere for høgare utdanning. Rett kandidat har god økonomiforståing, og kjennskap til prosjektering, anbods og innkjøpsprosessar. Forståing og interesse for samspelet mellom forretning, fag, miljø og politikk vil vere positivt Vi ønskjer oss kandidatar med ein motiverande og inkluderande leiarstil, som har fokus på å skape resultat saman med medarbeidarane. Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner er ein føresetnad.

Vi tilbyr ei utviklande stilling, med kompetente og stabile medarbeidarar, og med høve til fagleg oppdatering. Løn etter avtale og pensjon/forsikring i KLP.

For fleire opplysningar kontakt Mercuri Urval v/ Anders Kleppe Norheim tlf. 975 59 059 eller Gro Reinertsen tlf. 975 59 058. All uformell kontakt med Mercuri Urval vert handsama konfidensielt, om ynskjeleg også overfor oppdragsgivar. Søk på stillinga snarast, og seinast 20.11.2019.

Om arbeidsgiveren

NGIR - Nordhordland og Gulen Interkommunale Renovasjons-selskap IKS - tek seg av den offentlege renovasjonen i kommunane Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Radøy og Solund. I tillegg tilbyr selskapet avfallstenester til næringslivet i regionen. NGIR sitt avfallsanlegg og administrasjon ligg i Kjevikdalen i Lindås kommune, om lag 35 min frå Bergen sentrum. NGIR har om lag 60 tilsette

Nettverk
Facebook
Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Lindåsvegen 1260, 5956 Hundvin
Bransje
Renovasjon og renhold
Stillingsfunksjon
Ledelse

Nøkkelord

kommunikasjon, logistikk, samfunnsansvar

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Gro Reinertsen
Stillingstittel
Direktør
Telefon
975 59 058
Nettverk
LinkedIn
Kontaktperson
Anders Kleppe Norheim
Stillingstittel
Konsulent
Telefon
975 59 059
Nettverk
LinkedIn
Følg firma
1381 følger dette firmaet

Lindåsvegen 1260, 5956 Hundvin

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Annonseinformasjon

Rapporter annonse

FINN-kode 162030615
Sist endret 21. nov 2019 00:09