Utløpt

Biblioteksjef

Arbeidsgiver
Ullensvang kommune
Stillingstittel
Biblioteksjef Ullensvang kommune
Frist
27.10.2019
Ansettelsesform
Fast

Saksnr.: 19/991

Ullensvang kommune søkjer etter verksemdsleiar for bibliotek og kino i 100% stilling.

Me søkjer deg som vil ta utfordringa med å leia og byggja ei felles bibliotekteneste for den    nye kommunen. Verksemda Ullensvang bibliotek består av eit hovudbibliotek i Odda rådhus, avdelingsbibliotek i Kinsarvik og Jondal, og filial og utlånsstasjonar på Utne, Nå, Lofthus, Skare og Røldal. Personalet er totalt 7,38 årsverk, der 1.38 årsverk er knytt til kino.


Odda kino har eigen driftsleiar, og biblioteksjefens rolle er knytt til overordna ansvar for budsjett, personal og utvikling.


Ullensvang bibliotek skal både vera forankra i tradisjon, kompetanse og lov for folkebiblioteket, men også vera innovativ, kunnskapssøkande og ope for brukarane og samfunnet rundt. Ullensvang bibliotek skal vera ein viktig kulturaktør og samarbeidspart for Litteratursymposiet og andre kulturaktørar, institusjonar og organisasjonar.

Ullensvang bibliotek skal vera ein inkluderande møteplass der mangt og mykje skjer, og alle kan finna si bok, sin krok eller sitt arrangement.


Hovudarbeidsoppgåver for stillinga:

• Leiing og dagleg drift av biblioteket

• Utvikling av biblioteket og kino i tråd med kva samfunnet og brukarane treng og etterspør

• Personaloppfølging og -utvikling

• Økonomistyring med budsjett og rekneskapsansvar

• Å bidra til gode brukaropplevingar

• God samhandling med skular, barnehagar, samt ulike interne og eksterne aktørar

• Regionalt samarbeid med biblioteka i Hardanger og på Voss


Kvalifikasjonar for stillinga:

• Minimum 3-årig utdanning innan bibliotek- og informasjonsfag, eller tilsvarande godkjent utdanning

• Ynskjeleg med leiarerfaring

• Ynskjeleg med god digital kompetanse, og kunnskap om formidling 

• Samfunnsorientert, litteratur- og kulturinteressert


Personlege eigenskapar:

• Tydeleg, open, raus og kreativ

• Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner

• Beslutningsdyktig og med god gjennomføringsevne

• Positiv, med evne til å involvera og skapa engasjement

• Proaktiv med evne til omstilling og nytenking


Ullensvang kommune kan tilby:

• Ein interessant, utfordrande og meiningsfylt jobb med gode høve til utvikling

• Ein sentral rolle i utviklinga av nye Ullensvang kommune

• Eit stabilt, godt arbeidsmiljø med kompetente medarbeidarar

• Arbeidsplass på Odda bibliotek, historisk sett eit fyrtårn i biblioteklandskapet

• “Tett på” Odda-forfattarane

• Løn etter avtale og gode pensjonsvilkår


Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Opheimsgata 31, 5750 Odda
Bransje
Kunst og kultur,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Ledelse

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Else Marie Sandal
Mobil
97 55 84 87
Følg firma
74 følger dette firmaet

Opheimsgata 31, 5750 Odda

Annonseinformasjon

FINN-kode 160539132
Sist endret 26. nov. 2019 13:28

Rapporter annonse