Utløpt

Dagleg leiar

Arbeidsgiver
Lustrabadet KF
Stillingstittel
Dagleg leiar
Frist
10.11.2019
Ansettelsesform
Fast
Har du lyst på ei spanande leiarstilling i Sogn, og bidra til vidareutvikling av Lustrabadet?

Vi ser etter ein dagleg leiar som kan leie Lustrabadet KF med sine ambisjonar om utvikling og vekst. Lustrabadet KF er ei kommunal bedrift med solid økonomi, og ei sterk merkevare i Sogn. Du må være allsidig, flink med folk og kunne skape eit positivt driv og engasjement i heile organisasjonen.


Sentrale arbeidsoppgåver og ansvarsområde:

  • Øvste leiar for heile anlegget. Dette inkluderer ansvar for personell, drift, teknisk drift, HMS, internkontroll, økonomistyring og budsjett
  • Personalansvar for ca. 10 stillinger (heiltid og deltid)
  • Rekruttering av personell
  • Marknadsføring og sal. Finne, vurdere og etablere nye samarbeidsrelasjonar
  • Ha god og utstrakt kundekontakt, med både etablerte og nye kundar
  • Mediehandtering og omdømmebygging. Vere ein god ambassadør for Lustrabadet KF
  • Etablere ein velfungerande og driftseffektiv organisasjon med tilsette som har lyst til å stå på for Lustrabadet. Skape positivt engasjement, og få med seg heile ‘laget’
  • Utarbeide, formalisere og etablere styringssystem for Lustrabadet i heile organisasjonen
  • Ha styring og kontroll på administrasjonsarbeidet, oppfølging mot styret, inkl. strategiplan m.m.


Kvalifikasjonskrav:

  • Ynskjeleg med bachelor grad, men manglande utdanning kan kompenserast med relevant erfaring
  • Må ha erfaring med personalansvar
  • Flink med folk og god på å skape eit godt samspel i organisasjonen. Entusiastisk og drivande
  • Vere tydelig og bestemt
  • Erfaring med økonomistyring
  • Komfortabel med bruk av ulike digitale systemer og verktøy


Innhaldet i stillinga vil vere variert og du vil ha stor påvirkningsmuligheit på utviklinga av Lustrabadet. Badelandet ligg 25 minuttar frå Sogndal med bil. Har du lyst til å bu i Sogn kombinert med ei spanande leiarstilling, er Lustrabadet ei attraktiv bedrift. 

Ved spørsmål kontakt styreleiar Ingar Norberg på tlf. 941 83 960, eller ein av våre rekrutteringsrådgivarar hjå Headvisor AS; Asbjørn Grini på tlf. 917 94 825, Bjørn Horne på tlf. 911 61 390.

Kortfatta søknad med CV sendast snarast, men innan 10.november. Om ynskjeleg blir henvendingar behandla fortruleg ovenfor oppdragsgjevar inntil anna er avtalt.

Om arbeidsgiveren

Lustrabadet er eit av Norges flottaste badeanlegg og ligg i Gaupne, Luster. Luster ligg midt i hjartet av Sogn tett på Sognefjorden, Sognefjellet og Nigardsbreen. Badelandet inneheld 2 ulike barnebasseng, sklier, 25 meter basseng, velværeavdeling med grotte, varmebasseng, badestover og utekulpar.

Lustrabadet driv eigen kafé og butikk, ogarrangerer jamnleg ulike typar arrangement; treningssamlingar, gruppetrening, badebursdag, baby / småbarnssymjing osv. Rett i nærheita finner du også Sogn skisenter.

Lustrabadet KF er et kommunalt føretak som er eigd av Luster Kommune. Lustrabadet KF sin visjon er at badelandet skal vere ein attraksjon der TRENING, OPPLEVINGAR og HELSE står i sentrum.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Direktør
Sted
Rådhusvegen 7, 6868 Gaupne
Bransje
Velvære
Stillingsfunksjon
HMS,
Ledelse,
Økonomi og regnskap / Økonomistyring og budsjettering

Nøkkelord

Ledelse, Service, Opplevelser, Forretningsutvikling, Administrasjon

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Asbjørn Grini
Stillingstittel
Rådgiver
Mobil
91 79 48 25
Kontaktperson
Bjørn Horne
Stillingstittel
Rådgiver
Mobil
91 16 13 90
Følg firma
2324 følger dette firmaet

Rådhusvegen 7, 6868 Gaupne

Annonseinformasjon

FINN-kode 160525061
Sist endret 26. nov. 2019 13:12

Rapporter annonse