Utløpt

Her kan du leika i snøen om kvelden og ha ein spennande jobb om dagen

Arbeidsgiver
Voss kommune
Stillingstittel
Leiar for nyoppretta prosjektavdeling
Frist
31.10.2019
Ansettelsesform
Fast

Voss herad omorganiserer tenestene innan prosjektleiing og opprettar ei prosjektavdeling innan tekniske tenester, og søkjer etter leiar for denne i 100% stilling.

Arbeidsoppgåver i prosjektavdeling

Prosjektavdelinga vil få ansvar for alle større investeringsprosjekt innan bygg og prosjekt i heradet frå idefase til ferdig bygg.

Oppgåvene vil vera:

  • Utarbeida og vedlikehalda styringssystem og malar
  • Organisera og bemanna dei ulike prosjekta med ressursar frå avdeling for bygg og eigedom samt representantar frå andre aktuelle kommunalavdelingar i heradet
  • Følgja opp vedtekne utbyggingsavtalar
  • Gjennomføra prosjekt innanfor dei rammer som er sett for kvalitet, framdrift og økonomi


Me søkjer deg som har

  • Kompetanse innan prosjektleiing, gjerne høgare utdanning innanfor relevante fag
  • Helst kompetanse og erfaring som byggjeleiar/prosjektleiar, gjerne med kjennskap til norsk standard og Plan og bygningsloven
  • Kjennskap til offentleg forvaltning, her under regelverk for Offentlege anskaffelsar
  • Gode datakunnskapar
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne. Kommunen nyttar nynorsk som målform
  • Serviceinnstilling, samarbeidsevne og evne til å oppnå resultat
  • Engasjement og stå på-vilje

Me tilbyr

  • Ein trygg og god arbeidsstad med spennande oppgåver
  • Ein inkluderande arbeidsplass der me legg til rette for fagleg og personleg utvikling
  • Høve til å påverka eigen arbeidskvardag
  • Eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
  • Mektig natur, ski- og fritidsterreng med aktivitetar frå fjord til fjell
  • Ei levande kulturbygd med gode oppvekst- og utdanningsvilkår
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
  • Hjelp til å skaffe bustad og barnehageplass

Søknad

Voss kommune ynskjer eit større aldersmangfald mellom dei tilsette, og oppmodar difor yngre arbeidstakarar om å søkje. Kommunen har eit personalpolitisk mål om at arbeidsstaben skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt, både når det gjeld kjønn og kulturelt mangfald. Alle medarbeidarar vert tilsett i Voss kommune og ikkje på den einskilde arbeidsstad. Frå 01.01.2020 vert tilsetjinga vidareført frå Voss kommune til Voss herad. Søkjarar må kunna snakka norsk og skriva nynorsk.


Søk på stillinga ved å klikke på knappen til høgre. Hugs å gje opp referansar. Attestar og vitnemål skal leggjast ved elektronisk eller sendast Voss kommune, boks 145, 5701 VOSS, merka med stillingsreferanse. Søknadspapira vert ikkje returnerte. Ifølgje Offentleglova §25 skal det svært gode grunnar til for å skjerme søkjarar frå offentleg søkjarliste.

Om arbeidsgiveren

Voss - bygd for sterke opplevingar

Det er lett å bu og trivast på Voss, for i tillegg til å eta smalahove eller hoppa i fallskjerm, har me mykje meir å by på!

Voss kommune og Granvin herad slår seg saman til Voss herad frå 2020. Det nye heradet får om lag 15.500 innbyggjarar, med Vossevangen som regionssenter. Bygda vår er senter for utdanning i regionen og har eit godt utbygd næringsliv. Voss er eit knutepunkt langs stamvegen aust - vest, og har godt togsamband til Bergen og Oslo.

Voss herad får om lag 1350 tilsette. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Kan du identifisera deg med verdiar som profesjonell, påliteleg, skapande og inkluderande, kan du bli ein del av laget vårt. På vanleg vossa-vis går me for å bli verdas beste herad.

Nettverk
Facebook
Sektor
Offentlig
Lederkategori
Fagleder
Sted
Uttrågata 9, 5701 Voss
Bransje
Bygg og anlegg,
Konsulent og rådgivning,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Prosjektledelse,
Ingeniør,
Rådgivning

Nøkkelord

styringssystem, prosjekt-/ressursplanlegging, anskaffelsesprosesser, bygge-/prosjektleder, styringssystem

Video

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Torbjørg Austrud
Stillingstittel
Kommunalsjef teknisk
Mobil
91 87 42 00
Følg firma
170 følger dette firmaet

Uttrågata 9, 5701 Voss

Annonseinformasjon

FINN-kode 160085198
Sist endret 21. nov. 2019 18:00

Rapporter annonse