Utløpt

Kommunalsjef for Oppvekst og kultur

Arbeidsgiver
Årdal kommune
Stillingstittel
Kommunalsjef for Oppvekst og kultur
Frist
12.11.2019
Ansettelsesform
Fast

Me har ledig

stilling som kommunalsjef og brenn du for eit godt oppvekstmiljø for barn og unge? Er du ein strategisk og samlande toppleiar som vil vera med å styrke og vidareutvikle Årdal kommune saman med dyktige og engasjerte medarbeidarar?

Med atterhald om politisk godkjenning i samband med budsjettprosessen for 2020, søkjer me etter ein handlekraftig og tillitsbyggjande toppleiar som skal leia oppvekst- og kultur sektoren.

Kommunalsjefen har eit heilskapleg leiaransvar, med økonomiansvar, personalansvar, fagansvar og utviklingsansvar.

Kommunalsjefen inngår i rådmannen si leiargruppe.


Ansvarsområde

Årdal kommune er organisert i 3 kommunalsjefsområde og det er ein av desse du skal leie. I tillegg har kommunen stabs-og støttefunksjonar.

Kommunalsjefen vil få ansvar for 2 grunnskular inkl. vaksenopplæring, 6 barnehagar, PPT, barnevern, kulturskule, bibliotek, kino og ungdomsarbeid. Kvart område har sin leiar med delegert fag, personal og økonomiansvar. Dei rapporterer til kommunalsjef. Det er tilsaman 203 tilsette i området, fordelt på 172 årsverk. Den som vert tilsett vil få ansvar for styring av eit budsjett på ca 117 mill.


Kvalifikasjonskrav

Me ynskjer ein kommunalsjef med relevant høgare utdanning.

Du bør ha erfaring frå eit eller fleire av tenesteområda sine faglege arbeidsfelt.

Kjennskap til kommunal verksemd er ei føremon.

Du må også ha leiarerfaring og kunnskap om budsjett og økonomistyring.


Personlege eigenskapar

Arbeidsgjevarpolitikken til Årdal kommune set tydlege føringar for leiarrolla.

Me ynskjer ein kommunalsjef som jobbar strukturert og målretta, er god på relasjonsbygging, har evne til å skape tillit og eit godt omdømme både innad og utad.

For å lukkast i rolla er det viktig at du er utviklings- og løysingsorientert i di tilnærming til andre og har ei tydleg åtferd.


Løn og tilsetjingsvilkår

Løn etter avtale. Offentleg tenestepensjon og forsikringsordning.

Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune

Tiltredning etter nærare avtale.


Søknadsprosedyre

Gå til ledige stillingar på Årdal kommune si heimeside www.ardal.kommune.no

Der får du lista opp stillingar som er lyst ut. Klikk på den stillingen du vil søkje på, vel "søk stilling" i høgre bilete. Logg deg på med brukarnamn og passord.


Dersom du allereie er tilsett i kommunen eller har vore søkjar før så bruk tildelt brukarnamn/passord eller bruk "gløymt passord". Er du ny søkjar så må du registrere deg.


Følg instruksjon og trykk neste for å komme vidare.

NB! Det er kun endringar i CV som vert lagra dersom du loggar deg ut før du har sendt søknaden.


Alle søknader på ledige stillingar i Årdal kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp til innlegging, ta kontakt med Personalstaben på tlf. 57 66 50 00.


Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken.

Årdal kommune praktiserer meiroffentlegheit. Opplysning om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda om det motsette. Søkjar vil da bli kontakta i framkant. Jfr. Off.lova § 25.

Om arbeidsgiveren

Årdal kommune: #årdalmeirenndutrur #ardalkommune #mittårdal og mykje meir.

Når du kjem inn fjorden og trur du snart ikkje kan komma lengre, der finn du Årdal kommune, industribygda med urørt natur og kort veg til nasjonalparken Jotunheimen.

Årdal kommune kan smykka seg med å vera vertskap for fleire populære festivalar, både
musikk og friluftlivretta, som trekker til seg folk frå fjern og nært. Kommunen har aktive
grupper innan alt ein kan driva med på fjord og i fjell og er ein kulturell- og idrettsaktiv
kommune.

Kommunen har 6 barnehagar, 2 skular, 1 vidaregåande skule. Vi har og bedriftshytte for
tilsette og kan yte lån/tilskot til tilsette som skaffar seg eige husvære i kommunen. Meir
informasjon om kommunen på heimesida vår www.ardal.kommune.no. Sjekk oss
gjerne på Facebook og.

Alle er hjarteleg velkomne til oss!

Nettverk
Facebook
Sektor
Offentlig
Sted
Statsråd Evensensveg 4, 6885 Årdalstangen
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Ledelse

Nøkkelord

Leiar, Kommualsjef, Oppvekst, Kultur

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Stig Stark-Johansen
Stillingstittel
Rådmann
Mobil
92 41 48 87
Følg firma
6 følger dette firmaet

Statsråd Evensensveg 4, 6885 Årdalstangen

Annonseinformasjon

FINN-kode 160062168
Sist endret 21. nov. 2019 13:28

Rapporter annonse