Utløpt

Leiar for barnehagemynde og barnehageutvikling

Arbeidsgiver
Os kommune
Stillingstittel
Leder
Frist
31.10.2019
Varighet
Fast
Bli kjent med Os kommune

Vi har ledig 100 % fast stilling som leiar for banehagemynde og barnehageutvikling. Stillinga er organisert i Oppvekstområdet. Leiaren rapporterer til kommunalsjef og inngår i kommunalsjefen sin leiargruppe. Vi tilbyr eit inspirerande fagmiljø der vi jobbar tverrfagleg for å gi barn, unge og deira familiar treffsikre tenester. Oppvekst og levekår står sentralt i kommunen og vi legg vekt på livsmeistring og gode oppvekstmiljø.

Bjørnafjorden kommune har 24 barnehagar og ca.1450 barnehagebarn. Ca. 76% av barna går i private barnehagar.

Arbeidsstad
Bjørnafjorden kommune. Oppmøtestad er Os rådhus.

Arbeidsoppgåver
Leiar for barnehagemynde og barnehageutvikling har eit overordna ansvar for barnehageutvikling, rådgiving og tilsyn i Bjørnafjorden kommune. Leiaren for dette fagområdet/avdelinga har eit overordna ansvar for å sikre gode og likeverdige barnehagetilbod til alle barn uavhengig av eigar. Leiar for barnehagemynde og barnehageutvikling skal vere pådrivar i internt innovasjons- og organisasjonsutviklingsarbeid for å sikre likeverdige, gode og bærekraftige tenester på barnehageområdet.

Som leiar for barnehagemynde og barnehageutvikling skal du:
- vera utøvande barnehagemynde og ha ansvar for forvaltningsoppgåver på barnehageområdet 
- drive utviklingsarbeid i heile barnehageområdet uavhengig av barnehageeigar
- drive rettleiing og tilsyn i tråd med barnehagelova
- ha ansvar for saksutgreiing til politiske utval
- ivareta personalansvar for tilsette i avdelinga i tråd med delegasjon, retningsliner og lovverk

Kvalifikasjonar
Relevant pedagogisk utdanning på høgskulenivå.
Brei forvaltningskompetanse og god innsikt i lovverk innan offentleg forvaltning og barnehagesektoren.
Leiarerfaring og erfaring frå barnehagefeltet.

Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent.
Søkjar må ha gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar. Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune.

 Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.

Ønska kvalifikasjonar
Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar. Vi ser etter ein leiar som er nytenkjande og engasjert. Du legg vekt på å drive fram forbetringar og gode tverrfaglege løysingar. Du har gode evner til samarbeid og å bygge gode relasjonar.

Du har kjennskap til politiske, økonomiske og administrative forhold og samanhengar.
Du kan vise til kompetanse i endringsleiing og kulturbygging.
Du har god kompetanse i bruk av digitale løysingar og IKT verktøy på barnehageområdet.

Vi tilbyr
- spanande leiarstilling i ei teneste i utvikling
- faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- tverrfagleg samarbeid med dei ulike tenestene i kommunen
- gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter avtale

Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen.

Slik søkjer du
Klikk på "søk på stilling" og følg vidare instruksjonar.

Eksterne søkjarar må oppretta brukarnamn og passord før dei loggar seg på første gang.

Tilsette i kommunen er allereie definert som brukar i systemet, og skal ikkje registere seg på nytt. Dersom du ikkje har internt brukarnamn og passord, kan du få dette tilsendt på e-post via funksjonen "Glemt brukernavn/passord" eller ta kontakt med personalavdelinga

Om arbeidsgiveren

Os kommune ligg sør på Bergenshalvøya, der kyst- og fjordlandskapet møtest. Kommunen kan by på dei vakraste natur- og kultur-opplevingar, og elles dei fleste tenester både fastbuande og tilreisande har bruk for. Os er ein inspirerande kommune med stor vekst og utvikling. Vi treng medarbeidarar som meiner entusiasme inspirerer, som lyttar med respekt, gjer det dei seier og skaper resultat.

Søknad merkes
2961/VELA/HEGR
Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
TORGGATA 7, 5202 Os
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Ledelse,
Saksbehandler,
Undervisning og pedagogikk

Nøkkelord

Barnehageutvikling, Forvaltning, Tilsyn, Rådgivning, Ledelse

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Line Rye
Stillingstittel
Kommunalsjef
Telefon
406 24 411
Følg firma
256 følger dette firmaet

TORGGATA 7, 5202 Os

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Annonseinformasjon

Rapporter annonse

FINN-kode 160056747
Sist endret 10. okt 2019 14:29