Utløpt

Direktør for Medisinsk klinikk

Arbeidsgiver
Helse Førde
Stillingstittel
Direktør Medisinsk klinikk
Frist
27.10.2019
Ansettelsesform
Fast

Direktør for Medisinsk klinikk skal tre av med pensjon. I den samanheng vert det lyst ut fast stilling som Direktør for Medisinsk klinikk. 

Direktør for Medisinsk klinikk Helse Førde har ansvar for eit brutto budsjett på 840 millionar kroner, og om lag 660 årsverk. Klinikken er sentral for at vi skal kunne yte god pasientbehandling innanfor eit stort spekter av fagområde ved Førde sentralsjukehus, Lærdal sjukehus og Nordfjord sjukehus.

Klinikken femner mellom anna om: Medisinsk avdeling, avdeling for samhandling og tverrprofesjonelle tenester, kreftavdeling, barne- ungdoms avdeling, avdeling for revmatologi, rehabilitering og nevrologi, hudavdeling, klinisk kjemisk laboratorium med blodbank, mikrobiologi, patologi og radiologi. 

Klinikken har verksemd på alle dei tre sjukehusa i fylket. Kvinner vert oppmoda om å søkje.
Tiltreding: 01.03.2020.

Arbeidsoppgåver

  • Vi søkjer ein handlingsorientert direktør som kan leie arbeidet med å utvikle klinikken vidare gjennom å skape entusiasme for utviklingsarbeid
  • I tillegg til å drive ein stor organisasjon med mange og komplekse oppgåver, er vi ute etter ein person som kan tenkje heilskapleg og utføre jobben med Helse Førde sitt beste som mål
  • Direktøren inngår i administrerande direktør si leiargruppe

Kvalifikasjonar

  • Stillinga føreset høgare utdanning
  • Utdanningsnivå: høgskule/universitet, hovudfag/mastergrad 
  • Leiarerfaring frå og kunnskap om spesiallisthelsetenesta er ein fordel
  • Føretaket er i endring og du må vere oppteken av forbetringsmetodikk og vere innstilt på å arbeide med langsiktige prosessar saman med tilsette på alle nivå

Personlege eigenskapar

  • Gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar, både for å kunne leie ein klinikk med høg kompetanse og for å kunne etablere nødvendig dialog med andre avdelingar, og eksterne samarbeidspartnerar
  • Det vert vektlagt at søkjaren har gode leiareigenskapar, med evner til og erfaringar frå å gjennomføre endringsprosjekt i ein kompetanseorganisasjon  

Vi tilbyr

  • Vi tilbyr eit godt og utfordrande arbeidsmiljø
  • Rett person vil få store moglegheiter til å påverke viktige leiings- og utviklingsprosessar i organisasjonen
  • Løn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 

Om arbeidsgiveren

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 000 tilsette og eit budsjett på 2,8 milliardar kroner og er den største verksemda i fylket. Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Helse Førde skal så langt råd spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetnad, og å rekruttere kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Direktør
Sted
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Ledelse

Nøkkelord

Direktør,, Medisin,, Helseføretak,, ledelse,

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Arve Varden
Stillingstittel
Administrerande direktør
Telefon
99 21 93 52
Følg firma
68 følger dette firmaet

Svanehaugvegen 2, 6812 Førde

Annonseinformasjon

FINN-kode 159980380
Sist endret 14. okt. 2019 15:34

Rapporter annonse