Utløpt

Avdelingssjef

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Avdelingssjef
Frist
28.10.2019
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus

Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi har om lag 280 tilsette og er den største av fem laboratorieavdelingar i Laboratorieklinikken. Avdelinga utfører over 10 millionar analysar årleg og har ein særs viktig og sentral funksjon i Laboratorieklinikken mellom anna når det gjeld preanalytisk verksemd, drift av Kjernelaboratoriet og IKT (laboratorieinformasjonssystem). Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi er lokalisert til Laboratoriebygget med ei rekkje seksjonar. I tillegg har avdelinga seksjonar ved Sentralblokka, Kvinneklinikken, Barne- og ungdomsklinikken, Nevroklinikken, Kysthospitalet i Hagevik, samt ei ekstern prøvetakingseining i Bergen sentrum. RELIS vest og Nasjonalt kompetansesenter for porfyrisjukdomar er organisert i avdelinga, og det er eit tett samarbeid mellom avdelinga og Biobank Haukeland med felles personell. Avdelinga er akkreditert.

Laboratorieverksemda vert stadig viktigare for diagnostikk og pasientbehandling, og god samhandling mellom laboratoria, dei kliniske avdelingane i sjukehuset og eksterne rekvirentar er derfor svært viktig. Avdelinga har ein sentral posisjon innan forsking ogutdanning ved sjukehuset. Ein forventar at avdelingssjefen vert ein pådrivar for å leggje til rette for forsking ogutdanning, og det vil bli opna for at den som vert tilsett kan habistilling ved universitetet dersom den akademiske kompetansen er tilfredstillande.

Som avdelingssjef ved Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi vil du rapportere til klinikkdirektør og ta del i leiargruppa i Laboratorieklinikken.

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for organisering og drift av avdelinga
  • Overordna personalansvar for alle ved avdelinga
  • Leggje til rette for utvikling og forsking av høg kvalitet
  • Ansvar for god samhandling innad i Laboratorieklinikken og med kliniske avdelingar, eksterne rekvirentar, andre sjukehus i regionen, samt nasjonale og internasjonale institusjonar og universitet

Kvalifikasjonar

  • Helsefagleg/laboratoriefagleg utdanning på høgskule/universitetsnivå
  • Relevant leiarerfaring frå tilsvarande verksemd
  • God innsikt i nasjonale og internasjonale utviklingstrekk innan faget
  • Erfaring frå samarbeid på tvers av institusjonar og avdelingar

Personlege eigenskapar

  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Evne til å motivere medarbeidarane
  • Høg gjennomføringsevne, strategisk og målretta
  • Endringsvillig
  • Må trivast i eit tverrfagleg og aktivt miljø
  • Vere tydeleg på forventningar og tilbakemeldingar

Vi tilbyr

  • Vi tilbyr konkurransedyktige vilkår for den rette søkjaren
  • Utfordrande arbeidsoppgåver
  • Høgt fagleg nivå
  • Godt arbeidsmiljø
  • God pensjons- og forsikringsordning

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Ledelse,
Lege,
Helsepersonell / Bioingeniør

Nøkkelord

Leiar,, laboratorium,, medisinsk, biokjemi,, klinisk

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Gunnar Mellgren
Stillingstittel
Klinikkdirektør
Telefon
55 97 43 66
Følg firma
2257 følger dette firmaet

Haukelandsveien 22, 5021 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 159974990
Sist endret 9. okt. 2019 12:52

Rapporter annonse