Utløpt

Administrasjonssjef/Rådmann

Arbeidsgiver
Vestnes kommune
Stillingstittel
Administrasjonssjef/Rådmann
Frist
20.10.2019
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med MU AS

Vi søker ein trygg, tydeleg og synleg leiar med god økonomiforståing, gode kommunikasjonsevner og ein motiverande og samlande leiarstil. I godt  samspel med politikarar og tilsette skal administrasjonssjefen arbeide både  for vidare utvikling av kommunen,  og for gode tenester til innbyggarane våre. Den nye administrasjonssjefen  skal vere ein engasjert og inkluderande leiar som blir motivert av å skape resultat og få til gode løysingar.

Vår nye administrasjonssjef må ha god forståing for samspelet mellom politikk, administrasjon og fag. Kunnskap om samfunns-/nærings- og digital utvikling og erfaring frå organisasjonsutvikling og omstilling vil vere sentralt.                                                                                                                                            

Vi ønsker søkjarar med høgare utdanning, solid leiarerfaring, dokumenterte leiareigenskapar og kjennskap til forvaltingsarbeid. Erfaring frå offentleg sektor vil bli vektlagt, men anna leiarerfaring i kombinasjon med kunnskap om kommunale utfordringar kan også vere eigna bakgrunn.

Vi ønsker kandidatar som kan visa handlekraft i gjennomføring av politiske vedtak og samtidig har gode evner til relasjonsbygging og samarbeid.

Vi tilbyr stort handlingsrom og utfordrande oppgåver i ein kommune med dyktige medarbeidarar og godt samspel mellom politikk og administrasjon.

Spørsmål om stillinga kan rettast til Mercuri Urval ved Gro Reinertsen tlf. 975 59 058 eller Ole Petter Bratteberg tlf. 975 59 036. Alle førespurnadar til Mercuri Urval vert handsama konfidensielt, om ønskeleg også for oppdragsgivar. Søk på stillinga snarast, og seinast innan 20. oktober 2019.

Om arbeidsgiveren

Vestnes kommune ligg sentralt i Møre og Romsdal fylke. Kort reisetid til byane Molde, Åndalsnes og Ålesund. Kommunen har ca. 6.700 innbyggarar. Vestnes har eit rikt og variert organisasjons- og kulturliv og har mykje å by på for den som er interessert i friluftsliv og natur.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Direktør
Sted
Brugata 10, 6390 Vestnes
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Ledelse,
Kontor og administrasjon

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Gro Reinertsen
Telefon
97 55 90 58
Nettverk
LinkedIn
Kontaktperson
Ole Petter Bratteberg
Telefon
97 55 90 36
Nettverk
LinkedIn
Følg firma
2601 følger dette firmaet

Brugata 10, 6390 Vestnes

Annonseinformasjon

FINN-kode 159230974
Sist endret 21. okt. 2019 00:08

Rapporter annonse