Inaktiv

Musea på Sunnmøre søkjer administrerande direktør

Arbeidsgiver
Musea på Sunnmøre
Stillingstittel
Administrerande direktør
Frist
28.10.2019
Varighet
Fast

I samband med konsolideringa av Musea på Sunnmøre er det oppretta ny stilling som

ADMINISTRERANDE DIREKTØR

Vi søker ein erfaren, tydeleg, trygg og samlande leiar som kan vise til stor gjennomføringskraft og gode samarbeidsevner. Vår nye leiar må kunne inspirere til tverrfagleg innsats og ha evne til å bygge gode relasjonar internt og eksternt. Det vert lagt vekt på solid erfaring frå endringsleiing og utvikling av organisasjon, økonomi og fag med fokus på ressursutnytting og dei til ei kvar tid gjeldande mål. Stillinga krev gode evner til kommunikasjon og god innsikt og erfaring frå administrative og politiske beslutningsprosessar. Erfaring frå administrasjon, utvikling og leiing er grunnleggande viktig. Kunnskap om og erfaring frå leiing av profesjonelle kunst- og kulturinstitusjonar vert tillagt vekt.

Målet er å utvikle eit endå betre museum til større nytte og glede for publikum.


Det vil bli lagt vekt på

·        Relevant høgare utdanning, innan administrasjon, leiing eller økonomi

·        Samhandlings- og prosessleiarkompetanse i eit tverrfagleg arbeidsfelt

·        Evne og motivasjon til å bygge nettverk og kompetanse

·        Evne til å motivere og kommunisere internt og eksternt

·        Innsikt i det offentlege si rolle og ansvar som samfunnsutviklar

·        Saksbehandling- og utgreiingskompetanse

·        Evne til å arbeide systematisk og målretta

·        Erfaring frå leiing av profesjonell kunst- og kulturverksemd


Stillinga har eit åremål på 6 år som kan bli fornya.

Lønn etter avtale. Pensjonsordning gjennom KLP.


Send søknad med CV og referansar til post@mupsu.no


Nærare opplysningar om stillinga ved styreleiar Jon Aasen, tlf. 900 80 87

eller avtroppande kst. adm. dir. Jarle Sanden, tlf. 913 07 483

Om arbeidsgiveren

Det nye regionsmuseet Musea på Sunnmøre er etablert gjennom ein fusjon mellom stiftingane Sunnmøre Museum, Kulturkvartalet og Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal. Museet har 40 tilsette, med hovudkontor i Ålesund. På grunnlag av den gjennomførte konsolideringsprosessen ligg det føre ambisiøse utviklingsplanar.

Sektor
Privat
Lederkategori
Direktør
Sted
Museumsvegen 1,
6015 Ålesund
Bransje
Museer, gallerier og kulturminne
Stillingsfunksjon
Ledelse

Nøkkelord

ledelse, direktør, endringsledelse

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Jarle Sanden
Stillingstittel
Konst.adm.dir
Mobil
Vis telefonnummer

Søk her

Frist
28.10.2019

Museumsvegen 1, 6015 Ålesund

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Annonseinformasjon

Rapporter annonse

FINN-kode 158759604
Sist endret 29. okt 2019 00:04