Utløpt

Kommunedirektør/Rådmann

Arbeidsgiver
Gloppen kommune
Stillingstittel
Kommunedirektør/Rådmann
Frist
20.10.2019
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med MU AS


Vi søkjer ein initiativrik og synleg leiar 
som er tydeleg og løysingsorientert. Vår nye kommunedirektør skal vere ein engasjert og raus lagspelar som er opptatt av resultat og som gler seg over medarbeidarar som lykkast. Kommunedirektøren skal være utviklingsorientert og motiverande, ha gode kommunikasjonsevner og være ein sterk relasjonsbyggar. 

Gloppen kommune har gode tenester og eit godt grep om eigne utfordringar. Vi vil ha ein kommunedirektør som kan vidareutvikle organisasjonen i takt med samfunnsutviklinga. Gloppen er ein næringsvenleg kommune med stort potensiale, og den komande kommunedirektøren vil ha ei pådrivarrolle for å gjere kommunen endå meir attraktiv for næringsliv og innbyggjarar. 

Det er ein føresetnad at søkjarar har kjennskap til, og forståing for samspelet mellom politikk, administrasjon og fag. Søkjarar må ha høgare relevant utdanning og solid leiarerfaring med dokumenterte resultat vil bli vektlagt. 

Vi tilbyr stort handlingsrom og utfordrande og utviklande oppgåver. Kommunen tilbyr lønn etter avtale og ei leiarstilling som gir deg moglegheit til å påvirke ein kommune med stort potensiale. 

Spørsmål om stillinga kan rettast til Mercuri Urval ved Gro Reinertsen tlf. 975 59 058 / Ole Petter Bratteberg tlf. 975 59 058. Alle førespurnadar til Mercuri Urval vert handsama fortruleg, om ønskeleg også for oppdragsgivar.

Søk på stillinga snarast, og seinast innan 20. oktober 2019.

Om arbeidsgiveren

Gloppen kommune, med Sandane som kommunesenter, har om lag 5.800 innbyggjarar og er ein del av Nordfjord sin felles bu- og arbeidsmarknad på 40 – 50.000 menneske. Flyplassen i Nordfjord - Sandane lufthamn - ligg i Gloppen, og vi har gode kommunikasjonar til resten av fylket og landet.

Gloppen har full barnehagedekning og gode offentlege tenester. Kommunen har i tillegg til grunnskule og kulturskule også folkehøgskule og vidaregåande skule. Næringslivet i kommunen er variert og prega av optimisme. Vi har flott natur og det er godt tilrettelagt for friluftsliv sommar som vinter. Her er eit stort og aktivt miljø innan musikk, idrett og kultur, og har vore kåra både som årets kulturkommune og årets musikk- kommune.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Direktør
Sted
GRANDAVEGEN 9, 6823 Sandane
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Ledelse,
Kontor og administrasjon,
Rådgivning

Nøkkelord

kommune, politikk, leder, offentlig

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Gro Reinertsen
Telefon
97 55 90 58
Nettverk
LinkedIn
Kontaktperson
Ole Petter Bratteberg
Telefon
97 55 90 36
Nettverk
LinkedIn
Følg firma
2593 følger dette firmaet

GRANDAVEGEN 9, 6823 Sandane

Annonseinformasjon

FINN-kode 158591966
Sist endret 21. okt. 2019 00:08

Rapporter annonse