Utløpt

Vil du jobbe for auka deltaking i arbeids- og samfunnsliv?

Arbeidsgiver
Kompetanse Norge
Stillingstittel
Vi søker seksjonsleiar for læreplan
Frist
Frist utløpt
Varighet
Fast
Om stillinga

Vi søker ein løysingsorientert, fagleg sterk og engasjert leiar for seksjon for læreplan. Seksjonen har ansvaret for læreplan i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar og fagleg utviklingsarbeid kring denne. I tillegg har seksjonen ansvar for å utvikle og gjennomføre forsøk med førebuande vaksenopplæring (FVO) og andre modulforsøk. Ansvar for direktoratet sitt arbeid med vidareutvikling av introduksjonsprogrammet, og vidareutvikling av ordningar for kvalifisering av lærarar som underviser vaksne, ligg også til seksjonen.

Det er 11 tilsette i seksjon for læreplan og den er ein av tre seksjonar i avdeling for læreplan og prøver. Seksjonsleiaren er ein del av den utvida leiargruppa, og har budsjett, fag- og personalansvar for seksjonen sine medarbeidarar.

Tiltreding etter avtale.


Inkluderande arbeidsliv og mangfald

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i samfunnet. Det er derfor eit personalpolitisk mål å få til ei balansert samansetjing av tilsette på tvers av alder og kjønn, og å rekruttere personar med innvandrarbakgrunn, nedsett funksjonsevne og personar som har stått utanfor arbeid og utdanning i ein lengre periode. Opplysningar om dette kan bli brukt til registerformål.


Arbeidsoppgåver vil blant anna vere:
  • å bidra til at Kompetanse Norge leverer tenester av høg kvalitet
  • å leie det faglege arbeidet, og sørge for effektiv og profesjonell oppbygging, drift og utvikling av seksjonen og tenestene som seksjonen har ansvar for
  • ansvar for å vidareutvikle dyktige medarbeidarar gjennom fagkunnskap og engasjement
  • å delta aktivt i endrings- og utviklingsarbeid

Faglege kvalifikasjonar:

Du må ha:

  • relevant utdanning frå høgskule eller universitet på minimum bachelornivå eller tilsvarande realkompetanse
  • fleire års erfaring på integreringsfeltet og/eller utdanningsfeltet
  • velutvikla samfunns- og rolleforståing
  • god kjennskap til offentleg forvalting og relevant lov- og regelverk
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk

Det er ein fordel med:

  • fleire års relevant leiarerfaring, gjerne frå større verksemd
  • kjennskap til kompetansepolitikken
  • leiarerfaring frå offentleg forvalting
  • erfaring med leiing av utviklingsprosjekt
  • erfaring med politikkutviklingsarbeid

Personlege eigenskapar:
  • er ein utviklingsorientert, handlekraftig, motiverande og tydeleg leiar som kan kombinere strategisk leiing med operativ gjennomføring
  • arbeider analytisk, strukturert og resultatorientert
  • er en tillitvekkande relasjonsbyggar med gode evner til samarbeid
  • trivs med høgt tempo og har evne til å arbeide målretta og strukturert

Vi legg vekt på personlege eigenskapar.


Vi tilbyr
  • fast stilling som seksjonsleiar blir lønna i lønnskode 1059 underdirektør med et lønnsspenn mellom kr. 704 900 og kr. 813 400 i Statens lønnsregulativ. For spesielt kvalifiserte søkarar, kan høgare løn vurderast. Løn blir avtalt etter ei samla vurdering av kvalifikasjonar.
  • fleksitidsordning
  • mobiltelefonordning
  • gode lokale i Oslo sentrum
  • medlemskap i Statens pensjonskasse som gir gunstig pensjonsordning og moglegheit for bustadlån, til dette trekkast det to prosent av lønnen til lovfesta innskot.

Kontaktperson

Navn: fungerande avdelingsleiar Espen Brynsrud

E-post: espen.brynsrud@kompetansenorge.no

Telefon: 90 60 64 06


Offentleg søkarliste

Vi gjer oppmerksam på at opplysningar om søkaren kan bli offentleggjort sjølv om søkaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkarlista, jf. offentleglova § 25. Søkarane vil i tilfelle bli informerte om dette på førehand.


Om arbeidsgiveren

Gode ordningar for læring gjennom hele livet er eit vilkår for eit inkluderande arbeids- og samfunnsliv. Kompetanse Norge jobbar for å heve vaksne sin kompetanse slik at flest mogleg har den kompetansen arbeidslivet treng.

Kompetanse Norge, direktoratet for kompetansepolitikk er underlagt Kunnskapsdepartementet. Vi har kontor i Oslo, Bergen og Tromsø. Les meir på kompetansenorge.no.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Karl Johans gate 7,
0103 Oslo
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Ledelse

Rapporter annonse

FINN-kode
158275197
Sist endret
20. sep 2019 16:54
Følg firma
176 følger dette firmaet

Karl Johans gate 7, 0103 Oslo

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Rapporter annonse

FINN-kode
158275197
Sist endret
20. sep 2019 16:54