Inaktiv

Prosjekt-/investeringssjef | Alver kommune

Arbeidsgiver
Alver kommune
Stillingstittel
Prosjekt-/investeringssjef
Sted
Alver kommune
Frist
06.10.2019
Varighet
Fast
Bli kjent med Visindi AS

Strategisk – systematisk – gjennomføringssterk

Alver kommune søkjer ein strategisk leiar til å byggje opp ein ny prosjektorganisasjon i den nye storkommunen i Nordhordland. Området prosjekt og investering vil få ansvaret for planlegging og gjennomføring av kommunen sine prioriterte investeringsprosjekt, i hovudsak innanfor fagområda bygg, anlegg, infrastruktur, veg, vatn og avløp. Området prosjekt og investering er organisert som ein sektor og prosjektsjef vil rapportere direkte til rådmannen i Alver kommune.

Den rette kandidaten er strategisk, systematisk og har stor gjennomføringskraft. Målet er å byggje opp ein profesjonell prosjektorganisasjon som skal følgje prosjekta frå bestilling til gjennomføring. Prosjektsjefen skal vere ein del av den strategisk leiinga i kommunen og ha dialog med politisk leiing. Investeringsprosjekta er viktig for å realisere politiske ambisjonar. Prosjektsjefen skal bygge opp og vidareutvikle ein kompetent organisasjon og ha gode system for prosjekt- og økonomistyring, involvering, gjennomføring og rapportering. Sektoren vil i utgangspunktet bestå av ca. 6 – 10 prosjektleiarar. Administrasjonsmålet i Alver kommune er nynorsk.

Ansvar og oppgåver

  • Etablere, leie og utvikle prosjektsektoren i Alver kommune
  • Bidra til at kommunen når politiske ambisjonar og strategiske mål
  • Utvikle og implementere system, verktøy og rutinar som sikrar god prosjektstyring og prosjektgjennomføring
  • Handtere regelverk for offentlege anskaffingar
  • Handtere byggherreansvaret
  • Dialog med politisk leiing
  • Budsjett- og økonomiansvar

Kvalifikasjonar

  • Høgare relevant utdanning frå universitet eller høgskule
  • God fagkunnskap og leiarerfaring frå prosjektorganisasjonar
  • Erfaring og kunnskap om offentlege anskaffingar
  • God forståing for offentleg sektor og samspelet mellom politisk og administrativt nivå
  • Evne til å jobbe både strategisk og operasjonelt
  • God kunnskap om økonomistyring i prosjekter

Personlege eigenskapar

  • Du kommuniserer på ein god og tillitvekkande måte – både munnleg og skriftleg
  • Du er tydeleg og strukturert
  • Du er utviklings- og resultatorientert
  • Du er open og involverande, og er ein god relasjonsbyggjar
  • Du har evne til ta avgjerder for å sikre god gjennomføring
  • Du har god rolleforståing

For meir informasjon om stillinga, ta kontakt med Visindi ved Hege Solbakken på 911 04 141 eller Knut Eide på 916 56 107. All kontakt vil bli handsama konfidensielt, om ynskjeleg og overfor oppdragsgjevar i innleiande fase. Søknaden skal sendast via «stillinger» på Visindi.no innan 06. oktober 2019. Stillinga er omfatta av Offentleglova. Søkjaren vil alltid bli kontakta på førehand dersom søkjarlista blir offentleggjort.

Om arbeidsgiveren

Lindås, Meland og Radøy byggjer Alver kommune. Etter samanslåinga 1.1.2020 blir vi med våre om lag 30 000 innbyggjarar ein av dei største kommunane i fylket. Alver kommune ligg nord for Bergen og blir eit kraftsentrum i regionen. Vi skal vere ein heilskapleg samfunnsutviklar og byggje fellesskap i ein region med sterk vekst og utvikling. Til dette oppdraget treng vi engasjerte og kompetente medarbeidarar – som ser på oppgåvene sine som meiningsfylte og del av eit viktig samfunnsoppdrag. Vi er allereie godt i gang med det viktige arbeidet og ønskjer deg med på laget!

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
5955 Lindås
Bransje
Bygg og anlegg,
Eiendom,
Drift og vedlikeholdstjenester
Stillingsfunksjon
Ledelse,
Prosjektledelse,
Forretningsutvikling og strategi

Nøkkelord

prosjektledelse, investering, organisasjonsbygging, samhandling

Rapporter annonse

FINN-kode
158273199
Sist endret
7. okt 2019 00:07

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Hege Solbakken
Stillingstittel
Seniorrådgiver
Telefon
911 04 141
Nettverk
LinkedIn
Kontaktperson
Knut Eide
Stillingstittel
Seniorrådgiver
Telefon
916 56 107
Nettverk
LinkedIn

Søk her

Frist
06.10.2019
Følg firma
2181 følger dette firmaet

5955 Lindås

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Rapporter annonse

FINN-kode
158273199
Sist endret
7. okt 2019 00:07