Utløpt

Rektor ved Os ungdomsskule - Bjørnafjorden kommune

Arbeidsgiver
Os kommune
Stillingstittel
Rektor
Frist
04.10.2019
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Bjørnafjorden kommune
Lyst å leie og utvikle Os ungdomsskule i Bjørnafjorden kommune?

Vi har ledig 100 % fast stilling som rektor ved Os ungdomsskule frå 01.01.2020

Vi søkjer deg som ønskjer å vere med på det spanande arbeidet med å utvikle Os ungdomsskule i ny kommune,og som vil halde fram med å utvikle skulen som ein lærande, nyskapande og inkluderande organisasjon. Skulen treng ein rektor som gjennom begeistring og engasjement vil vere med å bygge opp ein arbeidsplass prega av godt humør, kultur for læring og høg kompetanse. Skulen sine verdiar "Meistring, tryggleik og anerkjenning" er sentrale i alt arbeid med våre elevar og er viktig for eit godt skule-heim samarbeid.

Som skuleleiar i Bjørnafjorden kommune kan vi tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi jobbar målretta for å skape gode oppvekstvilkår for elevane våre. Skuleutvikling står sentralt i Os kommune, med særleg vekt på livsmeistring og eit godt læringsmiljø.

I tillegg vil du inngå i leiargruppa for Oppvekst i Bjørnafjorden kommune, og med det delta i tverrfagleg samarbeid på oppvekst-området i kommunen. Som rektor vil du vere ein sentral aktør i kommunen sitt utviklingsarbeid på oppvekst-området.

Arbeidsstad
Os ungdomsskule ligg sentralt til i Os sentrum, har 60 tilsette og meir enn 400 elevar fordelt med 5 klassar på kvart trinn, i år er det 6 klassar på 8.trinn. Elevtalet er aukande i åra som kjem. Målet er å vere ein god stad for alle elevar, og vi skal gje kvar elev grunnlag for fagleg og sosial utvikling.

Arbeidsoppgåver
- Å leie skulen sitt leiarteam
- Å leie pedagogisk utviklingsarbeid
- Økonomiansvar
- Forvaltningsoppgåver
- Overordna personalansvar
- Å utvikle skulen som ein lærande organisasjon
- Samarbeid med politisk og administrativt nivå
- Tverrfagleg samarbeid

Kvalifikasjonar
Relevant høgare utdanning på høgskule-/universitetsnivå. Utdanning frå utlandet skal vere NOKUT-godkjent. Søkarar må ha særs gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar. Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune.

I tråd med opplæringslova stiller vi krav om tilfredsstillande politiattest av den som får tilbod om stillinga.

Ønska kvalifikasjonar
- Undervisningskompetanse
- God IKT- kompetanse
- Relevant leiarerfaring
- Erfaring frå endringsleiing og kulturbygging

Vi ser etter deg som
- er løysingsorientert og god på organisering
- har evne til å inspirere andre og bidra til arbeidsglede
- har evne til å samarbeide, lytte, rettleie og skape gode relasjonar
- har engasjement for eit godt læringsmiljø og kultur for læring

Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar.

Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Leiarstøtte og mentor-ordning
- Gode moglegheiter for kompetanseutvikling
- Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter avtale

Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen.

Slik søkjer du
Klikk på "søk på stilling" og følg vidare instruksjonar.

Eksterne søkjarar må oppretta brukarnamn og passord før dei loggar seg på første gang.
 
Tilsette i kommunen er allereie definert som brukar i systemet, og skal ikkje registere seg på nytt. Dersom du ikkje har internt brukarnamn og passord, kan du få dette tilsendt på e-post via funksjonen "Glemt brukernavn/passord" eller ta kontakt med personalavdelinga.

Om arbeidsgiveren

Os kommune ligg sør på Bergenshalvøya, der kyst- og fjordlandskapet møtest. Kommunen
kan by på dei vakraste natur- og kultur-opplevingar, og elles dei fleste tenester både fastbuande og tilreisande har bruk for. Os er ein inspirerande kommune med stor vekst og utvikling. Vi treng medarbeidarar som meiner entusiasme inspirerer, som lyttar med respekt, gjer det dei seier og skaper resultat.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Oshaugen 6, 5202 Os
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk,
Undervisning og pedagogikk / Rektor / Ass. Rektor

Nøkkelord

Leder, Pedagogikk, Utviklingsarbeid, Skoleutvikling, Opplæring

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Per Olav Sørås
Stillingstittel
Fagsjef skule -og barnehagar
Telefon
56 57 50 72
91 65 40 94
Følg firma
480 følger dette firmaet

Oshaugen 6, 5202 Os

Annonseinformasjon

FINN-kode 158260759
Sist endret 20. sep. 2019 14:40

Rapporter annonse