Utløpt

er du vår leiar for stabsavdeling Service, i Nye Øygarden kommune ?

Arbeidsgiver
Øygarden kommune
Stillingstittel
Leiar stabsavdeling, Service i Nye Øygarden kommune
Frist
06.10.2019
Ansettelsesform
Fast

Kort om stillinga

I arbeidet med å nå dei strategiske måla for Nye Øygarden kommune skal det etablerast ei avdeling Service og vi søkjer etter stabsleiar som ønskjer å bygge, utvikle og drifte stabsavdelinga. Vi treng ein kunde- og serviceorientert leiar med høg gjennomføringskraft som vert motivert av å hjelpa andre og skape gode kundeopplevingar. Vi ønskjer ein leiar som finn smarte løysingar som forenklar og forbetrar servicen til innbyggjarar, tilsette og politikarane. Stillinga krev ein god relasjonsbyggjar til å bygge opp den nye avdelinga slik at den er rett dimensjonert og har rett fagleg samansetting. Den nye leiaren må evna å ta modige val som utfordrar dagens strukturer, kultur, fagmiljø og arbeidsvanar for å sikre ein veg inn til kommunen. Stabsavdelinga har eit overordna ansvar for å etablera strategiar, handlingsplaner og felles system. Brukaren skal settast i sentrum og vi skal skapa smarte og effektive framtidsløysingar som forbetrar brukaropplevinga. Den nye stabsleiaren vil rapportera direkte til kommunalsjef og inngå i kommunalsjefen sitt leiarteam.


Arbeidsoppgåver

Sørgje for god opplevd service for innbyggjarar, tilsette og politikarar

Medverka i heilskapleg, langsiktig, strategisk og tverrfagleg samarbeid

Ansvar for oppgåver som informasjon/kommunikasjon, sekretariat for politisk verksemd, innbyggjartorg, 

Saksbehandling og ulike forvaltningsoppgåver

Bidra med service og støtte for interne brukarar 

Bidra til å utvikla kanalstrategi for kommunen

Ansvarleg for den daglege drifta av stabsavdelinga 

Digitalisere, effektivisere og organisere oppgåver innan avdelinga

God samhandling mellom stabsavdelingane og med dei andre kommunalsjefområda

Personal- og økonomiansvar

Andre oppgåver kan verte lagt til avdelinga


Kvalifikasjonar for stillinga

Relevant utdanning frå høgskule- eller universitetsnivå 

Reell erfaring kan kompensere for manglande utdanning

Relevant leiarerfaring 


Andre Krav

Gode samarbeidsevner

God økonomi- og budsjettforståing

Fleksibel og positiv til endring 

Gode servicehaldningar internt og eksternt

Kundefokusert og kan visa til gode resultat


Personlege egenskaper

Evne til å bygge relasjonar gjennom involvering og medverknad

Evne til å skapa tydelege forventningar, gje støtte, utvikle og inspirere leiarar og medarbeidarar

Evne til å arbeida målretta og systematisk

Gode kommunikasjonsevner 

Ha fokus på brukarar og service

Stor arbeidskapasitet med evne til å prioritera og delegera

Er utviklingsorientert, nysgjerrig og initiativrik

Godt humør og pågangsmot



Søknad

Nye Øygarden kommune ber alle søkjarar å søkja på stillingar elektronisk. For ytterlegare informasjon og rettleiing 

kring søknadsprosessen ta kontakt med servicetorget på tlf: 56 38 20 00.

Arbeidstakarar vert tilsette i kommunen på dei vilkår som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtaler. 

Vi tilbyr løn etter avtale og god pensjonsordning

 Me gjer merksam på at jfr. Offentlighetsloven § 25 kan opplysningar om søkjar vert gjort offentleg sjølv om søkjar har oppmoda til ikkje verta ført opp i postjournal. Søknad om å verta unnateke offentligheita må vere grunngjeven. Dersom søknaden ikkje vert teken til følgje vil søkjar verta varsla om dette.


Rett kopi av attestar og vitnemål skal ikkje sendast inn, men vert teken med ved evt.

intervju.


Om arbeidsgiveren

Kommunane Fjell, Sund og Øygarden vert ein kommune frå januar 2020. Kommunen får
namnet Øygarden. Den nye kommunen vil få nærare 40.000 innbyggjarar og om lag 2 500
tilsette. Nye Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og
kunnskapsbasert samfunnsutviklar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles
kultur, språk og identitet. Den nye kommunen har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og
effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

I Nye Øygarden kommune skal vi sikra tverrfagleg samhandling og god økonomistyring ved
å forbetre og effektivisere tenestene og dei interne arbeidsprosessane. I alt
digitaliseringsarbeid står menneska sentralt og det er viktig at den nye kommunen ikkje
berre fokuserer på tenesteutvikling og arbeidsprosessar. Det skal difor lagast ein
heilskapleg plan for opplæring og utvikling slik at vi klarer å møta framtidige
kompetansebehov og realisera vinstar.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Skjenet 2, 5354 Straume
Bransje
Offentlig administrasjon,
Annet
Stillingsfunksjon
Kontor og administrasjon,
Ledelse

Nøkkelord

ledelse, utviklingsprosesser, endringsprosesser, effektivisering

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Sissel Iren Nesse
Stillingstittel
Kommunalsjef organisasjon og digitalisering
Telefon
55 09 77 34
Mobil
91 59 62 22
Følg firma
132 følger dette firmaet

Skjenet 2, 5354 Straume

Annonseinformasjon

FINN-kode 158098731
Sist endret 30. okt. 2019 15:36

Rapporter annonse