Utløpt

Faggruppeleiar Trafikant

Arbeidsgiver
Statens vegvesen
Stillingstittel
Faggruppeleiar Trafikant
Frist
26.08.2019
Ansettelsesform
Fast
Faggruppeleiar trafikant

Trafikant- og køyretøyavdelinga (TK) i Region vest er bygd opp av regionale fagseksjonar. Trafikantseksjonen har i hovudsak ansvar for førarprøvar, kurs og andre aktivitetar retta mot publikum på 10 trafikkstasjonar, frå Egersund i sør til Nordfjordeid i nord.

Det er no ledige stilling som faggruppeleiar for førarprøvesensorane på følgjande trafikkstasjonar: Voss, Sogndal, Førde og Nordfjordeid.

Arbeidsstad blir på ein av desse trafikkstasjonane.


Ansvarsområde

Som faggruppeleiar trafikant er du ein del av trafikantseksjonen si leiargruppe, og blant oppgåve- og ansvarsområda er:

  • leie det operative arbeidet i eininga
  • personalansvar for ca. 15 medarbeidarar i eininga
  • ansvar for fagleg oppfølging og utvikling av eininga
  • mål- og resultatansvar for eininga
  • kontakt og samarbeid internt og mot eksterne samarbeidspartar

Kvalifikasjonskrav

Relevant universitet/høgskuleutdanning, min. 3-4 år.

For kandidatar med sterk og allsidig praksis frå dei aktuelle fagområda, eventuell etterutdanning og gode personlege føresetnader for stillinga, kan kravet til utdanning fråvikast.

Vi ønskjer kandidatar med leiarerfaring og gjennomføringsevne. Du må vere samfunnsorientert, initiativrik og løysingsorientert. Personlege eigenskapar vil verte vektlagt.

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT (www.nokut.no).


Dette ønskjer vi oss

I Statens vegvesen ønskjer vi å vere profesjonelle, framtidsretta og inkluderande. Som leiar er det viktig at du

  • kommuniserer og samhandlar godt, ser løysingar og kan vise handlekraft gjennom fagleg styrke
  • jobbar målretta for at Statens vegvesen skal vere imøtekommande, ha omtanke for omgjevnadane og vere tilgjengeleg

Som leiar i Statens vegvesen forventar vi at du er med og utviklar ein einskapleg etat og legg vekt på resultatleiing. Alle leiarane må ta ansvar for å utvikle medarbeidarane sine og seg sjølv, og vere bevisst på at dei er rollemodellar og kulturskaparar.


Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar. Fagleg etatsopplæring blir gitt når dette er naudsynt.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr også disse goda:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • eiga leiarintroduksjonsprogram
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og moglegheit for lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskoler og gode moglegheiter for fagleg påfyll

 

Lønn vert fastsett etter nærmare avtale i tråd med etaten sin lønnspolitikk, og det vert trekt 2 prosent pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse.

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi leggvekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.


Søknad

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Om du ønskjer fleire opplysingar om stillinga, kan du ta kontakt med seksjonsleiar Torbjørn Brosvik på mobil 40240468.


Om arbeidsgiveren

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, driftar og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet.

Vi er ein stor samfunnsaktør med ca. 7500 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

Vi er inne i ein periode med fleire spennande endringsprosessar, noko som vil påverke både struktur og oppgåvesamansetjing.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Fagleder
Sted
Sanderplassen 6, 6813 Førde
Bransje
Bygg og anlegg
Stillingsfunksjon
Ledelse
Følg firma
447 følger dette firmaet

Sanderplassen 6, 6813 Førde

Annonseinformasjon

FINN-kode 155823058
Sist endret 24. aug. 2019 00:00

Rapporter annonse