Utløpt

Dagleg leiar for bakeri, kafè og bar

Arbeidsgiver
Tya Bakeri
Stillingstittel
Dagleg Leiar
Frist
02.09.2019
Ansettelsesform
Fast

Drøymer du om å jobba med lokalmat og vertskap i ei vakker fjordbygd med Jotunheimen Nasjonalpark som næraste nabo? Naturopplevingane står i kø utanfor døra, og bygda byr på eit variert kultur- og idrettstilbod. Tya Bakeri | Kafè og Tya Bar i sentrum av Øvre Årdal søkjer ein leiar som kan utvikla konseptet vidare. Tya Bakeri er eit handverksbakeri med eige utsal og bar i tilknyting til det lokale bryggeriet i bygda, som i tillegg driftar kafè- og bakeriutsal i handlesenteret Årdalsenteret. Begge stadene yter service både til turistar og lokalmarknaden. Stillinga som dagleg leiar gjev høve for utviklingsarbeid og nyskaping for den rette personen.

Krav til erfaring/kompetanse:

-         Kokk med fagbrev

-         Gjerne erfaring frå liknande leiarstilling innan servering, reiseliv og storhushald

-         Meistra norsk og engelsk munnleg og skriftleg

-         Gjerne erfaring frå arrangement og prosjektleiing

Personlege eigenskapar:

-         Du er fleksibel, kvalitetsbevisst og har godt humør

-         Du jobbar godt, nøyaktig og effektivt

-         Du samarbeider godt i team med andre, men jobben krev også at du kan ta ansvar og jobba sjølvstendig

-         Du klarar å motivera dine medarbeidarar og yta god service til gjestene

Me kan tilby:

-         Spennande deltaking i Tya Bakeri | Kafè og Tya Bar si verksemd vidare

-         Løn etter avtale

-         Opplæring

-         Deltaking i eit energisk og ambisiøst arbeidsmiljø

-         Tett samarbeid med kjøkkensjef på Klingenberg Hotel, Erling Theodorsen

-         Naturopplevingar i verdsklasse i ei bygd med sterkt samhald

Tya Bakeri er eit handverksbakeri med eige utsal i Årdal kommune: www.tyabakeri.no

Informasjon om Tya Bar finn du her: www.tyabar.no

For informasjon om aktivitetar i Årdal: www.vettisriket.no

Nettverk
Facebook
Sektor
Privat
Lederkategori
Leder
Sted
Farnesvegen 3, 6884 Øvre Årdal
Bransje
Matvareproduksjon og -industri,
Reise og turisme,
Restaurant, mat og uteliv
Stillingsfunksjon
Ledelse,
Mat og servering,
Økonomi og regnskap

Nøkkelord

kokk, bakeri, ledelse, økonomi, bar

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Erling Eggum
Mobil
45 60 69 08
Følg firma
Bli den første til å følge firmaet!

Farnesvegen 3, 6884 Øvre Årdal

Annonseinformasjon

FINN-kode 155576089
Sist endret 2. okt. 2019 11:04

Rapporter annonse