Utløpt

Seksjonsleiar - utdanning

Arbeidsgiver
Fylkesmannen i Vestland
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Frist
08.09.2019
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Statsforvaltaren i Vestland
Om stillinga:

Fylkesmannen i Vestland har ledig stilling som seksjonsleiar i den eine av våre to utdanningsseksjonar - tilsynsseksjonen, kontorstad Leikanger

Fylkesmannen har ansvar for rettleiing, tilsyn, klagebehandling og andre forvaltningsoppgåver innan barnehage- og opplæringssektoren. Avdelinga skal sjå til at nasjonale mål for utdannings- og barnehagepolitikk vert følgt opp. Oppdraget får vi i  hovudsak frå Utdanningsdirektoratet.

Begge utdanningsseksjonane har oppgåver knytt til saks- og klagehandsaming, tilsyn, rettleiing og oppfølging av nasjonale satsingar. Tilsynsseksjonen har eit særskilt ansvar for å planleggje og gjennomføre tilsyn, for vidaregåande opplæring og for eksamen. Seksjonen har 12 tilsette, 4 av dei med kontorstad i Bergen.

Vi søkjer etter ein seksjonsleiar som har interesse for heile utdanningsløpet, frå barnehage til vidaregåande opplæring. Vidare har du interesse for velferdssektoren generelt, og for tverrsektorielt arbeid. Vår nye seksjonsleiar må ønskje å arbeide systematisk med tilsynsoppgåver. Dette vil inkludere seksjonen sin kompetanseutvikling, risikovurdering, tilsynsmetode og bruk av resultat i rettleiingsarbeid. Du blir del av avdelinga si leiargruppe som er samansett av tre seksjonsleiarar og avdelingsdirektør.


Kvalifikasjonar:
  • høgare utdanning (samfunnsvitar, pedagog, jurist)
  • erfaring frå utdanningssektoren
  • erfaring frå offentleg sektor/forvaltningsarbeid
  • erfaring frå, eller god forståing for statleg forvaltning
  • kunnskap om kommunesektoren
  • leiarerfaring og/eller klåre syn og interesse for leiarskap

Personlege eigenskapar:
  • motivere og følgje opp dine medarbeidarar
  • leggje til rette for godt samarbeid internt i seksjonen og mellom avdelinga sine seksjonar
  • grunngje og kommunisere prioriteringar, internt og eksternt
  • kople oppgåver og valde verkemiddel/arbeidsmåtar i dialog med leiargruppa og medarbeidarar
  • kunne kommunisere kompliserte problemstillingar på ein god måte, skriftleg og munnleg
  • fullføre oppgåver innanfor fristar
  • kunne samarbeide nært med leiargruppa

Som tilsett hos Fylkesmannen får du:
  • spanande arbeidsoppgåver som opnar for kontakt med mange fagmiljø
  • gode vilkår med omsyn til utveksling av kompetanse med kollegaer i andre delar av sektor
  • eit godt arbeidsmiljø
  • løn etter avtale i tråd med verksemda sin lønnspolitikk
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse

 


Vilkår:

Stillinga er lønna i stillingskode 1211 seksjonsleiar, frå kr 730 000 brutto per år ut frå kvalifikasjonar og lokal lønnspolitikk.

For særleg godt kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare lønn. Fylkesmannen følgjer elles statlege tilsetjingsvilkår.

Fylkesmannen ønskjer mangfald, og vi oppmodar difor alle kandidatar som er kvalifiserte til å søkje utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Embetet er IA-verksemd, og vil leggje til rette for arbeidstakarar med nedsett funksjonsevne.

Dei første seks månadane er prøvetid.

Tenestemålet er nynorsk.

Vitnemål og attestar må leggjast ved søknaden.

Søkarlista er i utgangspunktet offentleg. Du kan be om unntak dersom vilkåra i lova er til stades.

Nærare opplysningar om stillinga får du hjå direktør for utdanning og verjemålsavdelinga, Anne Hjermann på tlf. nr. 55 57 22 75 eller 97 00 95 88,  fmhoakh@fylkesmannen.no.


Om arbeidsgiveren

Fylkesmannen er statens representant i fylket, og har ansvar for å følgje opp vedtak, mål og retningslinjer frå Stortinget og Regjeringa. Fylkesmannen skal dessutan fremje fylket sine interesser, og kan ta initiativ både lokalt og overfor sentrale styresmakter.

Fylkesmannen i Vestland har delt lokalisering mellom Leikanger, Bergen og Førde - med hovudsete i Leikanger.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Njøsavegen 2, 6863 Leikanger
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Ledelse,
Saksbehandler
Følg firma
379 følger dette firmaet

Njøsavegen 2, 6863 Leikanger

Annonseinformasjon

FINN-kode 155394337
Sist endret 19. aug. 2019 18:36

Rapporter annonse