Utløpt

Ledig stilling helse- og omsorgssjef

Arbeidsgiver
Fedje kommune
Stillingstittel
Helse og omsorgssjef
Frist
15.08.2019
Ansettelsesform
Fast

Er du ein strategisk og samlande leiar som både kan vera med og leia arbeidet med dei store reformane, og ha eit auge for detaljane i helse- og sosialfeltet i Fedje kommune? Som tek natruleg plass i det interkommunale utviklingsarbeidet, og samstundes kan motivera og leia samarbeidet mellom einingane her i kommunen?

Me søkjer etter ein handlekraftig og tilltisbyggande toppleiar som skal leia helse- og omsorgssektoren. Helse og omsorgssjefen har eit heilskapleg leiaransvar, med økonomiansvar, personalansvar, fagansvar og utviklingsansvar. Helse- og omsorgssjefen er med i rådmannen si leiargruppe.

Me ønsker deg som har:

  • høgare helse- og sosialfagleg, økonomisk/juridisk, administrativ eller samfunnsfagleg utdanning
  • leiarerfaring og kunnskap om budsjett og økonomistyring
  • jobbar strukturert og målretta
  • er god på relasjonsbygging, og evner å skape tillit og eit godt omdømme både innad og utad


Me ser gjerne at du

  • har erfaring frå eit eller fleire av tenesteområda sine faglege arbeidsfelt
  • har kjennskap til kommunal verksemd, gjerne frå ein liten kommune
  • har god kommunikasjonsevne både munnleg og skriftleg
  • er fagleg oppdatert på reformane innan helse og omsorg


Me byr på

  • Ei interesssant leiarstilling med både store og små oppgåver i eit tett og lite miljø
  • Nærleik til innbyggjarar, oppgåver og resultat
  • Engasjerte medarbeidarar som brenn for innbyggjarane sitt beste
  • Å vera ein del av landsbyen i havet med storhavet og naturen tett på, gode naboar og eit aktivt kultur- og friluftsliv
  • Hjelp til å skaffe bustad, barnehageplass i ein aktiv barnehage, og eit godt oppvekstmiljø.
  • Lønn etter avtale.

Om arbeidsgiveren

FEDJE - LANDSBYEN I HAVET!
Noregs vestlegaste kommune er liten, men god å bu og leva i. Her er ca.570 innbyggjarar, og avstandane i øykommunen er små. Til næraste by, Bergen, kjem ein på ca.1,5 time. I kommunen er det rikeleg høve til mangfaldig friluftsliv, både på sjø og land. Om sommaren har me sørlandsidyll, om vinteren ruskevêr.

Nettverk
Facebook
Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Stormarkvegen 121, 5947 Fedje
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Ledelse

Nøkkelord

høgare helse- og sosialfagleg, økonomisk/juridisk, administrativ eller samfunnsfagleg utdanning

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Nils Moldøen
Stillingstittel
Rådmann
Telefon
Vis telefonnummer
Mobil
Vis telefonnummer

Stormarkvegen 121, 5947 Fedje

Annonseinformasjon

FINN-kode 152435996
Sist endret 27. aug. 2019 10:52

Rapporter annonse