Utløpt

Leiar Bykle Frivilligsentral

Arbeidsgiver
Bykle kommune - Kultur & Fritid
Stillingstittel
Leiar Bykle Frivilligsentral
Frist
30.06.2019
Ansettelsesform
Prosjekt
Vil du bli ein av oss i kultur & fritid?
Vi skal vidareutvikle eit godt kultur- og fritidstilbod i kommunen og treng fleire som vil vere med på laget!

70% stilling som leiar Bykle Frivilligsentral er ledig, prosjektstilling i 2 år.

Frivilligsentralen si oppgåve er å legge til rette for og koordinere frivillig arbeid i Bykle Kommune. Sentralen skal skape møteplassar slik at det offentlege, frivillege lag og organisasjonar og dei private aktørane i bygda kan møtast og hjelpe kvarandre gjennom frivillig arbeid. Drifta skjer i samsvar med sentralen sine vedtekter, handlingsplanar og vedtak i styret. Leiar rapporterer til styret for frivilligsentralen. Delar av stillinga er kombinert med oppgåver knytt til kulturhusa i kommunen.

Arbeidsoppgåver

  • Utvikle sentralens tilbod, både i kvalitet og mangfald
  • Legge til rette for lokal frivillig verksemd
  • Følgje opp eksisterande aktivitetar og frivillige
  • Marknadsføring og informasjonsarbeid
  • Betening av bibliotek og kulturhus
  • Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga

Kvalifikasjonar

  • 3-årig høgskuleutdanning, eller annan relevant utdanning
  • Relevant erfaring
  • Leiarerfaring er ein fordel
  • Gode skriftlege, munnlege og digitale kommunikasjonsferdigheiter
  • Førarkort for bil

Eigenskapar

  • Kreativ og løysingsorientert
  • Sosial og inkluderande
  • Evne til å sjå mulegheiter i bygda
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Evne til kunne jobbe sjølvstendig og strukturert

Vi tilbyr

  • Stillingsbrøk: 70%
  • Ei sjølvsendig stilling med spennande og varierte arbeidsoppgåver
  • Løn etter kvalifikasjonar etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar


    Den som blir tilsett må nytte eigen bil i teneste.
    Krav om godkjend politiattest ved tilsetting
    Arbeidstid etter eigen arbeidsplan - ettermiddag-, kvelds- og helgearbeid må påreknast

Om arbeidsgiveren

Bykle kommune har ca. 965 innbyggjarar og ligg øvst i Setesdal. Det er 18 mil til Kristiansand, 20 mil til Stavanger (sommartid) og 35 mil til Oslo og Bergen. Kommunesenteret er i Bykle, medan Hovden er eit stort turistsenter. Fritidstilboda er mange og varierte både sommar og vinter. Mellom anna har vi alpinsenter, tilrettelagte langrennsløyper i nærområdet og i høgfjellet, golfbane og eit stort Badeland.


Bykle kommunen er organisert i to nivå: rådmann med stab/støtteavdelingar og 8 tenesteeiningar, og har ca. 170 tilsette

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Fagleder
Sted
Sarvsvegen 14, 4754 Bykle
Bransje
Annet
Stillingsfunksjon
Annet,
Koordinering

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Helga Jacobsen
Stillingstittel
Tenesteleiar
Telefon
45 27 32 18
Følg firma
48 følger dette firmaet

Sarvsvegen 14, 4754 Bykle

Annonseinformasjon

FINN-kode 150226163
Sist endret 16. jun. 2019 13:33

Rapporter annonse