Utløpt

Teknisk leder

Arbeidsgiver
TINE SA
Stillingstittel
Teknisk leder
Frist
01.07.2019
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med TINE SA

 TINE Meieriet Byrkjelo er eit moderne meierianlegg som produserer kvitost og brunost. Totalt behandla mjølkemengde er ca 130 mill liter pr. år. Det er omlag 160 tilsette tilknytta anlegget. Anlegget ligg i Byrkjelo, 18 km frå kommunesenteret Sandane i Gloppen kommune. Kommunen har eit variert næringsliv, god barnehagedekning, eit rikt kulturliv, eit aktivt barne-og ungdomsarbeid og ein natur med stort mangfald av friluftsaktivitetar. I kommunen, som har ca. 5.800 innbyggjarar, er det m.a. vidaregåande skule og folkehøgskule. Kommunen har også flyplass med fleire daglege samband til Oslo og Bergen.

 

Vil du vere med å vidareutvikle eit av landets største meieri?

 

Arbeidsoppgåver

  • Aktiv oppfølging av HMS-arbeid innanfor eige ansvarsområde
  •  Personalansvar for tilsette på avdelinga 
  •  Planlegge og gjennomføre vedlikehald, samt nytte avdelinga sine ressursar best mogeleg
  •  Koordinere teknisk støtte og prioritere akutte hendingar og planlagde oppgåver
  •  Prosjektdeltaking
  •  Budsjett- og resultatoppfølging  

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev innan automasjon, elektro eller mekaniske fag
  • Praktisk erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning
  • Leiarerfaring er ynskjeleg
  • Generelt gode IT-kunnskapar

Personlege eigenskapar

  • God motivator og teambyggjar
  • Dyktig til å planleggje og organisere
  • Kunne ta initiativ, sette i verk aktivitetar og ta raske avgjerder
  • Arbeide effektivt under press
  • Godt humør og stå-på-vilje

Vi tilbyr

  • Godt arbeidsmiljø
  • Løn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Mogelegheit for fagleg og personleg utvikling
  • Hjelp til å skaffe bustad  

 

Vi kan by på utfordrande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø med mykje erfaring og med fokus på kompetanseutvikling og forbetringsarbeid.  

Finn du stillinga interessant? Ta gjerne kontakt med vedlikehaldssjef Baard Helle Bolstad tlf 970 32 754 for ein uforpliktande og konfidensiell prat, eller søk i dag ved å sende søknad og CV via vårt elektroniske rekrutteringssystem. Relevante attestar og vitnemål leggast ved elektronisk.

Vi foretek bakgrunnssjekk av søkjarar for å verifisere opplysningar som framgår av CV og tilgjengeleg dokumentasjon. Bakgrunnssjekk gjennomførast ikkje utan samtykke frå søkjaren og aktuelle søkjarar vil motta nærare informasjon om dette.

Reklamefilm TINE: https://www.youtube.com/embed/UIIKJRQbPnY   

Om arbeidsgiveren



TINE Gruppa er ei av dei største næringsmiddelbedrifter i Norge og leverandør av kjente merkevarer som Jarlsberg,  Norvegia, Biola, YT og TINE Yoghurt. TINE blir eigd av 12 000 mjølkebønder i samvirke, og vår forretningsidé er å foredle reine og naturlege råvarer til god og sunn mat. Det skal vi gjere i nært samspel mellom natur, landbruk, forbrukarar og handel. TINE har meieri over heile landet i tillegg til fleire norske og utanlandske heil- og deleigde dotterselskap, som m.a. Diplom-Is, Ostecompagniet, Wernersson Ost i Sverige og Norseland Inc. i USA. TINE Gruppa har ca 5 500 tilsette og ei omsetning på ca. 22 milliardar kroner.

Sektor
Samvirke
Lederkategori
Leder
Sted
Meierivegen 1, 6826 Byrkjelo
Bransje
Industri og produksjon,
Matvareproduksjon og -industri
Stillingsfunksjon
Ledelse

Nøkkelord

Teknisk, leder,, vedlikeholdsleder,, automasjon,, elektro,

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Baard Helle Bolstad
Stillingstittel
Vedlikeholdssjef
Telefon
97 03 27 54
Følg firma
3325 følger dette firmaet

Meierivegen 1, 6826 Byrkjelo

Annonseinformasjon

FINN-kode 148907145
Sist endret 20. jun. 2019 12:55

Rapporter annonse