BESATT

Jobbe på Norges største brønnbåt?

Arbeidsgiver
Alsaker Fjordbruk AS
Stillingstittel
Overstyrmann - Motormann - Matros - Kokk/lettmatros
Frist
23.03.2020
Ansettelsesform
Fast

Brønnbåten "Kristoffer Tronds", som no er under bygging i Bilbao, skal leverast i siste halvdel av 2020. Båten har ei lengd på 91m, breidd 19m, og med brønnkapasitet på meir enn 5000 m3 vert dette Norges største brønnbåt.

Fartøyet vil bli ein integrert del av verksemda i Alsaker konsernet, og vil ha topp moderne teknologi.

"Kristoffer Tronds" blir utstyrt for føring av smolt og slaktefisk, samt eit breitt spekter for behandling av fisk. Fartøyet vil truleg bli den best utstyrte brønnbåten som er bygd, og har m.a. 4 brønnar, Optilicer, RSW anlegg, topp moderne navigasjonssystem og dynamisk posisjonering. Fartøyet har dieselelektrisk framdrift.


Me søkjer etter deg som er påliteleg, resultat- og løysingsorientert. Du har god evne til å organisere arbeidet og er handlekraftig. Du ynskjer ein jobb som krev mykje av deg, og som gjev deg utfordringar. Godt arbeidsmiljø og gode resultat er viktig for deg, og du er lett å samarbeida med.


Me skal bemanne fylgjande stillingar:

Overstyrmann: Dekksoffiser klasse 2. Ynskjeleg med farledsbevis og hurtiggåande mob-båt

Matros: Ferdighetsbevis/fagbrev, brovaktsertifikat. Ynskjeleg med hurtiggåande mob-båt

Motormann: Ferdighetsbevis/fagbrev, maskinvaktsertifikat

Kokk/Lettmatros: Erfaring som kokk

Lærlingar: Matros og Motormann


Praksis frå brønnbåt er ynskjeleg

Turnusordning med 4 veker på/av

Norsk er arbeidsspråk, men med krav om gode engelskkunnskapar.

Om arbeidsgiveren

Alsaker Fjordbruk er eit lokalt forankra havbrukskonsern med hovudkontor på Onarheim i Tysnes kommune. Me tek hand om laksen frå rogn til ferdig pakka produkt, og har aktivitet i 14 kommunar mellom Stavanger og Bergen. Me er eitt av landets største oppdrettskonsern, med 23 matfiskkonsesjonar, 4 settefiskanlegg, slakteri, rensefiskproduksjon og ein stor flåte av moderne servicebåtar.

Alsaker Fjordbruk er ein del av Meidell konsern, som forutan havbruk, omfattar offshoreservice- verksemda Tronds Marine Service, drift av eigne næringseigedomar samt bygde- og eigedoms-utvikling. Me har om lag 1,7 milliard NOK i omsetning og er omlag 300 tilsette i Hordaland og Rogaland. Les om oss på www.alsaker.no

Nettverk
Facebook
Sektor
Privat
Antall stillinger
17
Sted
Flakkavågsvegen 12, 5694 Onarheim
Bransje
Fiskeri og oppdrett,
Maritim og offshore,
Transport og logistikk
Stillingsfunksjon
Sjøfart / Dekksoffiser,
Sjøfart / Maskinist,
Sjøfart / Matros

Nøkkelord

Laks, Alsaker, Havbruk, Brønnbåt, Oppdrett

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Bernt Arne Gulliksen
Stillingstittel
Kaptein
Mobil
96 09 44 16
Kontaktperson
Bjarte Røssland
Stillingstittel
Maskinsjef
Mobil
96 09 44 15
Følg firma
103 følger dette firmaet

Flakkavågsvegen 12, 5694 Onarheim

Annonseinformasjon

FINN-kode 148096269
Sist endret 17. feb. 2023 09:38

Rapporter annonse