Utløpt

Er du ein god relasjonsbygger og sjonglør?

Arbeidsgiver
Norges Musikkorps Forbund (NMF)
Stillingstittel
Daglig leiar
Frist
31.05.2019
Ansettelsesform
Vikariat

Likar du å ha mange ballar i lufta på ein gong? Trivst du med å skape god struktur og overblikk for dei rundt deg? Har du eit sterkt engasjement for korps? Er du brennande oppteken av å bygge gode relasjonar som er med og inspirerer til vidare frivillig arbeid?

Då kan dette vere jobben for deg!

Vår daglege leiar i NMF Nordvest (Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane) skal i foreldrepermisjon, og vi treng nokon som kan gå inn i 100% stilling som dagleg leiar i perioden 1.9.2019- 1.6.2020. Stillinga rapporterer til generalsekretær i NMF. Kontorstad er i Molde.

Kva går jobben ut på?

Som dagleg leiar skal du blant anna planlegge, koordinere og gjennomføre regionale og nasjonale oppgåver, du er saksførebuar  og sekretær for regionstyret, du har personal- og økonomiansvar for regionen og har ansvar for å ha kontakt med og følge opp kommune- og fylkesadministrasjonar. Du deltar òg i ulike nettverk og samarbeidsfora internt i NMF.

Kven er du?

Du er ein person som får energi av å jobbe med menneske og har fokus på relasjonsbygging. Du likar høg aktivitet og krevjande arbeidsoppgåver, er strukturert, sjølvstendig, tek initiativ og er god på nettverksbygging. Du likar å utfordre di eiga komfortsone. Du har formell relevant utdanning på bachelornivå, har gode datakunnskapar, korpserfaring og god kjennskap til frivillig arbeid. Leiarerfaring er ein fordel. Relevant arbeidserfaring kan kompensere for manglande formell utdanning. Personlege eigenskapar vert vektlagt.

Stillinga inneber kvelds- og helgearbeid samt reiseaktivitet. Det er eit krav at søkjarar har førarkort og kan disponere eigen bil. Ved tilsetjing må politiattest leggast fram.

Kva kan vi tilby?

Ein jobb der du får være med å påverke musikk- og drillmiljøet i regionen og får godt innblikk i frivillig arbeid i korps. Du får utvida ditt nettverk og kjennskap til korleis samarbeid mellom ein frivillig organisasjon og det offentlege apparatet fungerar. NMF er underlagt tariffavtale.

Har du spørsmål?

Ta kontakt med dagleg leiar NMF Nordvest, Ingrid Sofie Nygaard, tlf. 958 37 673 eller generalsekretær Karl Ole Midtbø, tlf. 90141611.



Søknadsfrist: 31. mai 2019

Om arbeidsgiveren

Norges Musikkorps forbund (NMF) er ein av landets største frivillige kulturorganisasjonar med ca. 60.000 medlemmer og 1.600 medlemskorps. NMF sine verdiar er: Inkluderande, inspirerande, engasjert.
Norges Musikkorps Forbund har som formål å gjere musikkorps til ein attraktiv fritidsinteresse for alle barn, unge og vaksne. Dette gjer vi ved å sikre gode vekstvilkår for korpsa, tilby aktivitetar av høg kvalitet og synleggjere korpsa si betydning. Gjennom vårt arbeid er vi ein sentral bidragsytar til livslang læring, auka livskvalitet og kulturbygging i heile landet.

NMF er ein nasjonal organisasjon med aktivitet i heile landet. NMF har medarbeidarar fordelt på hovudkontoret i Bergen og 8 regionkontor. NMF Nordvest har 218 korps og 6732 medlemmer.

Nettverk
Facebook
Sektor
Organisasjoner
Lederkategori
Leder
Sted
Julsundvegen 7, 6412 Molde
Bransje
Ideelle organisasjoner,
Kunst og kultur,
Musikk
Stillingsfunksjon
HR, personal og rekruttering,
Kontor og administrasjon,
Ledelse

Nøkkelord

Ledelse, leder, musikk, ideell, administrasjon

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Ingrid Sofie Nygaard
Stillingstittel
Daglig leder NMF Nordvest
Mobil
Vis telefonnummer
Kontaktperson
Karl Ole Midtbø
Stillingstittel
Generalsekretær NMF
Mobil
Vis telefonnummer

Julsundvegen 7, 6412 Molde

Annonseinformasjon

FINN-kode 148021656
Sist endret 2. jul. 2019 14:08

Rapporter annonse