Utløpt

Kommunalsjef samfunnsutvikling

Arbeidsgiver
Os kommune
Stillingstittel
Kommunalsjef samfunnsutvikling
Frist
Snarest
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med MU AS

Vår nye kommunalsjef for samfunnsutvikling skal gjennom medarbeidarane sine legge til rette for  utvikling og infrastruktur på ein måte som gjer at kommunen kan skape attraktive tettstadar og livskraftige lokalsamfunn. Du vil ha ansvar for å levere heilskaplege og innovative tenester innanfor dei tekniske tenestene i kommunen: plan, byggesak, oppmåling, eigedomsdrift, vatn og avløp, samferdsel. I tillegg ligg kultureininga til samfunnsutviklingsområdet i Bjørnafjorden kommune.

Nye E-39 mellom Svegatjørn og Rådal vil halvere reisetida til og frå Bergen. Utvikling av nye, spennande næringsområde i Lyseparken og vidareutvikling av Os sentrum er andre store satsingar. Kommunen skal handtere forventa folketalsvekst  på ein bærekraftig måte, og kommunalsjefen vil sikre god kvalitet på tenestene gjennom tilrettelegging for bustadbygging og gode tekniske løysingar.

Tverrfagleg arbeid er avgjerande for å lykkast i stillinga, og du vil bidra til god samhandling med utbyggarar, innbyggarar og næringsdrivande.

Som kommunalsjef vil du ha eit overordna ansvar for dei tradisjonelle tekniske tenestene.  Du får ein unik sjanse til å arbeide med innovative løysingar for å sikre framtidsretta og gode tenester til det beste for innbyggarane i den nye kommunen. Kommunalsjefen er ein viktig del av leiargruppa til rådmannen.

Vi ønskjer ein strategisk og trygg leiar med relevant høgare utdanning. Dokumenterte gode resultat frå relevante leiarstillingar og god forståing for samspelet  mellom politikk og administrasjon vil vektleggast. Du bør ha god kjennskap til lov- og avtaleverk i offentleg sektor, særleg innanfor eitt eller fleire av områda som sektoren har ansvar for. Erfaring frå leiing av komplekse, tverrfaglege planprosessar og prosjekt vil vere ein fordel. I tillegg ønskjer vi god kjennskap til og  forståing for digitale løysingar. Vi tilbyr ein unik sjanse til å vere med å bygge og utvikle ein ny kommune.

Spørsmål om stillinga kan rettast  til Mercuri Urval ved Gro Reinertsen tlf.  975 59 058 eller Anders Kleppe Norheim tlf. 975 59 059. Søk på stillinga snarast, og seinast 9. juni 2019. Alle førespurnader til Mercuri Urval blir behandla konfidensielt, om ønskjeleg òg overfor oppdragsgivar.

 

Om arbeidsgiveren

I januar 2020 blir kommunane Os og Fusa slått saman til Bjørnafjorden kommune. Den nye kommunen vil ha om lag 25 000 innbyggarar og vere i sterk vekst.
Vi vil legge til rette for gode liv i Bjørnafjorden kommune gjennom å lytte med respekt, finne smarte løysingar, inkludere og – ikkje minst – gjere det vi seier.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Torggata 7 (Rådhuset), 5202 Os
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Ledelse

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Gro Reinertsen
Stillingstittel
Direktør
Telefon
97 55 90 58
Nettverk
LinkedIn
Kontaktperson
Anders Kleppe Norheim
Stillingstittel
Researcher
Telefon
97 55 90 59
Nettverk
LinkedIn
Følg firma
2596 følger dette firmaet

Torggata 7 (Rådhuset), 5202 Os

Annonseinformasjon

FINN-kode 147593243
Sist endret 31. mai 2019 11:18

Rapporter annonse