Utløpt

Osterøy kommune søkjar ny leiar

Arbeidsgiver
Osterøy kommune
Stillingstittel
Einingsleiar Bu- og avlastningstenesta
Frist
07.05.2019
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Osterøy kommune

Kort om stillinga
Bu- og avlastingstenesta gir tenester til menneske med ulike former for utviklingshemming. Eininga har det siste året vore gjennom fleire endringar, der vi har lagt mykje arbeid ned i å sette retning for framtida. Det har blitt lagt eit godt grunnlag, med fokus på meistringsorienterte tenester og fagleg utvikling, innafor ein forsvarleg ressursbruk.

Vi søkjer ein trygg, inspirerande og meistringsorientert leiar, som ser moglegheiter og evner å ta i bruk handlingsrommet innafor eininga sine rammer. God fagleg forståing er nødvendig, for å forstå kompleksitet, utfordringar og moglegheiter i tenesta. Sektoren gjennomfører vekentleg leiarmøter der du som leiar får ein viktig rolle i å videreutvikle sektoren saman med dei andre einingsleiarane gjennom tverrfaglig samarbeid, prosjekt og kunnskapsdeling.

Einingsleiar for Bu- og avlastingstenesta har delegert ansvar for økonomi, personal og fag i si eining

Arbeidsoppgåver
Som einingsleiar får du ansvar for, i samarbeid med eininga sine avdelingsleiarar, fagleiar og fagkoordinatorar å vidareutvikle eininga og optimalisere drifta. Oppgåver som ligg til leiar er blant anna

  • Sikre optimal organisering av tenesta, innan tildelte rammer
  • Sikre kontinuerleg kompetanseheving innan miljøterapi i tråd med strategisk kompetanseplan
  • Iverksette strategi og prinsipp for tenesta, vedteken av heradsstyret
  • Overordna ansvar for kap 9
  • Systematisk kvalitetsforbetring
  • Arbeide for auka bredde i tenestetilbodet, saman med innføring av heiltidspolitikk i tenestene
  • Utarbeide budsjett for tenesta, i nært samarbeid med økonomikonsulent og sektorleiing
  • Samarbeid med eksterne aktørar
  • Delta i sektoren si leiargruppe, i arbeidet med å vidareutvikle sektoren
  • Delta i kompetanseforum og andre interne samarbeidsutval

Kompetanse
Bachelor innan helse- og sosialfag, primært vernepleie.
Vidareutdanning innan leiing er ønskeleg. Dersom søkjar ikkje har leiarutdanning kan søkjar inngå avtale om vidareutdanning i samarbeid med kommunen.
Erfaring frå brukargruppa spesielt og frå leiing generelt er nødvendig.
Må kunne nytte IKT som verktøy for å effektivisere arbeidsprosessar

Personlege eigenskapar
Den vi søkjer er initiativrik, god på kommunikasjon, nytenkande, strategisk og systemaisk. Gode relasjonelle evner er ein føresetnad, då store deler av arbeidet skjer i samhandling med andre. Vi ser etter ein person som har stabilt humør, evne til å takle utfordringar og vilje og evne til å stå i utfordrande situasjonar

Vi tilbyr
Ein krevjande og spanande arbeidskvardag, med stort handlingsrom og moglegheit for å påverke utvikling av tenestene.
Eit utfordrande og støttande arbeidsklima i sektoren si leiargruppe
Tett samarbeid og oppfølging av sektorleiinga
Ei velfungerande forvaltning
Personleg avløning med årlege lønsforhandlingar etter hovedtariffavtalen sitt kapittel 3 for kommunar.
God pensjon og forsikringsordningar i KLP med gode tilleggsordningar i KLP forsikring og bank.
Strukturerte medarbeidarsamtaler gjennom digitalt verktøy
Osterøy kommune skal innføre leiaravtale for sine leiarar i løpet av 2019.

Anna
Ved tilbod om stillinga vil det bli stilt krav om politiattest. Administrasjonsmålet er nynorsk. Gjennomføring av første gangs intervju er planlagt torsdag 16. mai.

Andre gangs intervju for søkjarar som blir invitert med vidare i prosessen er planlagt 21. mai. Osterøy kommune nyttar testverktøy i rekrutteringsprosessen.

Søknad
Søknad skal sendast elektronisk via rekrutteringssystemet vårt. Dersom du treng hjelp med registrering av søknad, ta kontakt med servicekontoret vårt, tlf 56 19 21 00.

Om arbeidsgiveren

Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av dei største innlandsøyene i Nord-Europa, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet aukar og har passert 8 000 innbyggjarar. Bru-/ferjesamband til nabokommunen, Bergen.

Nettverk
Facebook
Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Rådhusplassen, 5282 Lonevåg
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Ledelse

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Nina Kvamme
Stillingstittel
Sektorleiar Helse omsorg og sosial
Telefon
56 19 21 14
95 12 06 65
Kontaktperson
Kristin Ruud Myking
Stillingstittel
Nestleiar Helse omsorg og sosial
Telefon
56 19 21 19
99 01 00 87
Følg firma
173 følger dette firmaet

Rådhusplassen, 5282 Lonevåg

Annonseinformasjon

FINN-kode 145199742
Sist endret 8. mai 2019 00:19

Rapporter annonse