Utløpt

Vil du vera med å vidareutvikla, fornya og profesjonalisera nye Sogndal kommune?

Arbeidsgiver
Nye Sogndal kommune
Stillingstittel
Avdelingsleiar IKT og digitalisering
Frist
05.05.2019
Ansettelsesform
Fast

Nye Sogndal kommune vil modernisera, effektivisera og vidareutvikla kommunen.

I politisk plattform heiter det at me skal verte ein heildigital kommune.

Drift av IKT system er i desse dagar i ferd med å verte overført frå Sogn og Fjordane fylkeskommune (som har sagt opp avtalane med kommunane) til det interkommunale selskapet SYS IKT. 

 

Stillinga vil i 2019 tilhøyra prosjektorganisasjonen, med hovudfokus på at Nye Sogndal gjennom IKT prosjekt skal planlegge og sikre at kommunen er fullt ut operativ frå 01.01.2020.

Vidare skal ein sikra at overføring av IKT drift frå dagens fylkeskommune til SYS IKT går saumlaust og skjer på effektivt vis. Alle delprosjekt i IKT feltet må kvalitetssikrast, og ein må ha stor fokus på effektiv prosjektstyring, men og ha strategisk fokus for den nye kommunen frå 2020.

 

Nye Sogndal er i etableringsfasen og er under kontinuerleg omstilling og endring. Avdelingsleiar for IKT og digitalisering vil få ei viktig rolle i dette arbeidet, både internt og eksternt. Me har under arbeid ein digitaliseringsstrategi, som skal vedtakast politisk. Me ønskjer å framstå som moderne, kostnadseffektiv og profesjonell i vår interne og eksterne kommunikasjon, og på alle plattformer.

 

Stillinga har stor breidde, som gjev mogelegheiter og variasjon.

 

Avdelingsleiar for IKT og digitalisering må sikra gode samhandlingsarenaer og rutinar på feltet, samt vere orientert om dei ulike sektorane sine faglege mogelegheiter og utfordringar, ein må leggje opp til tett samarbeid med driftsorganisasjonen SYS IKT, eigne medarbeidarar. Ein skal vidareutvikla IKT, slik at ein vidarefører og vidareutviklar kompetanse, effektivitet og service, slik at ein kan understøtta effektive arbeidsprosessar på alle nivå. Ein må lika utvikling, drift og ha god forståing for kommunal sektor, og dei utfordringar og mogelegheiter som kjem.

 

Arbeidsoppgåver

- Oppfølging og vidareutvikling av IKT- strategi.

- Driftsoppgåver, leiing av medarbeidarar og lærlingar.

- Sikra at me vert ein effektiv og god digital kommune med kostnadseffektive løysingar.

- Utvikling av ikt feltet på ulike områder.

- Tekniske løysingar som medverkar til effektiv innbyggjarinvolvering og brukarmedverknad; strategi og praktisk oppfølging.

 

Formalkompetanse:

- Relevant utdanning frå høgskule/universitet, fortrinnsvis masternivå.

 

Realkompetanse:

- Erfaring frå og med ikt utvikling og drift.

- Erfaring med prosjektleiing.

- Svært god og trygg formidlingsevne, skriftleg- og munnleg.

- Erfaring frå offentleg forvaltning er ønskjeleg.

- Fagleg oppdatert, analytisk, effektiv.

- Leiarerfaring er ønskjeleg.

 

Personlege eigenskapar:

- Evne til å arbeide sjølvstendig, men på same tid ha gode samarbeidseigenskapar og motivere kollegaer.

- Fleksibel, dynamisk.

- Integritet.

- Vere positiv og engasjert.

- God formidlingsevne.

- Gode samarbeidseigenskapar.

- Initiativrik og sjølvstendig.

- Strukturert og engasjert.

- Løysingsorientert.

 

Personlege eigenskapar som krevst i stillinga vil verte vektlagd.

 

Vi kan tilby

- 100% fast stilling med oppstart etter avtale.

- Gunstig pensjonsordning og ulukkes- og gruppelivsforsikring.

- Ein arbeidsplass som er ein inkluderande arbeidsliv(IA)-bedrift.

- Løn etter avtale.

 

Arbeidsstad

Sogndal

 

For søknad

Bruk søknadsskjema som ligg til stillingsannonsen på vår heimeside: www.nye.sogndal.kommune.no - ledige stillingar.

For spørsmål kontakt Tenestetorget på tlf. 57 62 96 00.

 

Dersom du skal søkje på fleire stillingar må du sende ein søknad pr. stilling.

Det er ikkje naudsynt å sende kopi av vitnemål, attestar kursbevis m.m. Desse skal takast med ved eventuelt intervju eller sendast ved førespurnad.

 

Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-post adresse i søknaden og det er merka av for at ein ønskjer å motta informasjon om søknaden på e-post.

 

I skjemaet er det mogeleg å krysse av for at søknaden ikkje skal bli offentleggjort, men gjer merksam på at CV vert brukt i utvida søkjarliste. Dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal bli offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan bli offentleggjorde, jamfør Offentleglova §25. Du vil då bli varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.

 

 

Søknadsfrist        05.05.2019

Om arbeidsgiveren

Kommunane Balestrand, Leikanger og Sogndal går saman til ein ny felles storkommune i Sogn frå 01.01.2020. Den nye kommunen vil få nærare 12.000 innbyggjarar og meir enn 3.000 studentar. Nye Sogndal kommune vil ha nær 1.200 årsverk. Den nye kommunen vert ein vekstkommune, der me skal leggje til rette for gode og effektive tenester. Ein finn eit mangfaldig og offensivt næringsliv, i tillegg er kommunen ein viktig vertskommune for sentrale statlege og regionale funksjonar. Nye Sogndal byr på urbane kvalitetar med eit aktivt idretts-, lag og organisasjonsliv. Kommunen har mange
flotte buområde og vakker natur, samt eit rikt kultur- og friluftstilbod for alle. Regionen er ein av dei største reiselivsmåla i landet, og har mykje å by på både for fastbuande og for tilreisande. Nye Sogndal skal fremja godt samarbeid med innbyggjarar, lag og organisasjonar, næringsliv og andre aktørar.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Fagleder
Sted
6856 Sogndal
Bransje
IT,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
IT drift og vedlikehold / Drift/Operations,
IT utvikling / Utvikler (generell),
Prosjektledelse

Nøkkelord

utvikling

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Stig Arne Thune
Stillingstittel
prosjektrådmann
Mobil
95 02 58 12
Kontaktperson
Marianne Skjeldestad Hove
Stillingstittel
økonomisjef
Mobil
90 79 60 89
Følg firma
1 følger dette firmaet

6856 Sogndal

Annonseinformasjon

FINN-kode 145141069
Sist endret 28. mai 2019 13:20

Rapporter annonse