Utløpt

Dagleg Leiar

Arbeidsgiver
Stryn Energi AS
Stillingstittel
Dagleg Leiar
Frist
05.05.2019
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med MU AS

Energibransjen står overfor store endringar dei neste åra med digitalisering, strukturendringar, meir fornybar energi og ei rivande teknologiutvikling. Vi søkjer no etter kaptein til laget som skal leie Stryn Energi i denne spennande tida og bidra til ytterlegare vekst i ei framtidsretta næring.

Den vi søkjer har god teknisk og økonomisk forståing, og har evne til å jobbe målretta og strategisk for å realisere målsetningane til selskapet på kort og lang sikt. Det er ønskeleg med erfaring innan endringsleiing og forretningsutvikling, samtidig som ein har fokus på strømlinjeforming av dagleg drift.

Vi søkjer ein tydeleg og løysingsorientert leiar som saman med styret skal leie den vidare utviklinga av Stryn Energi. Dagleg leiar har det overordna  resultat- og personalansvaret, og er samstundes ansvarleg for å realisere verksemda sin strategi. 

Vi ser etter ein person som trivast med både operativt og strategisk arbeid, og som har sterk evne til å gjennomføre. 

Den vi søkjer har høgare utdanning, og bakgrunn frå kraftbransjen vil vere ein fordel. Rette vedkomande er involverande og relasjonssterk og vil vere ein rollemodell som skaper tillit både hos tilsette, eigarar og styret. Vi verdset  initiativ og gjennomføringskraft. Gode evner til samarbeid  er ei forutsetning.

Vi tilbyr ei spennande og utviklande stilling med utfordrande oppgåver i ein marknad i endring. Dagleg leiar vil vere sentral i vidare utvikling og vekst.

Spørsmål om stillinga kan rettast  til Mercuri Urval ved Bjørn M Godsveen tlf. 975 59 063/ Ole Petter Bratteberg, tlf. 975 59 036. Eventuelt styreleiar Rune Egil Myklebust tlf. 959 23 253. 

Søk på stillinga på Jobbnorge snarast og seinast 5. mai 2019.

Om arbeidsgiveren

Stryn Energi vart etablert i 1920 og som kraftkonsert frå 2007. Det består av morselskapet Stryn Energi AS og dotterselskapet Innvik Kraftverk AS. Selskapa er heimehøyrande i Stryn Kommune. Stryn Energi AS driv produksjon, overføring og omsetnad av elektrisk energi. Konsernet har 21 tilsette, omsette i 2017 for ca. 100 mill. kroner og har ein eigenkapital på nær 86,5 mill. kroner.

Les meir på www.stryn-energi.no

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
TINGGATA 3, 6783 Stryn
Bransje
Kraft og energi
Stillingsfunksjon
Ledelse,
Forretningsutvikling og strategi

Nøkkelord

strøm, fornybar, energi, offentleg

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Bjørn M Godsveen
Stillingstittel
Konsulent Mercuri Urval
Telefon
97 55 90 63
Nettverk
LinkedIn
Kontaktperson
Rune Egil Myklebust
Stillingstittel
Styreleiar i Stryn Energi AS
Følg firma
2596 følger dette firmaet

TINGGATA 3, 6783 Stryn

Annonseinformasjon

FINN-kode 144703287
Sist endret 6. mai 2019 00:16

Rapporter annonse