Utløpt

Er du brennande engasjert for frivillig sektor?

Arbeidsgiver
Radøy kommune
Stillingstittel
Dagleg leiar Radøy [Manger] Frivilligsentral
Frist
05.05.2019
Ansettelsesform
Fast

Stillingsinformasjon

Er du brennande engasjert for frivillig sektor? Frå 1.6.2019 vert det ledig stilling som dagleg leiar for Radøy Frivilligsentral og vi søkjer deg som ønskjer å arbeide koordinerande og utviklande opp mot det lokale organisasjons- og frivilligheitslivet.

Om arbeidsstaden

Radøy Frivilligsentral held til i den gamle prestegarden på Manger, og samarbeidar tett med det rike kultur- og organisasjonslivet i kommunen.  Radøy kommune vart kåra til årets kulturkommune i Hordaland 2018, og årets barne- og ungdomskommune i Noreg 2014. 
Frå 1.1.2020 vert sentralen del av kulturtenesta i Alver kommune, organisert under avdelinga Kulturutvikling, idrett og frivilligheit. Som dagleg leiar vil du her inngå i eit team- og fagfellesskap med frivilligsentralane i Lindås og Meland. Alver kommune vil ha nærmare 30 000 innbyggjarar, derav 5 000 i dagens Radøy kommune.

Ansvar og arbeidsoppgåver

Dine sentrale oppgåver vil vere:
- Prosjektarbeid og samarbeid med frivillig sektor
- Koordinerings- og utviklingsoppgåver med frivillig sektor
- Initiering av nye tiltak og tilbod

Som dagleg leiar skal du jobbe med den daglege drifta av Radøy Frivilligsentral og samarbeide med sentralane i Meland, Lindås og andre fellesprosjekt og -oppgåver. Du skal vere med og utvikle sentralens rolle og posisjon i lokalsamfunnet, og jobbe med langsiktig utviklingsarbeid for å byggje samhandling mellom offentleg, privat og frivillig sektor. 

Kveld- og helgearbeid må påreknast. 

Kvalifikasjonskrav

- Du har relevant utdanning på bachelornivå
- Du samarbeidar og kommuniserer godt både munnleg og skriftleg
- Du har kjennskap til samtidige strømmingar i samfunnet og frivilligheita
- Du har førarkort klasse B

Som dagleg leiar er du kreativ og løysingsorientert, og evner å jobbe både sjølvstendig og tett med andre i team. Du har kunnskap og erfaring med bruk av sosiale medier og normal programvare som blant anna Office og Adobe. Du har gjerne kjennskap til kommunalt styringssystem og sakshandsaming, og erfaring/kompetanse frå organisasjonslivet, leiing, prosjektarbeid og økonomi. Det vil verte lagt vekt på kunnskap og erfaring innan organisasjons- og frivilligheitsfeltet, og personleg eignaheit for stillinga. Administrasjonsspråket i Radøy kommune, og framtidige Alver kommune, er nynorsk.

Vi kan tilby

Løn etter gjeldande tariffavtale
God pensjonsordning

Politiattest

Det vert stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.

Om arbeidsgiveren

Kommunane Lindås, Meland og Radøy i Nordhordland skal slå seg saman til Alver kommune frå 01.01.2020. Den nye kommunen får nærare 30.000 innbyggjarar og ca 2500 tilsette. Knarvik blir kommunesenter. Arbeidet med å byggje den nye kommunen er starta, og i 2018 og 2019 blir det jobba med å etablere den nye organisasjonen. I intensjonsavtalen er det lagt vekt på at den nye kommunen skal vere ein heilskapleg samfunnsutviklar og byggja fellesskap i ein region med sterk vekst og utvikling

Nettverk
Facebook
Sektor
Offentlig
Lederkategori
Fagleder
Sted
Radøyvegen 1690, 5936 Manger
Bransje
Offentlig administrasjon,
Kunst og kultur
Stillingsfunksjon
Ledelse

Nøkkelord

frivillig, prosjektarbeid, utvikling, sakshandsaming, ledelse

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Lisbeth Toppe Alvær
Stillingstittel
Kommunalsjef drift og forvaltning
Telefon
56 34 90 19
Kontaktperson
Eirik Bouwer Utne
Stillingstittel
Kutursjef
Telefon
93 41 30 89
Følg firma
38 følger dette firmaet

Radøyvegen 1690, 5936 Manger

Annonseinformasjon

FINN-kode 144702958
Sist endret 6. mai 2019 00:16

Rapporter annonse