Utløpt

Spennande leiarstilling i avdeling for likestilling, diskriminering og internasjonale saker

Arbeidsgiver
Kulturdepartementet
Stillingstittel
Avdelingsdirektør
Frist
30.04.2019
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Kultur- og likestillingsdepartementet
Om stillinga

Leiinga av seksjonen inneber ansvar for dei juridiske oppgåvene i avdelinga, særleg oppgåver innan diskrimineringsrett. Seksjonen har ansvar for internasjonale oppgåver på likestillingsområdet og kulturområdet.

Dette omfattar mellom anna koordinering av saker knytt til EU/EØS-området, nordområdesatsinga, FN (medrekna Unesco), Europarådet, Nordisk ministerråd og OECD. Seksjonen består av 12-14 medarbeidarar.


Arbeidsoppgåver
  • leie og organisere arbeidet i seksjonen
  • utvikle fagområda og medarbeidarar
  • bidra til leiing og utvikling av avdelinga

Kvalifikasjonar

Som leiar av seksjonen må du vere handlekraftig, kreativ og løysingsorientert, ha evne til analytisk og strategisk tenking og kunne utvikle felta seksjonen har ansvar for. Stillinga krev at du er administrativt ryddig og forstår rolla som leiar i eit departement. Det inneber at du òg har god forvaltnings- og prosesskompetanse.

Seksjonsleiaren skal ha relasjonar til eksterne aktørar og delta i internasjonale forum. Det er derfor viktig at du kan fylle rolla godt i alle slike samanhengar. Du har godt humør og kommuniserer lett med alle. Du er opptatt av medarbeidarane dine og evnar å sette mål, gi tilbakemeldingar og legge til rette for utvikling.

Vi søker etter deg som:

  • har utdanning på masternivå, fortrinnsvis juss eller samfunnsvitskap
  • er fleksibel, sjølvstendig og har svært gode samarbeidsevner
  • har leiarerfaring og ein trygg, tydeleg og motiverande leiarstil
  • har motivasjon og interesse for leiing
  • har gode evner til å organisere arbeidet, delegere og sørge for framdrift og gode
  • leveransar til rett tid
  • er initiativrik, utviklingsorientert og har gjennomføringsevne
  • har god forståing for forholdet mellom politikk og forvaltning og for embetsrolla
  • har erfaring frå offentleg verksemd; departementserfaring er ein fordel
  • har svært god munnleg og skriftleg formidlingsevne på norsk og engelsk

Det er ein fordel om du har kjennskap til politikkområda og/eller erfaring frå internasjonalt arbeid.

Stillinga er eit embete, og du må derfor vere norsk statsborgar for å bli tilsett. Det er òg eit krav at du kan få tryggingsklarering. Klausul om mogleg karantene og saksforbod ved overgang til ny stilling utanfor staten inngår i arbeidsavtalen.


Vi tilbyr
  • spennande og fagleg utfordrande arbeids- og leiaroppgåver
  • eit godt arbeidsmiljø med kunnskapsrike og kompetente medarbeidarar
  • deltaking i leiing og utvikling av avdelinga
  • fleksibel arbeidstidsordning
  • god pensjons- og forsikringsordning gjennom Statens pensjonskasse
  • lønn som avdelingsdirektør frå kr 800 000 til kr 940 000 brutto per år (for særleg kvalifiserte søkarar kan høgare lønn vere aktuelt)

Inkluderande arbeidsliv og mangfald

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i samfunnet. Det er derfor eit personalpolitisk mål å få til ei balansert samansetjing av tilsette på tvers av alder og kjønn, og å rekruttere personar med innvandrarbakgrunn, nedsett funksjonsevne og personar som har stått utanfor arbeid og utdanning i ein lengre periode. Opplysningar om dette kan bli brukt til registerformål.


Offentleg søkarliste og kontakt

Opplysningar om søkaren kan offentleggjerast sjølv om søkaren har bedt om å ikkje bli ført opp på den offentlege søkarlista. Departementet vil svare på krav om unntak frå den offentlege søkarlista før vi offentleggjer lista.

Vil du vite meir om stillinga, kan du ta kontakt med ekspedisjonssjef Hege Nygård på mobil 916 64 383.


Om arbeidsgiveren

Kulturdepartementet (KUD) har ansvar for den statlege politikken og forvaltninga på områda kultur, medium, idrett, frivillig verksemd, likestilling og diskriminering. Departementet har om lag 160 tilsette, fordelte på fem avdelingar og ei kommunikasjonseining. Meir informasjon om departementet finn du på www.regjeringa.no.

Kulturdepartementet har overtatt ansvaret for likestillings- og diskrimineringsområdet. Saksområdet blir frå 1. mai 2019 organisert i ei eiga avdeling i departementet, som òg får ansvar for kulturelt mangfald og internasjonale kultursaker. Ansvaret for styringa av Diskrimineringsnemnda, Likestillings- og diskrimineringsombodet og likestillingsoppgåvene i Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet blir òg lagt til avdelinga.

Avdelinga er under etablering og vil bestå av to seksjonar og stab. Til saman vil avdelinga ha 25-30 medarbeidarar.

Seksjon for likestilling og kulturelt mangfald vil ha hovudansvar for politikkutviklinga på likestillings- og diskrimineringsområdet og for å bidra til eit kulturelt mangfald. Seksjon for juridiske og internasjonale saker vil ha hovudansvar for juridiske oppgåver, internasjonalt arbeid på likestillings- og diskrimineringsområdet og for internasjonale kultursaker.

Avdelinga arbeider med eit breitt spekter av verkemiddel innanfor politikkområda, med hovudvekt på lov- og politikkutvikling, tilskotsordningar, strategiar og handlingsplanar, forskings- og utviklingsarbeid (FoU) og styring av underliggande verksemder. Avdelinga deltar i internasjonalt arbeid på det likestillingspolitiske og kulturpolitiske området i forum som FN, EU/EØS, Europarådet, Nordisk ministerråd og OECD.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Grubbegata 1, 0179 Oslo
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Jurist,
Ledelse
Følg firma
1386 følger dette firmaet

Grubbegata 1, 0179 Oslo

Annonseinformasjon

FINN-kode 144649765
Sist endret 9. apr. 2019 19:24

Rapporter annonse