Sjukehusapotekar ved Sjukehusapoteket i Førde
- Stillingstittel
- Sjukehusapotekar ved Sjukehusapoteket i Førde
- Frist
- 30.04.2019
- Ansettelsesform
- Fast
Du kan bli ein av 4 apotekarar hjå oss i Sjukehusapoteka Vest. Dette er ein spennande stilling med høve til å påverke utviklinga av fagområdet lokalt og i Helse Vest. Du blir medlem av føretaket si leiargruppe og rapporterer til administrerande direktør. Sjukehusapoteket i Førde står føre ei spanande tid med m.a etablering av heilt nye apoteklokaler i sjukehuset.
Arbeidsoppgåver
- Som apotekar er du øvste leiar for apoteket med administrativt, økonomisk og fagleg ansvar for apoteket si drift og utvikling.
- Vidareutvikling av samarbeidet med Helse Førde står sentralt, samt å utvikle tenester og servicefunksjonar i fellesskap med Sjukehusapoteka Vest.
Kvalifikasjonar
- Vi treng deg som trivs i leiarrolla, og har erfaring frå apotekdrift
- Du har master i Farmasi og fyller krava til å få driftskonsesjon
- Du arbeidar strukturert og likar å skape gode resultat
- Du fremjar samarbeid og bidreg til trivsel og eit godt arbeidsmiljø
- Du har forståing for leiarrolla og vil utvikle deg og dine leiarar
Utdanning
- Cand Pharm
Vi tilbyr
- Stillingsbrøk: 100%
- Spennande leiarstilling i ein organisasjon med positiv utvikling
- Stort, kompetent og inspirerande farmasifagleg miljø
- Lønn etter avtale.
Om arbeidsgiveren
Sjukehusapoteka Vest (SAV) er eit helseføretak i Helse Vest med om lag 300 tilsette som leverer legemiddel, apotekvarer og farmasifaglege tenester til spesialisthelsetenesta på Vestlandet. Omsetning er på vel 1,2 milliardar kroner. Føretaket har administrasjon i Bergen, og driv sjukehusapotek i Førde, Bergen, Haugesund og Stavanger. Sjukehusapoteka Vest satsar på nye teknologiske løysingar og på tenester som bidreg til auka pasienttryggleik, betra kvalitet og meir effektive tenester i sjukehusa.
Sjukehusapoteka Vest HF skal så langt råd er avspegle mangfaldet i befolkninga.
Sjå nettsida vår for meir informasjon www.sjukehusapoteka-vest.no
- Sektor
- Offentlig
- Lederkategori
- Fagleder
- Sted
- Svanehanugveien 2, 6812 Førde
- Bransje
- Farmasi og legemiddel,
- Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell / Farmasøyt,
- Ledelse
Nøkkelord
Sykehusfarmasi
Spørsmål om stillingen
- Kontaktperson
- Jon Bolstad
- Stillingstittel
- Administrerende Direktør
- Telefon
- 93 24 31 52
- Kontaktperson
- Berit Berntsen
- Stillingstittel
- HR og org.direktør
- Telefon
- 48 16 26 88
Følg firma
195 følger dette firmaet
Svanehanugveien 2, 6812 Førde