Utløpt

Tenesteleiar for Miljøterapitenesta

Arbeidsgiver
Vågå kommune
Stillingstittel
Tenesteleiar
Frist
25.04.2019
Ansettelsesform
Fast

Vågå kommune ligg i Nord- Gudbrandsdalen, midt mellom nasjonalparkane Jotunheimen og Rondane. Kommunesenteret Vågåmo er ein konsentrert og triveleg handelsstad, med eit godt utbygd servicetilbod. Vågå har eit godt barnehage- og skuletilbod, og eit allsidig og rikt kulturliv. Nasjonalparkane gjev moglegheit for store naturopplevingar, som til dømes jakt og fiske.

I teneste er det for tida tre bustadfellesskap og eit dagaktivitetssenter med totalt 18 brukarar/bebuarar. Tenesteleiaren vil ha det overordna ansvar for tenesta i lag med to avdelingsleiarar.

Vi søkjer ein leiar som blir motivert av utfordringar, arbeidar systematisk og målretta.


Sentrale arbeidsoppgåver:

- Strategi- og utviklingsarbeid slik at tenesta kan levere tenester med høg kvalitet

- Vere oppteken av innovasjon og nytenking i offentleg sektor

- Byggje kompetanse for å gjere tenesta meir robust

- Samarbeid og involvering av alle partar (tilsette, bebuarar/verjer, administrasjon og eksterne samarbeidspartar som Fylkesmannen i Oppland/habiliteringstenesta og Distriktspsykiatrisk senter.


Kvalifikasjonar:

Vi søkjer ein tenesteleiar med relevant utdanning på minst bachelornivå eller tilsvarande, fortrinnsvis innan helserett. Det er ønskjeleg med tilleggsutdanning i leiing, men leiarerfaring kan kompensere for manglande leiarutdanning. Du må vere flink med folk, ha evne til å skape gode relasjonar og vere inspirerande. Personleg eignaheit blir særleg vektlagt.


Lønn etter avtale.

Nærare opplysningar om stillinga kan du få hjå rådmann Jan Egil Fossmo tlf. 90 13 23 35.

Søknad m/CV skal sendast på elektronisk søknadsskjema via heimesida www.vaga.kommune.no . Kopi av attestar og vitnemål skal berre sendast etter nærare avtale eller leverast i samband med intervju.

Søknadsfrist: 25.04.19.


Vågå kommune er opptekne av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.

Vi gjer merksame på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off.lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.

 

Nettverk
Facebook, X
Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Edv. Stormsveg 2, 2680 Vågå
Bransje
Helse og omsorg,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Ledelse

Nøkkelord

miljøterapitjeneste, bofellesskap, funksjonshemma, tjenesteleder, miljøarbeid

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Jan Egil Fossmo
Stillingstittel
Rådmann
Mobil
Vis telefonnummer

Edv. Stormsveg 2, 2680 Vågå

Annonseinformasjon

FINN-kode 144182218
Sist endret 16. mai 2019 12:32

Rapporter annonse