Utløpt

Kvalitetsleiar

Arbeidsgiver
Osland Havbruk
Stillingstittel
Kvalitetsleiar
Frist
12.04.2019
Ansettelsesform
Fast



Kvalitetsleiar

 

Osland Havbruk AS er eit av dei eldste
fiskeoppdrettselskapa i landet, og har hovudkontor i Bjordal i Høyanger
kommune. Vi produserer ein smak av Sognefjorden basert på naturgitte fortrinn,
dyktige medarbeidarar og ei leiing som ser moglegheit for vekst og utvikling.
Konsernet har 45 tilsette.

 

Les meir om oss på osland.no

 

Vi arbeider kontinuerleg for å oppnå bærekraftig, trygg produksjon. Vi søkjer no deg som
vil medverke til god utvikling og vekst i selskapet gjennom aktiv og fagleg
tyngde innan fagområdet.

Som kvalitetsleiar i Osland Havbruk får du ei sentral rolle i arbeidet med å produserer trygg og god sjømat og skape god
HMS-kultur i konsernet. Du blir del av leiarteamet og arbeider tett opp mot
driftsleiarar og administrasjonsleiar.



Du må ha kunnskap/erfaring
med myndigheitskrav og sertifiseringar innan ISO-standarden.  



Arbeidsoppgåver




    • Bidra aktivt med
           forbetringsarbeid knytt til kvalitet og HMS.

 

    • Fagleg ansvar for
           vurdering, implementering og oppfølging av HMS-, kvalitets- og
           internkontrollsystem. 

 

    • Fagleg ansvar for at
           selskapa til ei kvar tid har prosessar som er i samsvar med interne og
           eksterne krav.

 

    • Sørge for at
           internkontrollsystemet vårt dekkjer krav til oppfølging av konsesjonar,
           lover, forskrifter og standardar.

 

    • Medverke i dagleg
           planlegging av produksjon og prosessar, knytt til risikovurderingar og
           selskapets kvalitetsarbeid.

 

    • Ansvarleg for
           oppfølging av skadar og hendingar.

 

    • Støtte linjeleiing
           ved revisjonar frå sertifiseringsorgan, myndigheiter og kundar.

 

    • Medverke med
           informasjon til tilsette i produksjonen knytt til KHMS og aktiv opplæring
           og bygging av HMS-kultur.

 

    • Leie og utvikle gode
           HMS-arenaer. 

 

    • Granskingsleiar for
           hendingar og avvik.




Kvalifikasjonar




    • Høgare relevant
           utdanning

 

    • Fortrinnsvis
           erfaring med oppdrett eller sjøfart elles

 

    • Har erfaring og
           interesse for kvalitetsarbeid og HMS

 

    • Er målretta,
           strukturert og nøyaktig

 

    • God avsluttar og
           gjennomføringsevne

 

    • Har gode munnlege og
           skriftlege kommunikasjonsferdigheiter på norsk

 

    • Gode datakunnskapar
           og evner å drive fram nye digitaliseringsløysingar

 

    • Relevant erfaring
           vil kunne vege opp for manglande utdanning




Vi kan tilby




  • Konkurransedyktige
    vilkår

  • Utfordrande
    og spennande arbeid i ei matproduksjonsbedrift som også i framtida skal levere
    ein «smak av Sognefjorden»





Arbeidsstad er i
utgangspunktet Bjordal men vi er opne for fleksible løysingar



Søknadsfrist 12. april



Send søknad og CV til:

Marte Hatlevik, Økonomi- og administrasjonsleiar



e-post: marte.hatlevik@osland.no

tlf:  + 47 482 46 195



Innkomne søknader blir vurdert fortløpande.

Om arbeidsgiveren

Osland Havbruk AS er eit av dei eldste fiskeoppdrettselskapa i landet, og har hovudkontor i Bjordal i Høyanger kommune. Vi produserer ein smak av Sognefjorden basert på naturgitte fortrinn, dyktige medarbeidarar og ei leiing som ser moglegheit for vekst og utvikling. Konsernet har 45 tilsette.

Nettverk
Facebook
Sektor
Privat
Lederkategori
Leder
Sted
Sørsidevegen 2966, 5962 Bjordal
Bransje
Fiskeri og oppdrett
Stillingsfunksjon
HMS

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Marte Hatlevik
Telefon
48 24 61 95
Følg firma
11 følger dette firmaet

Sørsidevegen 2966, 5962 Bjordal

Annonseinformasjon

FINN-kode 143088201
Sist endret 22. mar. 2019 14:32

Rapporter annonse