Utløpt

Osterøy kommune søkjer ny rektor ved Lonevåg skule

Arbeidsgiver
Osterøy kommune
Stillingstittel
Rektor
Frist
10.04.2019
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Osterøy kommune

Kort om stillinga

Osterøy kommune har frå 01.08.2019 ledig ei 100% stilling som rektor ved Lonevåg skule. Lonevåg skule ligg i Lonevåg som er kommunesenteret i Osterøy kommune. Lonevåg skule er ein 1-7skule med 209 elevar og om lag 34 tilsette. Skulen har SFO-ordning med om lag 50 barn.

Osterøy kommune driv skuleutvikling gjennom fellesomgrepet Osterøyskulen. For tida er språkløyper hovudsatsinga. Vi har gjennom fleire år fokusert tydeleg på heilskapleg oppvekstløp, gode overgangar og tidleg innsats. Dei tilsette ved Lonevåg skule forpliktar seg til å samarbeide og kommunisere godt på ulike arenaer og med ulike grupper barn og vaksne. Dei må kunne profilere skulen sitt verdisyn og samfunnsansvar. "Lonevåg skule - omsorg - ansvar - respekt."

Vi ynskjer ein rektor som kan vidareføre arbeidet med eit inkluderande og trygt skulemiljø i samarbeid med heimane.

Rektor må kunne leie kollektive prosessar i implementering av fagfornyinga og sjå dei nye muligheitene som ny læringsteknologi gir.

 

Arbeidsoppgåver

- Legge til rette for gode læringsprosessar på skulen der ein set elevane sitt læringsmiljø og læringsutbytte i sentrum.

- Utøve tydeleg leiing gjennom gode prosessar for å gjennomføre nasjonalt og lokalt vedteken skulepolitikk.

- Vidareutvikle skulen som lærande organisasjon, sjå sin eigen skule som ein del av ein større heilskap og medverke til å utvikle det systemet skulen er ein del av. Som rektor er du ein viktig bidragsytar i vårt lærande rektornettverk og pådrivar for å fylgje opp kommunale satsingar på eigen skule.

- Ivareta skulen sitt samfunnsoppdrag. Må ha kjennskap til lov og regelverk, samt gjeldande læreplanverk. Rektor må ha god intern administrasjon, styring og kontroll av skulen si verksemd.

 

Kompetanse

Krav om godkjent pedagogisk utdanning.

Relevant leiarerfaring

Ynskjeleg med leiarutdanning/ eventuelt avtale gjennomføring av minimum rektorskule.

Fordel med erfaring frå skuleadministrative system.

Gode generelle ferdigheiter innan IKT

 

Personlege eigenskapar

Evne til å bygge gode relasjonar til elevar, medarbeidarar og føresette.

Gode kommunikasjonsevner og likar å arbeide i team.

Løysningsorientert.

Beslutningsdyktig og har evne til å stå i omstilling over tid.

Strukturert og med god ordenssans.

Pådrivar i skulen sitt utviklingsarbeid.

Evne og vilje til å ta initativ til pedagogisk og administrativ nytenking og kunne gjennomføre nødvendige prosessar.

 

Vi tilbyr

Gode pensjons- og forsikringsvilkår.

Godt arbeidsmiljø.

God utviklingsarena som leiar.

Godt og tett kommunalt samarbeid med andre leiarar og rektorar.

 

Anna

Søkjarlister er offentlege.

Vitnemål og attestar som ikkje er lasta opp elektronisk, vil ikkje bli returnert.

Krav om politiattest j.f.opplæringslova § 10-9.

 

Søknad

Søknad skal sendast elektronisk via rekrutteringssystemet vårt. Dersom du treng hjelp med registrering av søknad, ta kontakt med servicekontoret vårt, tlf 56 19 21 00.

 

Kontaktperson

Ivar Sandgren, Sektorleiar for oppvekst, undervisning og kultur, tlf: 56192115, mobil: 90616700, ivar.sandgren@osteroy.kommu

Astrid Brandal Øvsthus, tlf: 56192211, mobil: 95123075, astrid.ovsthus@osteroy.kommune.no

Om arbeidsgiveren

Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av dei største innlandsøyene i Nord-Europa, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet aukar og har passert 8 000 innbyggjarar. Bru-/ferjesamband til nabokommunen, Bergen.

Nettverk
Facebook
Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Rådhusplassen, 5282 Lonevåg
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Rektor / Ass. Rektor

Nøkkelord

Rektor, skole, barneskole, leder, Osterøy

Følg firma
173 følger dette firmaet

Rådhusplassen, 5282 Lonevåg

Annonseinformasjon

FINN-kode 143084108
Sist endret 22. mar. 2019 13:17

Rapporter annonse