Utløpt

SLab AS søkjer ny dagleg leiar

Arbeidsgiver
SLab AS
Stillingstittel
Dagleg leiar
Frist
07.04.2019
Ansettelsesform
Fast

Den daglege leiaren har det administrative ansvaret for laboratoriet, er kundekontakt og leveranseansvarleg, og planlegg den daglege drifta av laboratoriet saman med kvalitetsleiar. Søkjaren bør ha gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, må ha god og sjølvstendig gjennomføringsevne og kunne stå på når det trengs. Ein må vere budd på eit tidvis hektisk arbeid, ved å leie ei bedrift som leverer tenester som ferskvare.

 

Vi ynskjer fortrinnsvis ein person med høgare utdanning innan kjemi / biologi, men det er og viktig at den daglege leiaren har god økonomi- og forretningsforståing. Stillinga er tillagt personal- og administrativt ansvar og den daglege leiaren må kunna utvikla og utnytta det potensialet som ligg i marknaden for slike tenester i regionen. Erfaring med laboratoriearbeid og / eller akvakultur vil vere verdifullt.

 

Søkjaren må ha førarkort klasse B. Bedrifta kan tilby ordna lønns- og pensjonsforhold, og dyktige og engasjerte kollegaer.

Ta kontakt for mer informasjon: nataliia@slab.no


Om arbeidsgiveren

SLab AS er eit privat analyselaboratorium som utfører akkrediterte mikrobiologiske og kjemiske analysar for m.a. kundar innan akvakulturnæringa, vassverk og industriverksemder. Selskapet har 6 tilsette og held til i nye, moderne lokale med analyselaboratorium på Heiane Vest på Stord.

Noverande dagleg leiar flyttar til anna del av landet, og Slab søker no etter ny Dagleg leiar.

Sektor
Privat
Sted
Meatjønnsvegen 32, 5412 Stord
Bransje
Fiskeri og oppdrett,
Forskning, utdanning og vitenskap,
Matvareproduksjon og -industri
Stillingsfunksjon
Ledelse

Nøkkelord

Laboratorieledelse, Personalledelse, Markedsføring, Daglig drift, Økonomi

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Natalia Hansen
Stillingstittel
Dagleg leiar
Mobil
Vis telefonnummer
Kontaktperson
Joar Øygard
Stillingstittel
Styremedlem
Mobil
Vis telefonnummer

Meatjønnsvegen 32, 5412 Stord

Annonseinformasjon

FINN-kode 143072157
Sist endret 3. mai 2019 11:56

Rapporter annonse