Utløpt

Rektorstillingar i Hå kommune

Arbeidsgiver
Hå kommune
Stillingstittel
Rektor
Frist
21.03.2019
Ansettelsesform
Fast

Hå kommune har frå 1.8.2019 ledig to 100% stillingar som rektor . Høyland og Motland skule sine gode rektorar skal over i nye stillingar, derfor søkjer vi nå deira stedfortredarar.

Høyland skule ligg på Høyland langs fylkesveg 44 mellom Nærbø og Bryne. Skulen har ca. 130 elevar frå 1. - 7. klasse og omlag 20 tilsette. Motland skule er ein barneskule med ca. 420 elevar som ligg sentralt på Nærbø og 5 minutt gåavstand til togstasjon. Vi har kort veg til Jærmuseet og andre turområder som vi kan bruka i skulekvardagen

Me ønskjer oss rektorar som kan vidareføra arbeidet med eit inkluderande og trygt skulemiljø i samarbeid med heimane, i tillegg til å leia kollektive prosessar i implementeringa av både ny læreplan og nye muligheiter som læringsteknologien gir.

Me ønskjer oss ein leiar som
- kan leia kollektive prosessar og setja tydeleg pedagogisk retning
- har tydeleg og inkluderande leiarskap
- er opptatt av elevane si utvikling og at læring står i sentrum
- er oppteken av trygt og inkluderande skulemiljø
- er utviklingsorientert
- er fleksibel og har godt humør
- trivst saman med elevar, føresette og tilsette
- er aktiv bidragsytar i rektorkollegiet og i lokalmiljøet
- har gjennomføringsevne

Kvalifikasjonar
- godkjent pedagogisk utdanning
- ønskeleg med leiarerfaring
- leiarutdanning/eventuelt avtale om gjennomføring av minimum rektorskule 
- personlege eigenskapar vert vektlagt

Vi tilbyr
Konkurransedyktig løn
God pensjonsordning
Vi vil leggja forholda til rette for å kunna ta masterutdanning innan leiing
Eit positivt og utviklande leiarmiljø

Politiattest
Gyldig politiattest nyare enn tre månader må leveras før tiltreding.

Tilsetjingsvilkår
Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei pliktar som går fram av utlysinga, og dei til ei kvar tid gjeldande lover, reglement og tariffavtalar.  Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har prøvetid på 6 månader og reglar for flyttegodtgjersle.

Søknad sendast
Hå kommune oppfordrar alle til å søkja elektronisk på web www.ha.no/stilling. Ta kontakt på lonn@ha.kommune.no dersom du har vanskar med innlogging.

Om arbeidsgiveren

Hå kommune sitt administrasjonssenter ligger på Varhaug, 40 minutt med tog fra Stavanger. Kommunen har 18.500 innbyggere, og er i sterk vekst. Kommunen har velfungerende skoledrift, full barnehagedekning og gode helsetilbud. Dugnads-kommunen Hå har et rikt og variert kultur-, idretts- og organisasjonsliv, i tillegg til flotte tur- og friluftsområder fra hav til hei. Hå kommune sin visjon er: Me løfter i lag og Åpen, Driftig, Stolt er våre verdier. Vi ønsker oss kandidater som kan identifisere seg med vår visjon og våre verdier.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Antall stillinger
2
Sted
4365 Nærbø
Bransje
Offentlig administrasjon,
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Rektor / Ass. Rektor

Nøkkelord

Rektor, Leder

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Trond Egil Sunde
Stillingstittel
Skulesjef
Telefon
47 51 19 93
Følg firma
202 følger dette firmaet

4365 Nærbø

Annonseinformasjon

FINN-kode 141769352
Sist endret 5. mar. 2019 10:06

Rapporter annonse