Utløpt

Vil du bli vår nye kommunalsjef for Barn og unge i Klepp kommune?

Arbeidsgiver
Klepp kommune
Stillingstittel
Kommunalsjef Barn og unge
Frist
10.03.2019
Ansettelsesform
Fast

KOMMUNALSJEF BARN OG UNGE

Kommunalsjef for Barn og unge vil få ansvar for eit av dei største tenesteområda i Klepp kommune. Klepp kommune er i utvikling og det er særleg fokus på samhandling på tvers av fag og organisasjon.

Kommunalsjefen vil ha det overordna ansvaret for utviklinga av barnehagane, skulane og verksemdsområde oppvekst. Verksemdsleiarane for desse 3 områda inngår i kommunalsjefens leiargruppe.

Arbeidsoppgåver

Kommunalsjef inngår i kommunens leiargruppe og rapporterer direkte til rådmannen. Stillinga har ansvar for strategisk utvikling og drift inkludert:

  • Fagleg utvikling
  • Saksbehandling av politiske utval
  • Utvikling av tenesteområde i høve til intern organisering og kulturbygging
  • Personal- og økonomiansvar

Kvalifikasjonar

  • Høgare utdanning frå universitet eller høgskule i relevante fag
  • Relevant yrkeserfaring og relevant leiarerfaring og/eller leiarutdanning
  • Kan dokumentere gode resultat
  • Erfaring med endringsprosessar
  • God formuleringsevne på både nynorsk og bokmål; skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

Kommunalsjef for Barn og unge må kunne arbeide både strategisk og operativt. Stillinga krev høg arbeidskapasitet og kjennskap til samspelet mellom politikk og administrasjon. Kommunalsjefen må som leiar bidra til å byggja ein felles kultur for Klepp. Vi søkjer ein leiar som:

  • Er opptatt av å få tillit og gi tillit
  • Er samlande og synleg med fagleg integritet
  • Er robust og handterer å stå i kryssande interesser
  • Er handlekraftig og tålar å stå i omstilling
  • Er interessert i å skape utvikling og levere resultat
  • Er god på kommunikasjon og har evne til å byggje gode relasjonar
  • Er ein leiar med glimt i auget, humor og omsorg for kollegaer
  • Er undrande - som søker svar snarare enn å sitte på dei

Vi tilbyr

  • Spanande og utfordrande toppleiarstilling i Klepp kommune med mange dyktige og trivelege kollegaer
  • Meiningsfylte arbeidsoppgåver som påverkar utviklinga av lokalsamfunnet
  • Lønn etter avtale

Spørsmål om stillinga kan rettast til rådmann Torild Lende Fjermestad mob 957 60 797

Om arbeidsgiveren

Klepp kommune ligg midt på Jæren, 25 km sør for Stavanger. Landskap og natur er prega av jordbrukslandskap, mildt kystklima og lange flotte sandstrender. Tinghaug er høgste staden og ligg 102 m.o.h. Jordbruk, industri, privat og offentleg tenesteyting er hovudnæringar i kommunen som har omlag 19200 innbyggjarar. Me har eit rikt organisasjons-og kulturliv. Kommunen sitt administrasjons-og handelssentrum er Kleppe. Stavanger lufthavn, Sola, ligg få kilometer nord for kommunegrensa og Jærbanen går gjennom den austre delen av kommunen.

Nettverk
Facebook
Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
SOLAVEGEN 1, 4352 Kleppe
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk

Nøkkelord

Kommunalsjef, Politikk, Administrasjon, Kommune

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Torild Lende Fjermestad
Stillingstittel
rådmann
Telefon
95 76 07 97
Følg firma
243 følger dette firmaet

SOLAVEGEN 1, 4352 Kleppe

Annonseinformasjon

FINN-kode 140933458
Sist endret 27. feb. 2019 08:43

Rapporter annonse