Utløpt

I samband med oppretting av nytt TFCO-team i Bergen blir det ledig ei 100 % stilling som behandlingsleiar.

Arbeidsgiver
Barne-, ungdoms- og familieetaten
Stillingstittel
Leiar - Psykolog/psykologspesialist i TFCO team
Frist
24.03.2019
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med BUFETAT (Barne,- ungdoms- og familieetaten)
Kvalifikasjonskrav
  • Profesjonsstudiet i psykologi, norsk autorisasjon
  • Det er ynskjeleg med erfaring frå arbeid med barn/ungdom med åtferdsvanskar og arbeid med familiar
  • Det vert kravd grundig kjennskap til metodens teoretiske fundament, dvs. systemteori, kognitiv åtferdsterapi og sosial læringsteori
  • Erfaring frå arbeid etter metoden eller erfaring frå leiing av andre evidensbaserte tiltak vert vektlagt
  • Erfaring frå leiing er ynskjeleg, men ikkje avgjerande
  • Relevante IKT-kunnskapar
  • Fordel med erfaring frå barnevernsinstitusjonar
  • Søkjar må ha sertifikat klasse B og må kunne disponere bil i tenesta.

Vi tilbyr
  • Grundig opplæring i metoden.
  • Rettleiing i det kliniske arbeidet.
  • Fagleg oppfølging og utvikling.
  • Stillingane inneber ei unik mogleglegheit for grundig opplæring i ein behandlingsmodell som har vist gode resultat for ungdom med åtferdsvansker. Dei gir også moglegheit til å vere med å byggje opp eit behandlingstilbod i Noreg for ei krevjande målgruppe. TFCOteama mottar tett oppfølging og kvalitetssikring frå NUBU. Behandlinga foregår både poliklinisk og i heimen. Behandlingsleiar samarbeider tett med resten av behandlingsteam og andre instansar for å koordinere og målrette behandlinga.
  • Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ som 1493 leiar, kr 524 200 - 754 900 pr. år (ltr. 60 - 78).
  • Avlønning og stillingskode følgjer av utdanning og ansiennitet.
  • Medlemskap i Statens Pensjonskasse, jf. lov om Statens Pensjonskasse, som inneber ei god tenestepensjonsordning, tilbod om bustadlån til gunstig rente og yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
  • Tilgjengelegheit på telefon ut over normalarbeidstid og noko kvelds- og helgearbeid må påreknast.
  • Kompensasjonstillegg for tilgjengeleghet, beredskap og ubekvem arbeidstid.

Om stillingen
  • Leie og koordinere behandling for ungdommar og familiar i TFCO i samsvar med TFCO sine behandlingsprinsipp og praksis
  • Fagleg og personaladministrativ leiing av behandlingsteamet
  • Budsjettansvar
  • Leie og koordinere behandlinga for ungdommar og familiar i TFCO
  • Leie ukentlege behandlingsmøter og rettleiingsgruppe for behandlingsheim
  • Sjå til at ungdommens behandlingsplanar vert følgde og har oversikt over ungdommanes utvikling i behandlinga
  • Rekruttere og rettleie behandlingsheim
  • Ansvar for at TFCO sine kvalitetssikringsrutiner vert følgde, inkludert månadleg rapportering til NUBU Delta i TFCO-programmets kontinuerlege opplæring og fagutvikling 
  • Ansvar for dokumentasjon av teamet sin aktivitet og etterleving av regelverk
  • Kvalitetssikring
  • Ansvar for systemarbeid internt i organisasjonen og i høve til samarbeidsinstansar
  • Vere tilgjengeleg for alle involverte partar ut over normalarbeidstid
  • Utføre anna laupande arbeidsoppgåver 

Generelle opplysningar
  • Bufetat ynskjer å vere ein arbeidsgjevar som speglar mangfaldet i samfunnet og som utnyttar potensialet i dei samla kompetansane til befolkninga. Vi oppmodar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkja jobb hos oss. Bufetat jobbar for å realisera regjeringa sin inkluderingsdugnad om at 5 % av faste nytilsetjingar i staten skal vere personar med nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en.
  • Politiattest vert kravd framlagt ved tiltredinga, jf. lov om barnevern § 6-10 og forskrift om politiattest § 6. Denne attesten skal ikkje leggjast ved søknaden
  • Stillinga er for tida lagt til TFCO team Bergen
  • Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista, jf. lov om rett til innsyn i dokument i offentleg verksemd (offentleglova) § 25. 
  • Stillinga er nyoppretta og kan få endra arbeidsoppgåver i ein etat i vekst og endring.
  • Det vert god moglegligheit for personleg og fagleg utvikling.

Personlige egenskapar
  • Søkjarar må ha evne til å arbeide som ein del av eit behandlingsteam, ha ei tydeleg og samtidig fleksibel leiing, vere målretta, systematisk, god på å integrere informasjon frå ulike instanser og ha god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk.
  • Den riktige kandidaten trivst med å treffe krevjande avgjersler i ein travel kvardag.
  • Ein føresetnad for arbeidet er ynskje om, og mogelegheit til å kunne arbeide fleksibelt.
  • Det vil bli lagt avgjerande vekt på personlege eigenskapar og gode samarbeidsevner.

Kontaktinformasjon

Rebecca Ervik-Jeannin, TFCO konsulent ved NUBU tlf 94 866 857, epost r.j.ervik-jeannin@nubu.no

Avdelingsdirektør, region vest, Idar Krumsvik tlf 466 18 981, epost idar.krumsvik@bufetat.no

Søknad med CV sendes elektronisk via link på denne siden

Vitnemål og attestar med bekrefta storleik og lengde skal takast med ved eit evt. intervju.


Om arbeidsgiveren

Barne-, ungdoms- og familieetatens fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar og Bufetat Senter for administrasjon og utvikling rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og

Bufetat har oppgåver innan områda barnevern, familievern, samlivstiltak, ekteskapssaker, adopsjon, billighetserstatning, tilskottsforvaltning, ungdomsutveksling, ungdomsinformasjon og krisesentre. Bufetat er organisert i fem regionar med Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) som hovudkontor i Oslo. Bufetat er underlagt Barne- og likestillingsdepartementet. Bufetat, region vest femnar om fylka Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen.

Barne-, ungdoms- og familieetaten har eigne einingar som driv med Treatment Foster Care Oregon (TFCO), ein evidensbasert, tidsavgrensa og familiebasert behandlingsmetode for ungdom med alvorlege åtferdsvanskar. Metoden er utvikla som eit alternativ til institusjons- eller anna gruppebasert plassering. Ungdommen plasserast i ein behandlingsheim som mottar tett oppfølging frå behandlingsteamet. Det arbeidast samstundes med familie og øvrige relevante system rundt ungdommen.

Behandlingsteamet består av behandlingsleiar, familieterapeut, individualterapeut for ungdommen, ferdigheitstrenar for ungdommen og behandlingsheimskonsulent. Implementeringa av TFCO i Noreg vert leia av NUBU - Nasjonalt Utviklingssenter for Barn og Unge tilknytt Universitetet i Oslo i samarbeid med Barne-, ungdoms- og familieetaten. Behandlingsleiar og terapeutar er tilgjengelege for behandlingsheim, ungdom og familiar 24 timer i døgnet, 7 dager i veka. Tilgjengelegheit er regulert gjennom eigen avtale for TFCO og er godt økonomisk kompensert.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Strandgaten 59, 5004 Bergen
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Psykolog,
Ledelse,
Omsorg og sosialt arbeid
Følg firma
4303 følger dette firmaet

Strandgaten 59, 5004 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 140869356
Sist endret 21. feb. 2019 14:33

Rapporter annonse