Utløpt

Vil du vere ein del av vårt leiarteam?

Arbeidsgiver
Lindås kommune
Stillingstittel
Undervisningsinspektør ved Alversund skule
Frist
25.03.2019
Ansettelsesform
Fast

Alversund skule

Alversund skule er ein barneskule som ligg sentralt til i Alversund, ca 5 min frå Knarvik. Skulen har omlag 360 elevar, og 65 tilsette. Alversund Skulefritidsordning har for tida 140 barn og 20 tilsette. Ny Alversund skule med fleirbrukshall skal etter planen stå ferdig til skulestart hausten 2020.

 

Kort om stillinga

Vi har ledig to faste stillingar i 100% som undervisningsinspektør. Undervisningsinspektøren er ein del av skuleleiinga og arbeider til dagleg med å leggje til rette for undervisning og læring. Leiarteamet består av rektor, to undervisningsinspektørar og SFO-leiar.Stillingane er ledig frå snarast med oppstart innan 01.08.19.

 

Arbeidsoppgåver

I tillegg til leiaroppgåver og administrative oppgåver ligg det undervisningsplikt til stillingane på omlag 50 %. Som leiar på Alversund skule, får du eit heilskapleg ansvar for oppfølging av eige team, både med læringsarbeidet, utviklingsarbeidet og oppfølging av tilsette. Du deltar i skulen si utviklingsgruppe og deltar på kommunen sine skuleleiarsamlingar. Administrative oppgåver kan mellom anna vera oppfølging av elevsaker, IKT, timeplanar og innkjøp. Med to nye inspektørar vil det vere naturleg at vi ser på fordeling av administrative og leiaroppgåver når tilsetjingane er gjort, ut i frå kvalifikasjonar og erfaringar til inspektørane.

 

Kompetanse

  • relevant pedagogisk utdanning
  • arbeidserfaring frå barneskulen
  • leiarutdanning og leiarerfaring frå skule

 

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt. Vi søkjer etter strukturerte, fleksible og entusiastiske medarbeidarar med gode samarbeidsevne, innsatsvilje, gode faglege kvalifikasjonar og interesse for pedagogisk utviklingsarbeid. Du bør vidare ha god kjennskap til opplæringslova og avtaleverk, god skriftleg og munnleg formidlingsevne og gode kommunikasjonsevner opp i mot elevar, føresette og medarbeidarar.

 Framvisning av politiattest jf. opplæringslova.

 

Vi tilbyr

  • inspektørstillingar med leiaransvar på ein skule med eit engasjert og utviklingsorientert miljø
  • gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
  • lønn- og tilsetjingvilkår er i samsvar med lov- og avtaleverk

 

Søknad

Send søknad via vårt elektroniske søknadssystem.Dersom du har behov for hjelp med registrering, kontakt personalavdelinga.

 

 

Om arbeidsgiveren

Lindås, Meland og Radøy byggjer Alver kommune.Etter samanslåinga 1.1.2020 blir vi ein
av dei største kommunane i fylket med om lag 30.000 innbyggjarar og 2.500 tilsette. Kommunane våre ligg nord for Bergen, og har ein spennande og variert natur med alt frå lune fjordar og ope hav til høge fjellområde(tatt vekk tekst etterpå). Vi har verdas beste korps
og eit rikt kulturliv. Regionsenteret Knarvik ligg ca 30 min med bil frå Bergen sentrum.
Regionsenteret har god kollektivdekning via buss eller snøggbåt.Alver kommune har mål om å vere eit kraftsenter i regionen, og ein viktig samarbeidspart for bykommunen Bergen. Vi treng engasjerte og kompetente medarbeidarar - som vil oppleve at arbeidsoppgåvene og bidraget deira er meiningsfylt og del av eit viktig samfunnsoppdrag.

Nettverk
Facebook, LinkedIn
Sektor
Offentlig
Lederkategori
Fagleder
Antall stillinger
2
Sted
Nedre Alver 2, 5911 Alversund
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Inspektør

Nøkkelord

leiarteam, undervisning, utviklingsarbeid

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Monica Alice Svarstad
Stillingstittel
rektor
Telefon
40 06 31 83
56 37 52 95
Følg firma
66 følger dette firmaet

Nedre Alver 2, 5911 Alversund

Annonseinformasjon

FINN-kode 140715797
Sist endret 27. mar. 2019 00:15

Rapporter annonse