Utløpt

Prosjektleiar program for folkehelsearbeid

Arbeidsgiver
Kvam herad
Stillingstittel
Prosjektleiar program for folkehelsearbeid
Frist
03.03.2019
Ansettelsesform
Engasjement

Me søkjer ein engasjert prosjektleiar til utvikling av helsefremmande tiltak blant ungdom. Dette er ei 100 % stilling over 3 år, med høve til forlenging med atterhald om at statleg finansiering vert vidareført. Du vert tilsett i oppveksteininga i kommunen, og vil arbeida i tett samarbeid med folkehelserådgjevar, leiar for skule og barnehage samt oppvekstsjef.

Prosjektet vert gjennomført i samband med Nasjonalt program for folkehelsearbeid i kommunane. Frå 2019 skal Kvam herad saman med kommunane Voss, Granvin, Ulvik, Eidfjord, Ullensvang, Odda, Jondal og Samnanger samarbeida med Hordaland fylkeskommune og UiB (Hemil senteret) om å utvikla og gjennomføra eit prosjekt retta mot elevar i ungdomsskulen. Prosjektet inngår i ei viktig satsing på folkehelsearbeid i kommunen.

Målet med prosjektet er å letta på presset   for ungdom gjennom å auka deira involvering og engasjement i saker som opptek dei unge.  Juniorforskarprosjektet er eit verktøy for å involvera ungdom ved å gje dei ei tydeleg stemme og høve til påverknad. Prosjektet bygger på teorien om positiv ungdomsutvikling, som fokuserer på ungdom sine styrker, ressursar og moglegheiter for deltaking.
Den opphavlege ideen er utvikla i USA. I prosjektet skal me utvikla og tilpassa metoden til ein norsk ungdomsskulekvardag samt læra opp lærarar og elevar i bruk av metoden. Ungdommar skal medverka i alle fasar av prosjektet. UiB vil ha ansvar for å gjennomføra ei prosessevaluering.

 
Du må rekna med noko reising i arbeidstida, då prosjektet skal gjennomførast i alle deltakarkommunane. Du må derfor disponera eigen bil. 

   

Arbeidsoppgåver

Prosjektleiar vil få ansvar for å drifta prosjektet, følgja opp samarbeidskommunane, forskningsmiljøet/UiB, skular, fylkeskommunen og eventuelt andre. Ei viktig oppgåve vil vera å gjennomføra opplæring av lærarar samt bidra til gjennomføringa av juniorforskarprosjektet i skulen. Dette er ein spennande stilling for deg som er engasjert i og har kunnskap om folkehelse, ungdom, psykisk helse, førebygging og helsefremmande arbeid. Medverknad frå ungdom og samarbeid med skular er sentralt i prosjektet. 

  • Ansvar for planlegging og gjennomføring av programarbeidet
  • Utvikla prosjektet i tråd målsettingane i program for folkehelsearbeid.
  • Ansvar for fortløpande prosjektstyring og framdrift
  • Sørgja for godt samarbeid med dei andre deltakar kommunane
  • Sikra godt samarbeid og god dialog med UiB (Hemil senteret) og Hordaland fylkeskommune

Kvalifikasjonar

Relevant utdanning på høgskule/universitetsnivå (samfunnsfag, helsefag, undervisning o.l), fortrinnsvis på mastergrads-/hovudfagsnivå
Ønskjeleg med erfaring frå leiing av prosjektarbeid og tverrfagleg arbeid                                                                                                                                                                                 Fordel med erfaring frå arbeid med ungdom, arbeid i skulen og folkehelsearbeid

Personlege eigenskapar

Gode samarbeidsevner og kan driva utviklingsprosessar på ein motiverande måte
Sjølvstendig og strukturert  med evne til å inspirera, tenkja nytt og jobba målretta
Løysningsorientert og med god gjennomføringsevne
Initiativrik og god kommunikasjonsevne, relasjonelt, skriftleg og munnleg  
Stort engasjement for barn og unge 

Vi tilbyr

Ei spennande stilling der du får brukt engasjementet og kunnskapen din om ungdom, folkehelse og helsefremmande arbeid.                                                                         Tverrfagleg samarbeid med ulike faggrupper og ungdom                                                                                                                                                                                                             Lønn etter avtale                                                                                                                                                                                                                                                                            Gode pensjons- og forsikringsvilkår

Generell informasjon:

Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad er ein inkluderande arbeidslivsbedrift (IA) og ønskjer å leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta.
Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.  

Om arbeidsgiveren

Kvam er inngangsporten frå Bergen for alle som ønskjer å oppleva Hardanger. Berre ein times køyring via Kvamskogen - eit område for aktiv fritid både sommar og vinter, ligg kommunen ved Hardangerfjorden. Me har eit variert næringsliv med jordbruk, industri og handel. Kopla med eit rikt kultur og organisasjonsliv gjev dette eit mangfaldig og levande samfunn for dei 8500 innbyggjarane våre. Me har eit godt utbygd skuletilbod med to vidaregåande skular. Norheimsund er regionsenteret i kommunen og vart i 2013 tildelt Statens pris for attraktiv stad . Her kan du oppleva bygda med bypuls , handlegate, strandveg og bystrand.  Les meir

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Prosjektledelse

Nøkkelord

Folkehelse, Engasjert, Motivator, Samarbeidsevne, Utviklingsprosessar

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Astrid-Anett Steine
Stillingstittel
Oppvekstsjef
Telefon
99 42 86 06
Kontaktperson
Reidun Braut Kjosås
Stillingstittel
Folkehelserådgjevar
Telefon
91 73 75 15
Følg firma
50 følger dette firmaet

Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund

Annonseinformasjon

FINN-kode 140635709
Sist endret 18. feb. 2019 13:00

Rapporter annonse